fredag 15. juni 2007

Birtes Haugesund

I dag var skuledagen minimal og den einaste grunnen til at me måtte møte opp var for å vite om me kom opp i matte eller naturfag i munnleg eksamen, men me kom ikkje opp i noko ting, så skuledagen var over rundt... kvart på ni. (Me byrja 08.05 som vanleg.) Så sat eg og venta på at mamma skulle kome og hente mediatinga mine, lærebøker og slikt, så eg prata med Alice og Siri som skulle ta buss opp til Amanda. Mamma var treig (nothing new there), men kom endeleg kvart på ti, på same tid kom bussen til Alice og Siri og då eg hadde sett at dei var trygt på veg, gjekk eg ned til sentrum.

Kva skulle eg vel finne på? Sure, eg kunne ha sendt SMSar til nokon og fått selskap, men nei, i dag skulle eg finne mitt eige Haugesund. Birtes Haugesund (og nei, s-ending er eigentleg ikkje lov i nynorsk, men det er så stress å skrive Birte sitt Haugesund. Eller, det høyrest ikkje like kult ut.).

Så, let's see, kva inngår i Birtes Haugesund? Me har kaien, sjølvsagt, der eg sat på ein benk og las ferdig April i Paris av Michael Wallner. Veit ikkje heilt om eg likte den, vart litt lei av skrivemåten hans til tider, men ei heilt grei bok. Eg sat tydelegvis der alle som skulle ta båten til Stavanger skulle vente på den, så eg fekk sjå dei gå ombord på den kule båten som har oversatt gangvei med gangway. Som forresten er heilt korrekt, men grunna ein spasertur i mai så har det skiltet fått ei større tyding. Og eg tok bilete av det med kameraet mitt, som eg hadde med for dagen.

Det mest vesentlege med Birtes Haugesund er å unngå standardvegane (meaning hovudsakleg Haraldsgata). Strandgata er grei, men ikkje så veldig spanande. Nei, småvegane som eigentleg berre går til hus er definitivt dei beste. Eg var og såg på husa til meg og Valerie, brua og alt. Hestaleite 11 med det søte inngangspartiet, tok nokre svingar i bildekkføysa på leikeplassen der, men eg følte meg litt spionert på, så eg gjekk vidare.

For alle interesserte og uinteresserte, så er Karmsundsgata ganske kjip å gå langs. Dårleg fortau (i alle fall på høgre side, når ein skal inn til byn) og lite å sjå på. Men dei to nedgrodde benkane var søte, så dei skal få vere med i Birtes Haugesund.

Hasseløy! Eg kan ikkje gløyme Hasseløy. Ei lita perle, berre ei bru borte. Åh, det var så vakkert og idyllisk der, sjølv om mange av husa var ganske øydelagte og malinga vart putta på for hundre år sidan. Eg har funne meg eit nytt hus å bu i: Losgata 34.

Og eg fekk sett eit anna hus på nært hald, villaen til 6,5 millionar. Den hadde nokre rare vindauge, men det var veldig tøft. Øvregata 226 ftw!

Og, eh, denne presentasjonen av Birtes Haugesund vart ganske dårleg og ukomplett, men eg får heller kome tilbake til dykk.