søndag 25. januar 2009

La Vie en Rose


I det minste slutta eg av med stil. Etter å ha sletta alle spor, gjorde eg nokre tastetrykk og Édith Piaf fylte rommet med La Vie en Rose, som ein hyllest du ikkje fortener. Eller gjer du det? Eg er ikkje sikker på noko som helst lenger, og samtidig som Diana Krall syng If I Had You, tenkjer eg at akkurat no sit du kanskje inne i huset ditt, som faktisk er mora di sitt, eller går ein tur langs strandkanten, og at du er geografisk sett nærmare besteforeldra mine enn eg, der morfar er lagt inn på sjukehuset og vert skanna. Ein CT-skan, tippar eg. Så lurer eg på om du framleis har gåvene i hylla du fortalte meg om, eller om alt er kasta, og om namnet mitt står skrive på nokre av tankeflugene dine, fordi det har eg rett til, har eg ikkje? Eller er eg borte for godt? Det er noko med det uttrykket ”Ut av syne, ut av sinn.”, men hugsen min er så hjarteskjerande god at ingenting vert nokosinne ut av syne for meg. Sjølv barnetraume eg meir enn gjerne skulle ha sletta. Dei kryp innpå meg og overfell meg i blant. Kanskje ein av dei gongene når eg plutseleg sluttar å le, eller stirar rett fram og ikkje møter blikket til venene mine. Det er sjeldan dykkar feil, vit det.

Og eg tenkjer at alt gjer så vondt, med andre ord repeterande tankar, men det er lettare slik. Å ha repeterande tankar, slik at eg ikkje treng finne opp nye svar, fordi det klarer eg ikkje.

Eg lo i dag, i to samanhengande timar, fordi Eddie Izzard er ein sexy gud og eg skulle gjerne ha kyssa han, men ikkje meir enn eg lengtar etter å kysse mannen som får meg til å smile. Eg lo, og eg analyserte ikkje kvifor eg lo, eller stoppa opp for å seie til meg sjølv at eg burde slutte, at det var litt patetisk å sitje og le for seg sjølv. Og etter å ha ete middag fyrte eg i omnen, fordi foreldre likar å kome heim til eit varmt hus. Så lèt eg Denne uro fylle heile huset medan eg dansa ein einsam vals i stova, og lengta etter å ha smilemannen til å danse med, eg trur han er flinkare enn han sa. Eg tenkte kor vedunderleg flott det hadde vore, å danse med han, halde rundt han og sleppe meg fri. Danse inn i ei lukkeleg æve, med varme kyss og høgtlesing av utdøydd poesi, før han legg meg ned på golvet og seier at eg er vakker når eg gret. Det må vere herleg å vakne opp med nokon ein elskar ved sida av.

onsdag 21. januar 2009

mandag 19. januar 2009

The Crying Light

Eg elskar Antony and the Johnsons. Eg veit ikkje kor mange år dei har vore yndlingsbandet mitt no, and I don't know if I care. Fyrste gongen eg høyrte om dei, var då Antony himself var gjest hjå Fredrik Skavlan, i dei gode, gamle Først og Sist-dagane. I dag vart det nyaste albumet deira; The Crying Light, utgitt, og sidan eg hadde eit Platekompaniet-gåvekort å svi av, gjekk noko av det til det. Resten gjekk til heile fire filmar; Chitty Chitty Bang Bang (eg insisterer framleis på at barnefangaren i den filmen er den skumlaste karakteren som finst!), Eddie Izzard - Dress to Kill, Elizabeth I (miniserien med Helen Mirren) og Sabrina (den gamle versjonen, med Audrey Hepburn, Humphrey Bogart...). Om ikkje det var nok, hadde eg eit Steen & Strøm-gåvekort på 300 som dekka nesten halvparten av dei to nye kjolane mine. Altså, eg skulle eigentleg ikkje bruke noko av mine eigne pengar, men eg klarte ikkje velje, så eg tok begge to. Spontant og herleg!

I tillegg fekk eg byta ei Body Shop-julegåve inn i andre kjekke Body Shop-ting, blant anna bringebærdusjsåpe!


Og så har Val sagt at eg må svare på denne surveyen:
01. What are you listening to right now?
- Antony and the Johnsons - Her Eyes Are Underneath The Ground

02. What's your favourite number?
- 9.

03. What was the last thing you ate?
- Corn, soy sausages and spelt spagetti.

04. If you were a crayon, what color would you be?
- Burgundy or dark blue.

05. How is the weather right now?
- Windy.

06. Who was the last person you talked to on the phone?
- Val.

07. The first thing you notice about the opposite sex?
- Their eyes/face.

08. Do you have a significant other?
- Yes, my husband.

09. Favorite TV-show?
- ER.

10. Siblings?
- Alive: two brothers, dead: one sister.

11. Height?
- I'm not sure anymore, 173-74-75?

12. Hair color?
- Dark blonde.

13. Eye color?
- Bluegreenish.

14. Month?
- April, July and September.

15. Have you ever cried for no reason?
- Yes.

16. What was the last movie you watched?
- The Great Gatsby.

17. Are you too shy to ask someone out?
- No.

18. Can you do a headstand (not using the wall)?
- No.

19. Do you want your friends to do this survey?
- Sure.

20. What books are you reading?
- Johan Harstad - Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?

21. Piercings?
- One in each ear.

22. Favourite movies?
- A Star is Born (1954), Bobby, The Bridges of Madison County, Crash, De-Lovely, Falling In Love, The Hours, The Human Stain, La Vie en Rose (La Môme), L'Enfer, Le Fabuleux destin d'Amélie Poulain, My Life Without Me, Stranger Than Fiction...

23. What were you doing before this?
- Brushing my teeth.

24. Favorite flower?
- Carnations.

25. Have you ever fired a gun?
- Not a real one, no.

26. Do you like to travel by plane?
- Yes, I love looking out at the sky and the clouds.

27. How many pillows do you sleep with?
- One.

onsdag 14. januar 2009

Pity party

No har eg nettopp returnert til min særs gode kontorstol etter å ha stått på kjøkenet i 60+ minutt for å bake rundstykke, slik at eg kan lage meg nistemat eg faktisk ikkje er allergisk mot. Det følest som om eg er allergisk mot alt som er laga av fabrikkar, og det er faktisk ikkje langt i frå. Eg reagerer til og med på produkt som er i allergiseksjonen (vel, meir korrekt; hylla) på daglegvarebutikken.

Elisabeth har spurt meg fleire gonger om eg kan lage ei liste over alt eg ikkje tåler, og sidan det sikkert er utruleg interessant å lese, eller dersom de i framtida får lyst til å forgifte meg;
- Alt som står lista opp under frukt på denne nettsida, utanom ananas, banan, druer og sitrusfrukt
- Bjørkepollen
- Couscous
- Egg
- Graspollen
- Lauk (men eg kan som regel ha purre)
- Lys pasta og ris (må helst vere speltpasta, og gjerne fullkornris eller naturris, sjølv om det ikkje fungerer heilt heller)
- Kveitemjøl
- Mandler
- Mjølkeprodukt
- Nøtter
- Potetskrell
- Rå grønsaker

Og for å gjere alt mykje lettare for meg sjølv, et eg ikkje kjøt, berre sjømat...

EDIT: Sidan 10.10.09 har eg vore fullt ut veganer, og det følest herleg.

(...)

In closing kan eg fortelje at rektor er rar, då dei tilsette kom ut frå auditoriet etter å ha hatt møtet sitt (eg må sitje og vente fordi bussen min går ikkje før ti/fem på halv fire), stoppa han opp og såg på meg litt lenger enn det som er rekna som vanleg i mellom to som eigentleg ikkje kjenner kvarandre, og sa så (med ein vakker kunstpause); "Og elles går det bra..?" Etter dette kom den syngande norsklæraren og sjekka ut beina mine/meg, noko som var... småekkelt.

onsdag 7. januar 2009

Namnedag

I dag er det den 7. januar, og alle som heiter Eldbjørg og Knut har namnedag. Logisk nok sendte eg difor ein mail til Knut Nærum og gratulerte han med namnedagen (samt gratulerte ein av dei kontortilsette på skulen):

"Hei Knut,
gratulerer så mykje med namnedagen! (Kjenner du nokon som heiter Eldbjørg? Og har du ei god forklaring på at de deler namnedag?)


Mvh.
Birte *. *******
(som for augeblikket les De dødes båt)"


Og han svarte! :D

"Takk for det, Birte!

Jeg kjenner til illustratøren Eldbjørg Ribe, dessuten har jeg en søster som heter Eldri, og nærmere kommer jeg sannelig min hatt ikke.

Kn"

*heart*