tirsdag 28. desember 2010

Eg drøymte om deg i natt, for fyrste gong på over eitt år var mørkret dedikert til deg, og eg lurte på korleis det hadde vore å dele livet med deg. Faktisk dele det. Fifty-fifty. Der alle tårene var våre, og ikkje mine. Og der smila mine var ekte sjølv når du ikkje var der.

Eg dveler ved kjærleiken. Ser deg, men prøver ignorere, fordi eg må vidare.

Men du skjuler deg framleis i bølgjene og kafékrokane, og eg tar meg sjølv i å tenkje at dette skulle eg så inderleg gjerne ha delt med deg. Dette livet. Desse dagane. Desse draumane. Der du sit alvorleg i uniform og får ikkje sagt eit ord. Tar stumt i mot ordre, og eg vil halde rundt deg, men du sit fast der på lerretet, kjære Benjamin. Troppene har dratt og du er åleine i den mørke kinosalen, med barrikaderte dører.

Ingen har fortalt deg at krigen er over.

tirsdag 21. desember 2010

Ei julehelsing

Eg likar å vere nyfiken, å undre meg over korleis ting fungerer. Bevare noko av det barnlege.

Eg skjøner ikkje korleis musikk kan hamne på plater eller i datafiler. Eg veit teknologien, men eg skjøner det ikkje. Det, og liknande fenomen, er mirakel i mine auge, og eg er evig takknemleg for dei.

Det er viktig å vere takknemleg, same om det er små eller store saker. Å framleis kunne verdsetje noko ein har hatt i livet sitt over lang tid. Å sjå ut på landskap ein har sett nærmast dagleg som om det er heilt nytt for ein. Og i blant opplever ein noko ekstraordinært, og ta vare på dei stundene, men ikkje la dei ta over. Ikkje gløym at sjølv det du reknar som ordinært vil for andre vere ekstraordinært. Eit glas vatn, gode foreldre som er glad i deg. Fri vilje. Ytringsfridom.

Så tenn eit stjerneskot, tenk ein fin tanke, send varme ord. Sei til dei du elskar kva du føler om dei, og ha ei vedunderleg jul fylt med fine folk, god mat og drikke, og mykje, mykje kjærleik.

God jul, elsklingane mine!