mandag 29. august 2011

It was the best of times, it was the worst of times

Eg plar vanlegvis ikkje lage innlegg om ting eg har kjøpt, men i dag har eg gjort så mange fine funn at det verkar tullete å la vere.

Etter å ha vore på førelesing om antikkens teater, møtte eg Nøve som eg ikkje har sett i heile sommar. Nøve skal dra til Japan om mindre enn ei veke, og difor hadde eg laga nokre mikse-CDar til henne. Seks stykk, for å vere eksakt. Eg har ikkje bilete av CDane eller korleis dei såg ut etter eg hadde pakka dei inn, men ho tok bilete av dei før/medan ho pakka opp og kjem kanskje til å dele dei på bloggen sin seinare(?). Kvar CD hadde eit tema/ein tittel, og dei var: The Trick is to Keep Breathing, September - to build a home, October - hot chocolate, November - heartbreak, December - gifts & fireworks og January - new year, new opportunities.

Nøve hadde bursdag tidlegare i august, så mi forsinka gåve var å spandere kinobillett på henne og då såg me sjølvsagt Harry Potter om igjen. Eg hadde litt for mange andre tankar i hovudet mitt til at eg byrja gråte, men eg fekk gåsehud minst like mange gonger som då eg såg han på premieren. Fine, fine Snape.

Funna mine for dagen er to nydelege glas frå Kremmerhuset:


Og to DVDar (100 kr. kvar), samt fem fantastiske bøker til 39 kr. per stykk (eg har framleis ikkje kome meg til Outland, desse kjøpte eg på Norli), der den eine boka har eit av dei finaste omslaga nokosinne. Det kan òg leggjast til at eg veit ikkje om Leaving er bra, men eg set min lit til Kristin Scott Thomas og traileren eg har sett:






(Det finst grenser for kor mange gonger ein kan høyre opningslinjene til A Tale of Two Cities verte sitert, før ein faktisk kjøper/les boka.)

søndag 28. august 2011

Festivalfilmar

I ei vekes tid har eg tatt del i filmmagi. Eg har tatt i mot superviktige folk eg ikkje veit kven er og folk som synest dei er superviktige, men som må ta festivalbussen i staden for å få privat bil. Eg har smilt til regjeringsmedlem og site i same bil/buss som produsentar, regissørar og skodespelarar. Filmmagien vart avslutta på torsdag med Oslo, 31. august og middag med prisutdeling på Rica Maritim, og dersom ein reknar dei fire kortfilmane eg såg som éin, så har eg sett 15 filmar i løpet av festivalen. Med tanke på at desse filmane ikkje har fått vanleg premiere enno, tenkte eg at eg kunne liste opp filmane eg har sett og trekkje fram nokre eg særleg vil anbefale. (På lista er det 14, fordi den femtande var Bram Stoker's Dracula frå 1992.)


Filmar:

Crazy, Stupid, Love

Eldfjall: Nydeleg islandsk film om ein gammal vaktmeister som finn mest glede når han er ute og fiskar. Etter eit mislykka sjølvmordsforsøk og ei livsendrande hending, byrjar han å sjå på livet med nye auge. Filmen fokuserer på karakterane og er sterk og sår, men på ein roleg og nedtona måte.

En enkel till Antibes: Svensk og søtt om ein gammal mann som tar hoppet og skal prøve finne tilbake til ein tidleg flamme. Eg syntest slutten var litt i overkant enkel, men det er ein veldig fin og koseleg film (og så vert det alltid ekstra stas når produsenten, regissøren og hovudrolleinnehavarane sit i publikum).

Labrador

La guerre est déclarée (Declaration of War)

Les petits mouchoirs (Little White Lies)

Ma part du gâteau (My Piece of the Pie):
France prøver å ta livet sitt etter å ha mista jobben, men får ein ny sjanse når ho får jobb som hushjelp hjå ein rik forretningsmann i Paris. Dei to utviklar eit veldig nært forhold og byrjar lære av kvarandre, heilt til France får vite noko som endrar alt. Eg er usikker på slutten på denne òg, sjølv om eg skjøner kva dei ville oppnå, men det er ein god film om klasseforskjellar, den økonomiske situasjonen i Europa/verda, og kor langt ein er villig til å gå for pengar.

The Mill and the Cross

One Day

Oslo, 31. august:
Typisk norsk film i den grad at han er meir karakter- enn handlingsdrive. Eg vil ikkje seie for mykje om handlinga med fare for å avsløre for mykje, men me fylgjer hovudpersonen Anders, ein narkoman som har vore gjennom behandling for å verte rein, gjennom eit døgn i livet hans medan han blant anna oppsøker gamle vener og går på jobbintervju. Dette er ein film som sit i deg i mange timar (eller kanskje dagar, veker, månadar...) etterpå, og for meg (og sikkert mange andre) vart han veldig nær og sår fordi eg kjenner nokon som slit med rusproblem. Nydeleg filmteknikk og musikk, og med linjer som går rett til hjartet.

Pushwagner:
Det einaste problemet eg hadde med denne var at han slutta for fort. Filmen treng eg vel ikkje seie så mykje om? Dokumentar om Hariton Pushwagner (Terje Brofos) der filmskaparane har fylgd han gjennom tre og eit halvt år og har korta ned over 100 timar med materiale til ein film på ein og ein halv time. Diskusjonen/spørsmålet om kven som har kontroll vert leika med gjennom heile filmen på same måte som Pushwagner leikar med røyndsoppfatning, og det er ikkje alltid like lett å vite kven det er som faktisk har regien, men det er utruleg spanande å vere med på karusellen.

Sandheden om mænd:
Dansk og søtt om menn. Vil ikkje påstå at eg skjøner det motsette kjønn noko meir etter å ha sett filmen, men det var underhaldande, spesielt fordi filmen sin hovudperson er manusforfattar og difor stadig kommenterer filmklisjear og dramaturgioppbyggjing i handlinga. Var veldig deilig å kunne sjå denne blant alle dei dramatiske og vonde historiene som vart eksponert under festivalen.

Tysta leken:
Svensk og sterkt om fortid, notid og framtid, og korleis tilsynelatande totalt forskjellige menneske likevel kan finne saman. Tre kvinner har fått beskjed om at dei har arva huset til ei dame ingen av dei kjente, og dei møtest for å prøve finne ut kvifor dei har vorte ført i lag. Og meir enn det skal eg ikkje seie, anna enn dette: GÅ OG SJÅ DENNE FILMEN. Ver så snill, sjå han. Av alle filmane eg har sett i løpet av festivalen gjorde denne mest inntrykk, så berre gjer deg sjølv ei teneste og sjå han.


Kortfilmar:

Alien Repairguy:
Søt.

Helt Kongle:
Tankevekkjande.

Levis hest:
Sår.

Sult (2011):
Ok.

Another world

Var du ekte? Eg kjente det lette sløret stryke over kinnet mitt, såg korleis du forsvann i ein draum av raud silke mellom trea som skil oss.

Saknar korleis huden din kjentest. Saknar dei mjuke tonane frå eit bekymringslaust smil som låg ved sida av meg.

Kan framleis føle deg, føle rørslene dine og korleis rommet vart då me delte same luft. Kan føle hendene dine mellom beina mine og korleis du smakte då eg kyssa deg på høgre skulder.

Dette er så nytt for meg, skjøner du. Eg er vant med lange turar og varme klemmar; glør som ulmar, men aldri tar fyr.

I know you're not mine to keep, but I hope it's still okay that I miss you.

fredag 19. august 2011

Filmfestivalkjærleik


Eg veit ikkje kor mykje de får ut av det biletet her, men det er altså det som var igjen etter det to timar lange seminaret til manusforfattaren James V. Hart (som blant anna har skrive Bram Stoker's Dracula frå 1992 og August Rush frå 2007).

I desse dagar er det nemleg internasjonal filmfestival i Haugesund, og eg jobbar som frivillig. Noko av det beste med å vere frivillig er at festivalpasset har namnet mitt på, og så lenge eg ikkje er på jobb, har eg moglegheit til å få med meg så mange arrangement som eg vil/orkar. I dag har eg til dømes fyrst sett framsyning av Bram Stoker's Dracula med introduksjon av James, før eg gjekk på seminar og høyrte han snakke om korleis ein kan skrive manus, og kva prosess han sjølv går gjennom. Filmen han tok utgangspunkt i var overnemnte, sjølv om han faktisk ikkje hadde utvikla denne særskilte skriveteknikken før to år seinare. Ideen bak systemet hans fekk James då han var hjå legen og sjekka hjartet sitt. Medan han studerte hjarterytmen sin på monitoren, lurte han på korleis hjarterytmen hans såg ut medan han såg film (avhengig av handlinga), og om det var mogleg å strukturere eit manus/ein film ut i frå det.

Det var kanskje ikkje alt eg var hundre prosent einig i, men det var likevel utruleg fascinerande å høyre han snakke, og dei to timane flaug forbi. Det kjekkaste var moglegvis historiene han hadde å fortelje om Gary Oldman (som spelte Dracula); Gary verkar fantastisk.

Etter seminaret var over gjekk eg bort til James for å få programmet mitt (meir som eit førelesingsnotat) signert, og for å takke han for at han delte alt dette med oss, men før eg fekk takka han, takka han meg! Han sa at gjennom heile seminaret hadde han sett at eg sat og nikka og smilte, og det hadde vore skikkeleg oppmuntrande for han.

I kveld har eg sett filmen En enkel till Antibes som eg vil anbefale til alle, rett og slett. Fantastisk film! Og noko av det beste i verda er å sjå film på Filmfestival når ein har produsent, regissør og hovudrolleinnehavarane i publikum, fordi når filmen er over tar alle til å klappe og plutseleg går lyset på og alle har reist seg og gir ståande applaus, og dersom ein kikkar rundt finn ein både tidlegare medielærarar, ein ordførar med kone, skodespelarar og avismeldarar.

Eg elskar Filmfestivalen!

tirsdag 16. august 2011

I dag/Today

I dag har eg site i ro medan alle andre har gått forbi. Har sett hundrevis av liv flyte forbi medan Joe Cocker har sunge at alle bør kome saman. Saman er me sterke, og så vidare. Eg håpar menneskeflokken høyrer på han, sauer har ein tendens til å dilte etter feil leiar.

I dag har eg site og sett på to gamle haugesundsbygg eg har snakka om heile sommaren. Dei eg har peika på der på svartkvittbiletet og fortalt turistane at ja, bygga står der enno, men all marka oppforbi er full av hus no, og det er jo berre hundre år sidan det biletet vart tatt.

I dag har eg gått frå jord til himmel til steinar til sukkerspinnskyer, og eg lurer på om eg skal starte mitt eige parti no som det nærmar seg val.

Presenting Føysepartiet: Alt me vil er å få føyser (disser/husker) i kvart nabolag, og at alle skal behandle kvarandre med kjærleik, respekt og toleranse. Og så hadde det vore fint med ein nasjonal cupcakedag.

mandag 15. august 2011

Fine ting i kvardagen

♥ å lese bok på kafé

♥ å høyre ein gammal venegjeng snakke om dei dei har mista og le når dei mimrar tilbake til alt dei fann på som unge

♥ to tenåringsveninner som nettopp har vore hjå frisøren og sjekkar korleis dei ser ut ved kvar moglegheit

♥ ein som har kjøpt seg cappuccino for å verke vaksen, men alt han eigentleg vil ha er skummet

♥ koselege legar

♥ ein lege som stråler når han fortel om seglflyet sitt

♥ å gå på infomøte om Filmfestivalen, der du skal jobbe

♥ å få flashback etter flashback og berre smile

♥ å ha fått tilbake hårfargen "sin"

♥ å late som ein lever på 30-talet

♥ å halde døra open for gamle damer

♥ når det er så lenge sidan sist du høyrte på eit band at du har gløymt ut kor geniale dei er, men du hugsar framleis tekstane (Garbage ♥)

♥ å kjøpe CD av mannen med hatt

♥ å drøyme seg bort

♥ å møte på ein tidlegare lærar som meiner du bør besøke Cambridge, fordi han trur du hadde likt deg der

♥ at enkelte songar vert spelt på radioen uansett kor gamle eller bra/dårlege dei er, berre fordi det er sommar (Blir du med og lyser etter krabber? For krabber er det beste jeg vet)

♥ når du tenkjer over kor mange du har i livet ditt som hadde gitt deg ein klem akkurat no, hadde dei vore der du er

søndag 14. august 2011

An introduction

I'm the girl who cries at funerals even though I didn't know the person that well.

I'm the girl who constantly tries to see the positive in things, but I fail because I have too many emotions overwhelming me and the positive tends to disappear in a snow storm.

I'm the girl who shouldn't stay at home for too long, because my mind turns toxic.

I'm the girl who'll love you and miss you even though you don't feel the same way.

I'm the girl who won't believe you when you pay me a compliment, but I still need to hear it.

I'm the girl who'll fall for a fictional character and love him with all my heart, but I'll still have room for more.

I'm the girl who trusts her gut, and if you make me feel safe I'll trust you as well.

I'm the girl who's romantic and a bit naïve, but I'd rather be those things than a cynic.

I'm the girl who wants to change the world with words.

I'm the girl you keep leaving.

lørdag 13. august 2011

What I did for love

Det viste seg at det var den same mannen, berre i forkledning. Var vanskeleg å kjenne han igjen så lenge han brukte den hatten og snakka med engelsk aksent.

But I won't regret what I did for love.

onsdag 10. august 2011

Om endorfiner

Når du kjenner endorfiner strøyme gjennom kroppen og hendene vert kalde, og det er ikkje han, det er ein ny, fin mann med hatt og engelsk aksent som speler piano og har ein stemme som kan redde verda. Og kanskje det ikkje vert noko meir enn berre den samtalen, men på eit merkeleg vis gjer det godt å vite at andre kan få deg til å verte kald og lukkeleg på same tid.

Når du smiler i omtrent sju timar i strekk fordi menneske er så utruleg fantastiske, og du får besøk av tidlegare lærarar som gir deg klem etter klem og du tenkjer at slik burde kvar dag vere; full av klemmar.

I morgon skal du vere ein i mengda, ein på kaien som vandrar frå bod til bod og drøymer seg bort, og så skal du på konsert og sjå om du får snakke med mannen med hatt igjen. Og om du ikkje får det, er det ikkje verdas undergang, fordi du dansar til din eigen melodi og hjartet ditt brenn i det stille.

torsdag 4. august 2011

Eg minnest

Du spelte meg bort til ukjente land eg møtte i blikket ditt. Rundt meg omfamna sonetter wienervalsar medan dei høge klangane frå cembaloen måtte ta til takke med ein svulstig Paiksolo.

Tonane marsjerte inn i natta med gløymte komponistar på slep i ei congalinje som enda med handa mi i di, håret ditt mellom fingrane mine, kyssa våre midt i blant oss, der me låg så nær kvarandre at eg ikkje visste kvar ditt andedrag byrja og mitt slutta.

Du var songen eg aldri heilt fekk til, då E-strengen rauk og eg stod hjelpelaus igjen. Klarte ikkje fylgje rytmen din. Men eg minnest dei gode dagane då me hadde samspel og bogane våre laga dei same linjene på himmelen, der me skreiv koda meldingar til kvarandre som berre me forstod. Eg minnest solstrålene på vassoverflata og fingrane dine som forsiktig førte kvarandre over huden min til lyden av bølgjebrus og ein dempa Chopin.

Og mest av alt minnest eg måkeskrika og varmen eg kunne lese i auga dine.