fredag 28. oktober 2011

Om tårer og bursdagsgåver

I blant gret eg tårer som byrjar i magen, dei ligg der som ein klump som vrir og vendar på seg, knyt seg saman og prøver å knekke meg, og så kjem dette salte og våte nedover kinna mine, dette som eg kjenner så godt, men som eg aldri heilt har forstått.

Det er nemleg ikkje alltid så lurt å sjå intense, fragmentariske filmar rett før det er meininga at ein skal leggje seg, det fører som regel til at ein ikkje legg seg i det heile tatt - må finne noko anna å fylle hovudet med - og så sit ein heller og oppdaterer ynskjelista si på Listography og har ein samtale på Facebook med ho som gir dei beste klemmane.

Eg kjøpte bursdagsgåve til ho eg skal feire i kveld, ho sa ho ikkje ynskja seg noko, men eg klarer ikkje møte opp utan å ha noko med og det er så kjekt å kunne glede nokon.

Kanskje eg skal prøve å sove snart. Det er djeveltimen no, veit de. Alt kan skje når det er djeveltimen.

tirsdag 25. oktober 2011

Fine ting på ein tysdag

Når du står og lagar middag og plutseleg byrjar å smile, eit slikt skikkeleg breitt smil som gjer godt heilt ned i magen, fordi du er i leilegheita di med nye glaskrukker frå Søstrene Grene som skal få ny te oppi seg som du kan røre rundt i med ei av dei nye skjeiene som du kjøpte åtte av, fordi du ville ha ei i kvar farge.




Når du går frå førelesinga og må stoppe opp og ta nokre bilete, fordi haustlyset er så nydeleg og alle fargane er slik som verda er i hovudet ditt.


Når du får invitasjon til ei bursdagsfeiring på fredag og du gler deg.

Då er det fint å leve.

Og på slike dagar er denne songen ekstra kjekk å høyre på med så høgt volum som mogleg:

lørdag 22. oktober 2011

Oktobermorgen

En halvdrukken kald kopp te på et støvete loftsgulv en tidlig oktobermorgen, lyset glimter så vidt gjennom gardinene og avslører dine bare skuldre og den høyre armen din som møter dagen med gåsehud. Jeg løfter dynen forsiktig for å dekke deg til, men stopper i det jeg igjen faller for krumningen i ryggen din og tar til å telle fregnene dine for fjerde gang siden vi møttes forleden dag. Du gikk ned gaten forbi der jeg satt på kafé og forsøkte å forandre verden, og jeg ble bergtatt, grep jakken min og fulgte etter deg ned Akersgata forbi sperringer som igjen sparket til hjertet mitt slik at det truet med å briste, men du var lyset jeg hadde ventet på. Dette lyset som nå deler kroppen din med meg mens jeg stryker noen varsomme fingre fra nakken din, ned til tåspissene dine og tilbake, men hele tiden uten å røre deg, føler meg nærmere deg slik. Jeg kan kjenne hårene dine reise seg, og når du vrir deg ut av søvnen kysser jeg deg før du får sagt god morgen.

torsdag 20. oktober 2011

Slikt som gjer meg glad

♥ Ny Mummikopp (Tufsla og Vifsla). Er det tilbod så er det tilbod

♥ Bill Hader på SNL


♥ Teater(folk)

♥ Å overnatte hjå ei god veninne (kanskje den beste), og setje saman ei sprinkelseng den neste dagen fordi veninna vert mamma i februar

♥ Shohreh Aghdashloo som speler gjesterolle i den nyaste NCIS-episoden


♥ Ny skrivebok frå Kremmerhuset (som skal få sitt eige innlegg når eg har tatt bilete av ho)

♥ Familie og venskap

♥ Månen, stjernene, haustlufta: livet!

♥ Hender

Om teater

Nokre gonger, når månen er halv og skjult bak eit forbigåande skydekke og det bles opp til storm, så er det best å sitje i øvste etasje i eit nesten 100 år gammalt bygg og vere på teaterpremiere. Amanda fra Haugesund fekk meg nesten til å knekke saman av både latter og tårer, og det var med eit smil og ein indre varme at Oda og eg dro for å vere med på premierefesten (det er ikkje kven som helst som kan seie at dei har vore på fest med blant anna Jon Eikemo, Jørgen Langhelle og Hanne Krogh).

Det er nemleg ikkje så lett å vite kva ein skal gjere når ein ikkje lenger veit om ein likar den ein elskar, men teaterkjærleiken vil aldri forsvinne, teater har gitt meg den same gode kriblinga gjennom heile livet, og etter å ha snakka med både produksjonsleiaren og teatersjefen håpar eg å vere litt nærmare å kunne jobbe med dei same personane om rundt eitt år. Time will tell... For augeblikket skal eg nyte den mørkeblå himmelen, den halve månen, den bitre sjokoladen og den varme, gode (koffeinfrie) kaffien. Det følest fint å vere heime.

mandag 17. oktober 2011

I'm not calling you a liar

I'm not calling you a liar, just don't lie to me.

Eg ser det i auga dine når du kjem inn på kjøkenet. Eg høyrer det i stemmen din når du legg toneleiet eit hakk for høgt til at det verkar truverdig. Me har vore gjennom dette før.

Du gir aldri pengar til tiggarar, så eg prøver å gi dei nokre myntar utan at du legg merke til det. Eg kjenner meg igjen i fillene deira, i dei slitte tøystykka med sømmar som går i oppløysing kan du finne tankane mine, om du leitar litt ser du at dei klamrar seg fast til trådane du er så god på å nappe i slik at heile verda mi raknar. Du sa at Amalie var den siste, men eg burde ha lært etter så mange år, burde ha lært at den siste er berre den fyrste i ei ny rekkje av repetisjonar, du prøver ikkje ein gong å dikte opp nye løgner lenger, som om eg ikkje er verdt tida det tar å kome på ei god historie.

Venene mine seier eg er gal som lét deg vere, dei skjøner ikkje korleis eg kan la deg sove i same seng som meg kvar natt, men dei veit ikkje korleis det er å dele bokhylle med nokon. Å flytte inn ein septemberdag og oppdage at ein plutseleg har to eksemplar av alle yndlingsbøkene sine, til og med dei obskure barnebøkene og meisterverka som er skrive på språk ein ikkje kan lese, fordi sjølvsagt må ein ha meisterverka på originalspråket uansett om ein kan forstå dei eller ei. Dei veit ikkje om alle nettene på teppet framfor peisen med vinglas og hovudet mitt i fanget ditt medan du les til meg, desse orda me ikkje kunne, men me likte så godt korleis dei såg ut, korleis dei inviterte til noko som verka større enn oss.

Eg fortalte dei om bukettane og stemnemøta, men eg heldt for meg sjølv at du alltid opna døra for meg og kyssa meg på handa før me sa god natt, det gjorde ingenting om det var kvelden før eller morgonen etter, og eg likte så godt kor gammaldags du kunne vere.

Det er ikkje som om eg tilgir deg forholda dine, men eg aksepterer dei som ein del av deg, som ein del av det eg må tole for å få leve med deg. Eg har alltid visst at ein mann av ditt slag må delast med verda, det ligg i din natur å vere fem stader på same tid og eg ville aldri stå i vegen for deg, dessutan visste eg at du alltid kom tilbake. Natta var vår.

And I love you so much I'm going to let you kill me.

torsdag 13. oktober 2011

Oslokjærleik

Av og til må du liggje på gras og murstein og sjå på skyene medan du snakkar med nokon for fyrste gong, i ein bydel du aldri har besøkt før, men som du momentant forelskar deg i. (Og så forelskar du deg litt i personen, fordi nokre menneske er så fine.)






Av og til må du ta toget i 16 timar tur/retur fordi nokre menneske og noko musikk er verdt det. Og så ventar du utanfor Spektrum i førti minutt før dørene opnar medan alle andre i nærleiken går forbi, men det gjer ingenting fordi vêret er fint og snart skal du kjøpe eit usannsynleg dyrt glas med kvitvin, og plutseleg står du og snakkar med ei anna dame som skal på den same konserten og når de samanliknar billettane dykkar så finn de ut at de sit rett oppforbi kvarandre.




Av og til må du gå forbi ei gate med sperringar og få vondt i hjartet av VG-avisa på utstilling, men du prøver å fokusere på det gode, på kjærleiken, og så går du heller inn i VG-bygget og kjøper ein bukett som du skal gi til to søte studentar.


Av og til må du sitje på den kafeen som du alltid besøker når du er i Oslo der det sit ein mann nedforbi deg som les Øyer i hjertet av Tove Nilsen, og før du veit ordet av det har du fire fullskrivne sider i moleskinen din om korleis du trur livet til kafémannen har vore og du får lyst til å prikke han på skuldra og takke han for inspirasjonen, men du mistar motet i siste sekund.

Av og til er livet så fint, musikken så bra, paret du bur hjå så fantastisk og dei du møter igjen etter mange år så vedunderlege at du berre må smile. (Og så gler du deg veldig til å framkalle eingongskameraet som har vore med på turen.)

søndag 9. oktober 2011

Slikt ein aldri vert lei

Når ein får brev frå legen om (nesten) alt som er galt med ein og det nærmar seg togavreise, så kan ein verte litt overvelda, difor er det godt med slike videoar som ein kan sjå om og om igjen utan å verte lei:









onsdag 5. oktober 2011

Hope There's Someone

There's a ghost on the horizonWhen I go to bedHow can I fall asleep at nightHow will I rest my head
Eg kan tvinge meg sjølv til å ikkje ta kontakt med deg, ikkje skrive til deg eller oppsøke deg - i alle fall ikkje klemme deg fordi då kjenner eg lukta di igjen og plutseleg kjem alt tilbake. Eg kan tvinge meg sjølv til å unngå alt det, men eg kan ikkje slutte å elske deg. Å elske deg er det mest naturlege i verda.

Kjersti seier at me må elske oss sjølv meir, men det er så mykje lettare å elske alle andre, verte fascinert og imponert og dykke ned i fleire hundre år gamle teoriar om korleis ein skal verke sann og ekte på scenen.

Eg har så mykje eg vil skrive, men orda vert dei same og eg vert oppgitt av mitt eige mønster, men eg skal elske meg sjølv, akseptere at dette er den eg er. Må akseptere den eg er slik at andre kan gjere det same, slik at eg kanskje kan finne ein som ikkje drar. Antony snakkar om å besøke seg sjølv som sjuåring og seie "I love you, you're so great", fordi ein treng det i historia si, å vere elska, og når du sit på kontoret ditt i huset på Isle of Wight så treng du å vite at du har elska deg sjølv, gjennom alt som har skjedd så har du alltid kunne stole på deg sjølv, til og med når du har ville søke avgrunnen så har du vore trygg på deg sjølv - du har ikkje nødvendigvis vore åleine heile tida, det er viktig å kunne be om hjelp - men du har elska deg sjølv.

Eg følte meg elska på fredag, over alt kvar eg såg fann eg fine menneske å smile til og snakke med. MediaRagnhild spurte om eg finn alle menneske like interessante eller om det er noko spesielt med lærarar, og sidan det har eg tenkt på det kvar dag. Eg trur svaret er at eg finn lærarar spesielt interessante fordi dei har vore ein stor del av livet mitt. Dersom ein ikkje tar med barnehagen og førskulen så har eg gått på skulen/vore i ein læringssituasjon sidan august 1996, og om det hadde vore mogleg å rekne det ut så hadde summen av timar tilbringa med lærarar vorte veldig høg. Eg har alltid følt eit behov for å kjenne desse personane, ikkje minst fordi eg har sett opp til dei og beundra dei. Det same gjeld kunstnarar. Det er ikkje få timar som har gått med til filmar, fjernssynsseriar, teaterframsyningar og liknande heller. Men det er sant, eg finn interesse for dei fleste fordi det er ein måte å setje seg inn i korleis andre fungerer, korleis dei føler og tenkjer, kva som motiverer og inspirerer dei, og det har hjelpt meg med å skrive tekstar ut i frå ulike perspektiv. Eg trur eg treng å studere folk meir, slik som eg gjorde før, kanskje det kan løyse opp i den litterære tørkeperioden min.

På søndag skal eg ta toget til Oslo og eg håpar det kjem nokre tekstar ut av den turen. På ei anna side, om det ikkje gjer det er det ikkje ei katastrofe fordi eg får sjå Neda igjen.