mandag 28. november 2011

Pappaen min

Det finst nokre menneske som er så stor del av livet mitt at eg kjem ikkje på å skrive om dei, på ein måte. Det er som når eg ikkje klarer å sjå for meg ansiktet til nokon eg har kjent heile livet, fordi dei er så mykje meir enn det ansiktet, dei er alle gongene me har vore i lag og alle dei minna og klemmane og samtalane og køyreturane og alt slikt som gjer dei til den spesielle personen dei er for meg.

Så i dag, i dag vil eg fortelje om pappaen min.


Pappaen min er høg og sterk og litt av ein altmoglegmann. Han har fagbrev som både elektrikar og prosessoperatør, men han er òg (blant anna) ein flink mekanikar, snikkar og malar, og så har han ei kjempefin handskrift som eg synest er noko av det beste fordi det balanserer alt så fint.



Pappaen min kjem frå Etne og på grunn av det hadde eg o-endingar på mange ord då eg var liten (gjer det framleis i blant), noko eg vart erta for av klassekameratane mine, men i retrospekt synest eg det er ganske kult at eg tok etter dialekta hans slik.



Pappaen min elskar det meste som er motorisert og kan køyrast, og han kan kome fram til kva år noko skjedde ut i frå kva bil han og/eller familien hadde.



Pappaen min lyser ekstra mykje opp når han har to små rundt seg som kallar han Besten, og i februar vert han Besten for tredje gong, fordi då skal den andre storebroren min og forloveden hans få sitt fyrste barn.



Pappaen min elskar film og musikk og samlar på mykje (det er nok han eg har det frå), og når ein ny animasjonsfilm har premiere på kino, plar me gå og sjå han saman, fordi pappaen min har tatt vare på det barnlege i seg. Og om mamma vert med òg så plar ho sovne etter ei stund, medan pappa og eg sit og ler og sukkar kjærleg av mammaen min.


Når pappaen min nys eller snorkar så kan det høyrast i heile huset, og då han var i militæret vart han fortalt av ein teltkamerat at det er greitt at han køyrer motorsykkel når han søv, men det hadde vore fint om han kunne ha skifta gir i blant.


Pappaen min går gjerne helst i klede han kan jobbe i, men når han tar på seg dress og er nybarbert med aftershave, så er han den beste å klemme.



Pappaen min likar å fortelje historier og etter mitt hovud og hjarte er det slik fedre skal vere, fulle av korte og lange historier om liva deira eller liva til nokon andre. Og det kan vere dei har fortalt dei så mange gonger at me kan dei minst like godt som dei kan dei sjølv, men det gjer ingenting så lenge auga framleis lyser like sterkt når dei har alle si merksemd. Ein av dei beste historiene å høyre pappaen min fortelje er korleis han og mamma møtte kvarandre.



Pappaen min seier ikkje alltid så mykje, han er sannsynlegvis ein introvert slik som meg, men sjølv om han ikkje seier så mykje så veit eg at han forstår, fordi me er ganske like me to, og når han seier at han er glad i meg så tyder det alltid litt meir.


søndag 27. november 2011

Missed Me


Det er natt.
Det er 17 Chrometabbar og fire bøker opne på éin gong.
Det er Amanda Palmer og The Dresden Dolls og assosiasjonar og minne og ein nabo som alltid speler musikk så høgt at eg høyrer bassen gjennom veggen.
Det er å planleggje å kjøpe dei siste julegåvene på onsdag etter at heimeeksamenen er levert.
Det er å drikke gløgg og te og vatn og juice og lure på når roa kjem.
Det er å sjå fyrverkeri frå studentbustaden fordi det regnar og er kaldt og mørkt og eg prøver å vere flink, men aller helst vil eg sjå film og banke på døra til naboen og be ho ta omsyn, før eg dansar rundt i leilegheita og ler ein slik gal latter som ein berre kan le når ein er åleine eller når ein er saman med gode vener som veit at ein er litt gal og elskar ein for det.

Det er natt. Det er fyrste søndag i advent. Det er lukta av fyrstikker som nokon nettopp har blåse ut.

Det er natt. Det er heimeeksamen med fleire tusen ord igjen å skrive.

Det er natt.

mandag 21. november 2011

Eg har ei magisk skrivebok

Eg har ei magisk skrivebok. Det finst ingen reglar, det handlar berre om å skrive, puste, vere til. Eg skriv ingen datoar, ingen spesifiseringar, og ein dag håpar eg ho kan sjå ut som reiseboka til Havstein i Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?.


Eg har ei magisk skrivebok og du går på sidene saman med meg.


Eg kan sjå fotavtrykk etter dei lette føtene dine,


eg kan høyre latteren din.


Eg kan lukte parfymen din


og vinden om sommaren.


Eg har ei magisk skrivebok


og ho er full av alt som har skjedd,


alt som aldri skjedde,


og alt som framleis kan skje.


Eg har ei magisk skrivebok
og te med raude hjarte i.


søndag 20. november 2011

Catch-22


Sidan sist bursdag har eg:

- mista gamle vener

- fått nye vener

- byta over frå lektorutdanning til teatervitskap

- hatt verdas beste sommarjobb(ar)


- sett bygningen Poirot bur i

- sett siste film i Harry Potter-serien og gråte på kino


- gråte heime, gråte i Bergen, gråte på jobb

- gråte for tremenningen min som vart offer for 22. juli-terroren

- innsett igjen og igjen at det er på teateret og i kulturmiljøet eg høyrer heime

- opplevd Antony and the Johnsons live for tredje gong


- møtt verdskjente menneske

- smilt til framande

- delt timar med han som har ein stemme som kan redde verda

- klemt mange vener, og andre eg ikkje kjenner så godt

- tørka mange tårer (som ikkje var mine)

- skrike stumme skrik

- skrive høglytte tekstar


- kyssa fleire menn

- kyssa nokre kvinner

- vore på teaterøvingar

- fått høyre mange gode ord om meg sjølv som eg har litt vanskeleg for å ta til meg

- takka for at eg har ein familie som elskar meg

- vorte oppgitt over at kroppen min ikkje fungerer heilt som den skal

- til sjuande og sist kome fram til dette som det alltid endar med:


Kjærleik er alt.


lørdag 19. november 2011

Om å ta seg tid til å puste

I dag har eg tatt meg tid til å puste. Du tenkjer kanskje at å puste er noko som skjer av seg sjølv, ein treng ikkje ta seg tid til det, men det er likevel det eg har gjort. Midt i mellom eksamensmas og Facebooknotifications sat eg og drakk bringebærte frå In Treatment-koppen min medan eg lytta til klassisk musikk og mi eiga nesten lydlause pusting. Eg såg ut på ein gråblå by og ei bokhylle med gamle bøker andre har eigd før meg, og så følte eg meg litt mindre åleine, litt mindre einsam, der eg sat og fekk historia til å gå vidare.

Så ta deg tid til å puste, whichever way you can. Det er viktig.

onsdag 16. november 2011

All This And Heaven Too


And I would give all this and heaven too, I would give it all if only for a moment.


mandag 14. november 2011

Om slikt som varmar hjartet klokka fire om natta

Når du møter på nokon du eigentleg ikkje kjenner så godt og dei seier at dei tenkte på deg her forleden dag. Kva kan vere betre enn at nokon tenkjer på deg og sender deg kjærleik?


Når du ser på Skallamann yet again og smiler, fordi den bringar fram alt det gode med mannen med hatt, og då må du berre smile og kjenne på kriblinga i kroppen.


Når du veit at du er elska. Faktisk elska. Og at i det store biletet så er det det einaste som tyder noko.

Når du sit i senga di og klokka er nesten fire og det følest som om du er den einaste personen som er vaken i heile verda og kor fint det er, fordi det tyder at du passar på alle som søv.

Når du skriv og setningane kjem av seg sjølv, som om det er utanfor din kontroll.

Når du ser rundt deg og alle tinga dine sender ut små ord om håp.


Når du kikkar bort på den nye motivasjonsveggen din og gir mentale klemmar til alle på bileta.


Når det ikkje gjer så vondt å sakne. Du kjenner det stikke, men du veit det er fordi du har så mykje kjærleik å gi, og i lag med det faktum at du aldri kjedar deg, så er det å kunne elske så mange så høgt den beste eigenskapen du har.

Når du endeleg klarer å sovne fordi hovudet dunkar ikkje så hardt lenger og Jason Schwartzman er søt og Ted Danson er sexy, og ein dag skal du jobbe med det du elskar, kanskje før du trur, og då er det verdt å leve.

Då vert du glad for at læraren din redda livet ditt.

Då vert du glad for at navlestrengen rundt halsen din vart fjerna i tide.

Då vert du glad for den dagen, den natta, den spaserturen, den klemmen, det kysset, den mannen, den skulen, den jobben, dei venene, den familien, den skogen, det stupet, det landet, den øya, det håpet og den flammen i hjartet:


Alt som gjer deg til deg.

søndag 13. november 2011

Eg elskar deg (i dag)

Dette er dagen eg skal elske deg. Gir meg berre lov til å elske deg i éin dag, fordi i neste sekund flyr du vidare, og eg kan ikkje sitje her og lengte og lure på om du kjem tilbake nokon gong. Men i dag elskar eg deg. I dag ser eg ansiktet ditt om auga mine er opne eller lukka. I dag seier eg namna på barna dine høgt for meg sjølv, og i dag sit eg og tenkjer på kva du hadde likt best av gulrotburgarar eller den omnsretten frå den kokeboka som eg synest er så fin.

Eg har lov til å sakne deg i dag. Eg har lov til å elske deg i dag.

I miss you today

Eg har sagt dette før: Eg er veldig flink til å sakne folk. Men det er noko ekstra med det når det er besto sin bursdag (ho hadde vorte 92 år i dag), og sjølv om eg hadde ei vedunderleg fin bursdagsfeiring i går kveld, så er det noko med den kjensla når alle har dratt og det er litt for stille (sjølv om eg likar stilla), fordi eg føler meg som Mrs. Dalloway i blant, kan ikkje for det. Og nokre gonger vil eg helst liggje heile natta og snakke med nokon, slumre og vakne igjen og kunne fortsetje samtalen. Det er ikkje alltid like gøy å bu åleine. Hovudet mitt dunkar og gjer vondt og kjem sannsynlegvis til å gjere det i ei veke til, fordi eksamen nærmar seg stadig og eg kan ikkje kontrollere korleis kroppen min reagerer på nervøsitet og stress.

Det er litt for mange kjensler og litt for mange tankar og litt for mange tårer på éin gong.

I miss you today.


(Berre vent til eksamen er over og eg kan fokusere på å handle julegåver og drikke gløgg, då skal det verte andre bollar.)

torsdag 10. november 2011

Nokre gonger

Nokre gonger - når du ikkje får ansiktet til mannen med hatt ut av hovudet og du vil aller helst gråte fordi det er den tida igjen og eksamen er skummelt og du saknar venene dine og menneske treng visstnok 12 klemmar til dagen, men du har ikkje hatt nokon på lenge - då lagar du deg havregraut (sjølv om klokka nesten er midnatt), og du lagar han med rismjølk slik som den eine veninna di tipsa deg om. Toppen av grauten vert mørkebrun av all kanelen du strør på (fordi kanel er magisk), og så går du bort til dataen og set på ein ER-DVD, fordi det er yndlingsserien din og du har ikkje sett ein episode på superduperlenge, og så berre prøver du å vere til. Å puste. Utan for mange tankefluger som surrar, utan eksamensmas og den stemmen som seier at dette går ikkje, det er for få dagar igjen og altfor mykje å halde styr på. Du berre er til. Du, ei flaske vatn, ein kopp med havregraut og yndlingsserien din som du har alle dei 15 sesongane av på DVD.

søndag 6. november 2011

Snow Flower and the Secret Fan

Eg har lært eit nytt ord i dag: Laotong. Det er kinesisk og tyder "a type of relationship within Chinese culture, which was practised in Hunan, that bonded two girls together for eternity as kindred sisters".

John Cusack sin karakter har eit sitat i High Fidelity når han snakkar om Laura. Han seier: "It's a mystery of human chemistry and I don't understand it. Some people, as far as their senses are concerned, just feel like home." De møter nokon og kan ikkje forklare det, men de går i lag med éin gong, som om de har kjent kvarandre sidan fødinga. Det er ikkje nødvendigvis slik at de vert superclose momentant, forhold må jobbast med, men det er noko der, noko som verkar familiært, de er komfortable i kvarandre sitt selskap og kan halde rundt kvarandre i tjue minutt utan å føle tida passere.

"The world is always changing. Every day it's changing. Everything in life is changing. We have to look inside ourselves to find what stays the same, such as loyalty, our shared history and love for each other. In them, the truth of the past lives on."

Me er heldige me som finn sjelevener, slike som alltid er der, uansett.

I love you, Oda.

lørdag 5. november 2011

Trust

Du tar pusten frå meg. Eg klarer bokstaveleg talt ikkje å puste. Prøver å hugse korleis eg gjer dette her, eitt steg framfor det andre – pust inn, pust ut – gjenta etter behov. Eg flyktar til fiksjonen for å frigjere meg frå mine eigne tankar, det følest trygt å vere del av noko som ikkje eksisterer, noko eg kan hengi meg til, det gir tårene større meining.

Det gjer fysisk vondt å tenkje på deg. Eg kan kjenne organa mine vri seg i smerte medan eg sig saman på golvet og hyperventilerer. Det er lenge sidan sist.

Nokre filmar slår deg rett i magen utan at du er heilt klar for det.