mandag 12. mai 2014

Sjå opp (eller ned)

I Bergen speler fjella på trommer. Eller kanskje det er trolla, kanskje dei gøymer seg blant tretoppane og haikar med Fløibanen når det ikkje er turistsesong. Kanskje dei vil at me skal spele med. Kanskje dei inviterer oss til fest, berre at me ikkje tar hintet.

Desse siste vekene har eg minna meg sjølv på å sjå opp (eller ned). Eg gjorde det mykje før, men det er lett å gløyme av og til når ein har så mykje ein skal gjere og så mange stader å gå - eg smiler til framande og ser dei inn i auga, men det er ikkje alltid eg hugsar å sjå opp. Det er nok mykje eg har gått glipp av, men no som eg går inn i mine siste veker som liksom-bergensar, prøver eg å ta inn mest mogleg av byen som har vore min i snart fem år.









fredag 9. mai 2014

Skogsminne

Eg vaks opp i ein skog langs E39.

I denne skogen fanst det ikkje ei bestemt tid eller rom. Nokre dagar levde eg i mellomalderen, reid hestar med spyd, sverd og skjold, kjempa mot drakar (eller hadde dei som kjæledyr) og besøkte framande kongerike. Andre dagar var det vikingtid, eller framtid, eller når-som-helst-tid. I ein periode var det notid, me bygde ei hytte og laga songar som skulle gjere oss verdskjende. I ei glipe i berget kunne me gøyme oss og leve slik som i Ronja Røverdatter og skrive med krit på steinveggane.

Dei siste åra har eg utforska nye stader, vorte kjent med nye skogar og kratt, nye gater, nye fjelltoppar og sidevegar med troll og kafear, men inst i hjartet mitt gøymer det seg ein skog der lufta lukta av grantre, der eg høyrde susinga frå bilar og trailerar som reiste fram og tilbake på vegen langt der nede og der verda var så uendeleg stor og lita i same stund.