søndag 28. august 2011

Another world

Var du ekte? Eg kjente det lette sløret stryke over kinnet mitt, såg korleis du forsvann i ein draum av raud silke mellom trea som skil oss.

Saknar korleis huden din kjentest. Saknar dei mjuke tonane frå eit bekymringslaust smil som låg ved sida av meg.

Kan framleis føle deg, føle rørslene dine og korleis rommet vart då me delte same luft. Kan føle hendene dine mellom beina mine og korleis du smakte då eg kyssa deg på høgre skulder.

Dette er så nytt for meg, skjøner du. Eg er vant med lange turar og varme klemmar; glør som ulmar, men aldri tar fyr.

I know you're not mine to keep, but I hope it's still okay that I miss you.

6 kommentarer:

  1. "Eg er vant med lange turar og varme klemmar; glør som ulmar, men aldri tar fyr." Det va ein ubeskrivelig fin illustrasjon, syns eg. :)

    *imaginær klem sendes*

    SvarSlett
  2. Tusen takk. <3

    *imaginær klem vert sendt tilbake*

    SvarSlett
  3. Ahw, I loved this one, darling. <3 vakkert.

    SvarSlett