onsdag 29. juni 2011

Fine ting å gjere på ein onsdagskveld:

- Gå gjennom bokmerkemappa i nettlesaren din med alt det fine i

- Drikke te fordi vêret er forvirra

- Sende tekstmeldingar med vakre menneske du enno ikkje har møtt

- Drøyme om ein ny mobil

- Dykke ned i mørke fargar

- Sjå på bilete frå tida før du hadde kjærleikssorg

- Drikke endå meir te

- Ete jordbær med havremjølk og sukker på

- Bla gjennom sist blogginnlegg og gå gjennom kvar kjensle dei ulike hendene uttrykkjer

- Skrive ei liste utan å reorganisere punkta etter alfabetisk rekkjefylgje

- Tvinge deg sjølv til å ikkje bryte punktet ovanfor

- Og lese DENNE ARTIKKELEN om igjen

lørdag 25. juni 2011

Om hender

Eg har mykje eg ville ha sagt, mange ord skrive ned i notatbøker eller lagra som usendte meldingar på mobilen min, men eg føler meg ikkje sterk nok. Så i staden for vil eg gjerne få lov til å dedikere eit innlegg til hender, fordi hender kan seie så utruleg mykje. Kroppsspråk i seg sjølv er uendeleg i kva det kan uttrykkje, men eg synest hendene er noko av det finaste me har. Hender som speler piano, held handa til den ein elskar, hender som dansar... Så her kjem nokre stillbilete eg har tatt frå ymse filmar og fjernsynsseriar, forteljingane kan de dikte sjølv.