mandag 12. mars 2012

I dette augeblikket

Akkurat no:
- vil eg ha nokon til å halde rundt meg
- skulle eg ynskje at utdanninga mi var over, men samtidig ikkje, fordi eg har ikkje peiling på kva eg skal ta meg til når eg er ferdig
- har eg lyst på rista brød med blå Soft og sjokoladepålegg
- vil eg drikke den eine koppen etter den andre med te
- vil eg sove, men klarer ikkje

Eg er nervøs for:
- framtida
- å møte mannen med hatt igjen
- bacheloroppgåva
- å alltid føle meg slik som dette

Eg har tårer i auga, nedover kinna, under haka, på brystkassa.

Eg er:
- i dvale.
- i ventemodus.
- i vintermodus.

Eg er regn på vindaugsruta.

For nokre netter sidan drøymde eg at morfar levde, at nokon hadde gjort ein feil, at det ikkje var han som låg i kista sjølv om eg såg han liggje der. Eg har aldri sett mormor så glad som ho var i den draumen.

Nokre gonger tenkjer eg at alle eg elskar kjem til å døy før meg, ikkje berre vener og familie, men alle eg høyrer på, les orda til, ser på ein skjerm eller eit lerret. Alle kjem til å døy før meg og eg veit ikkje korleis eg skal klare å overleve det. Det har allereie vore så mykje død i livet mitt. Og det handlar ikkje ein gong om meg, ikkje i det store biletet, me er alle små trådar og veven kan halde fram utan meg, det kjem berre til å sjå ut som ei lita rift på teppet. Lett å fikse.

Men me held fram likevel. Eg held fram likevel. Er her framleis. Det gjer berre så inderleg vondt.

Hjartet mitt er fullt av:
- stein
- saltvatn
- menneske
- mosaikk av minne

So we beat on, boats against the current, borne back ceaselessly into the past.

11 kommentarer:

  1. Ååh, jeg elsker å lese slike lister. Og jeg kjenner meg igjen i noe av det du skriver, faktisk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, i blant er det best å berre la orda få kome utan å tenkje for mykje over det.
      Las på bloggen din at du skal bu i London frå hausten av, så heldig du er!

      Slett
  2. SÅ nydelig skreve, Bierre! Og så ufattelig trist...men eg e likavel sikker på at du ikkje komme te å føla deg sånn for alltid. Ting blir bedre. Husk at eg alltid e der for deg <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, kjære Hilður, og likeså. <3

      Slett
  3. det blir beidre. alltid.

    hjarte.

    SvarSlett
  4. Du er her <3
    Og det slengkysset du blåser gang på gang litt lenger oppe på sida her, jeg er sikker på at det er til meg. Og jeg må smile hver gang.

    SvarSlett
  5. Som de sier: alt ordner seg. <3 *Klemmer*

    SvarSlett
  6. åh, dette var så fint og trist at det gjorde vondt i hjertet. Veldig mange følelser jeg kan kjenne igjen.

    SvarSlett