onsdag 28. november 2012

Vinter

I dag er eg 23 år og åtte dagar, det nærmar seg desember og eg vart ferdig med julegåvehandelen i går (utanom nokre ting eg skal lage sjølv og leggje ved tre gåver).

Eg går ut i frå at eg har eit litt komplisert forhold til jul. Magien som fylgde med dagar som 17. mai, bursdagar og julafta er stort sett borte, så eg prøver heller å skape nye forhold til dagane, slik at dei vert mine eigne igjen. På same måte som eg liker å finne eigne stader og ting i byar mange andre òg har forhold til, som å dra til London for å finne igjen bygget dei filmar utsida av til Poirot-episodane i staden for å ta ein turistbuss og sjå Big Ben for nte gong (ikkje at det er noko galt med det heller), så finn eg nye måtar å gjere desse dagane fine på. Til dømes å dra på tivoli med ei god veninne på 17. mai og ta karusellar og ete sukkerspinn og gå i eit minitog på fortauet som berre består av henne og eg, og syngje songar den fyrste læraren min på barneskulen lærte meg.



Kanskje det er slikt som skjer når ein vert eldre, dei raude dagane på kalenderen handlar om så mykje meir no, ein tar på seg større ansvar og kan ikkje lenger berre gå rundt i ein blå fløyelskjole med sølvstrømpebukse og leike at ein er Sonja i Reisen til Julestjernen.

Likevel finst det framleis mykje vakkert der ute, kvardagskjærleik og kvardagsmagi, som å finne og lage julegåver ein veit at andre kjem til å elske. Eller å prøve ut ei ny oppskrift og lage vegansk julegodt til heile familien. Eller å gå på snø og høyre han lage nøyaktig dei same lydane som då ein var liten og var ute i fleire timar i strekk og gjekk opp og ned den same bakken fordi ein fekk aldri nok av å renne med akebrett.


Eg veit at mange har det vondt i jula, og ein kan lett få hovudverk når alle butikkane speler kvar sin musikk og kjøpesenteret i tillegg har sin eigen musikkagenda, så eg har laga ei alternativ juleliste - meir ei vinterliste, eigentleg - og om de vil kan de lytte til dei same songane de òg.
(P.S.: Eg skulle hatt med nokre songar frå Jag Kommer Hem Igen Till Jul av Peter Jöback òg, men eg hadde gløymt ut heile CDen då eg laga lista. "Viskar En Bön" er fin, til dømes.)

mandag 26. november 2012

Lysglimt

Smaken av klementin er juletrefest på bedehuset, rett etter me har sunge for å få nissen inn og han har gitt godteposar til alle barna i rommet. (Alle hadde vore snille.)

Lukta av ei utblåst fyrstikk er å få ansvaret for å tenne det neste adventslyset framme i klasserommet og kanskje ikkje få fyr med ein gong, men å føle at det er i orden når heile klassen syng i lag.

No er førjulstid det same som eksamenstid, me har fått utlevert heimeeksamensoppgåve og eg saknar kjærasten min, men på laurdag skal eg sjå teater på kino og endeleg få med meg lysfesten i Bergen. Med dei lysa kjem håp og glede og viten om at når det vert måndag igjen så skal eg ta båten til han eg elskar mest i heile verda.

Det er viktig med lysglimt.


P.S.: Kruspersille vil for alltid vere synonymt med Tøflus.

onsdag 14. november 2012

Haustynskje

Eg føler eg burde hugse kven som køyrde Kystbussen den dagen eg fekk vite at morfar var død. Eg har tatt den bussen fleire gonger enn eg har tal på og det er dei same sjåførane som rullerer, men eg var kanskje for opptatt med å ikkje bryte saman.

Eg føler eg burde hugse meir om besto, fordi ho hadde bursdag i går og eg ville feire henne, men eg var så liten då ho døydde. Eg skulle ynskje me fekk meir tid til å verte kjent med kvarandre. Eg skulle ynskje eg kunne gitt henne fleire klemmar. Eg skulle ynskje ho hadde fått sett at eg arva krøllene hennar.

Eg skulle ynskje me fekk meir tid, alle saman, til det vakre i livet. Til saftige kaker, bra sex, god kaffi og fine samtalar.


Eg skulle ynskje det var meir akseptabelt å smile til framande.

Eg skulle ynskje eg kunne gitt klemmar til dykk alle.

torsdag 8. november 2012

Haustbilete

Eg finst framleis ikkje på Instagram, men eg tar likevel bilete. Her er glimt frå livet mitt dei siste vekene:













onsdag 7. november 2012

Ein haustdag

I dag har det regna i Bergen.

♥ Eg har site på kafé og skrive prosjektskildring, drukke koffeinfri latte med soyamjølk og vorte så overvelda av lydinntrykk at eg måtte gi opp å prøve å stengje dei ute med øyreproppar og musikk på dataen, og heller prøve å verte ein del av dei. Det fungerte i eit par timar.


♥ I natt drøymde eg om besteveninna mi, Oda, difor har eg tenkt på henne i heile dag. Ho er mamma no og me bur i kvar vår by, så eg ser henne sjeldan og me snakkar ikkje så mykje i lag som me gjorde før - det var andre tider då me gjekk i same klasse og såg kvarandre fem dagar i veka - men eg veit at me er i kvarandre sine hjarte og tankar og då går det bra.

♥ Eg har vore i regnet med hjarte og sjel (men med støvlar på), og så har eg gått bak eit par forretningsmenn med stresskoffertar, men mest av alt har eg prøvd å smile - både til meg sjølv og til verda utanfor - fordi verda vert ikkje betre med mindre alle som kan bidrar litt.

♥ På laurdag skal eg ha høgtlesing av eigne dikt i ein bokhandel i heimkommunen min, den same bokhandelen som eg delvis vaks opp i då eg var yngre. Det følest litt rart og litt skummelt, men mest fint, spesielt sidan bømlingen min skal vere i publikum og høyre på. Kanskje eg skal lure inn eit dikt eg har skrive om han.

♥ Dagane går, det nærmar seg bursdag, innleveringsfristar og eksamensoppgåver, og plutseleg er det juleferie. Eg håper tida ikkje går så fort at eg ikkje klarer å leve i dei gode augeblikka.

Det regnar ofte i Bergen.

fredag 2. november 2012

Haustassosiasjonar

Smaken av rosin i munnen, det søte og syrlege med litt knas i seg, er å sitje på stovegolvet og gøyme rosiner og risnøtter i skuffene eg stabla opp på Duplokjøkenet før eg prøvde å byggje ein pyramide av dei resterande bitane.


Lukta av fårepølsa kjærasten har på skiva er lyst knekkebrød med Brelett og fårepølse - alltid det same merket - som hadde vorte mjukt av å liggje i matboksen så lenge. Å like kontrasten mellom det mjuke og det harde knekkebrødet som låg oppå kvarandre, og å drikke sjokolademjølk som eg blanda sjølv med ein liten dose magi frå den litle Tupperwareboksen som hadde lurt seg med.

Våt skog er å springje blant trea med heimelaga pil og boge, eller å fantasere om trollmenn og drakar, eller å klatre til topps og speide mot der vikingskipa kom inn til kaien, eller å ete Mariekjeks som var dagens jaktfangst og sitje på ein stor stein som var ein isbjørn.

***

Når eg sit i leilegheita og tenkjer framover kan framtida verke ganske skummel, det meste ser ut til å handle om pengar sjølv om eg skulle ynskje det handla om kjærleik og nokre gonger vil eg helst berre gråte, men det hjelper med fine minne og det hjelper aller mest å vite at i morgon kjem bømlingen min på besøk igjen.