søndag 17. mars 2013

Desse dagane

Du er vakker.
Du er så inderleg vakker.
Du er så inderleg fuckings vakker.

Og eg vil halde deg i handa mi,
bere deg rundt med meg og
passe på at du er
passeleg varm,
passeleg glad,
passeleg mett,
passeleg interessert i det som skjer på fortauet framfor deg,

men ikkje så mykje at du fell ut av livet mitt.

Me har berre desse dagane
- desse dagane som går så frykteleg fort -
fyk forbi som byane eg ser passere
utanfor vindauget mitt.

Du drikk te frå eit fingerbøl,
eg trur i eit augeblikk at eg verkeleg kjenner deg,
og i neste sekund er me begge borte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar