tirsdag 14. mai 2013

Eg kjem tilbake. Eg lover.

Hei,
eg er her framleis.

Det er berre eksamensperiode og raude dagar og altfor mykje pensum som skal inn i ein litt for sliten hjerne, men snart er det over og då kjem eg tilbake.

Eg lover.

torsdag 2. mai 2013

There's such a lot of world to see

Eg ser liva deira ta same retning som sist og høyrer på ny (gammal) musikk delvis grunna Amanda Palmer og delvis grunna kjærasten min. Eg lyttar til Audrey Hepburn syngje Moon River og går fram og tilbake på same tid. Beveger meg framover med skuleoppgåva mi, beveger meg framover i livet, skal kanskje stå framme på ein scene (skal det vere ein scene der?) og lese høgt noko eg skreiv før då eg hadde mange av dei same referansane, men ikkje visste at det fanst ein som kom til å gjere meg lukkeleg.

Kva er det eigentleg me gjer frå dag til dag?

Eg tar nokre ekstra djupe andedrag og kjenner tårene byggje seg opp, ikkje fordi eg har noko å gråte for, dei berre er der av seg sjølv. Dei er der ganske ofte, og av og til lèt eg dei falle og nokre gonger fell dei utan å spørje om lov, og ingen spør om det er noko galt på bussen sjølv om eg snufsar og tar Kleenexen opp til auga i løpet av heile bussturen.

Er det slik det er å bu i ein by? Er det slik det er å bu i Noreg? Gå forbi så lenge det er mogleg, så lenge ein ikkje kjenner nokon, kanskje ringje ein offentleg instans om det er noko alvorleg, men om ei 23-årig kvinne sit og græt på bussen så er det ikkje så farleg.

Eg veit ikkje om eg hadde ville at nokon skulle ta kontakt heller, me snakkar ikkje med framande i Noreg, med mindre me må, med mindre det er krise. Så kva om eg ikkje hadde fullført setninga, ikkje gått på den bussen, ikkje sett den filmen, den serien, lese den boka, høyrt på det bandet eller den artisten eller leika i den skogen eller klatra i det treet eller lært å symje i den elva den sommaren eg besøkte den tanten og onkelen på den staden med endene og geitene og stikkelsbærbuskane. Kvar hadde eg vore då? Kven hadde eg vore med? Kven hadde eg kjent? Hadde eg likevel skrive tekstar om ting ein aldri kan få svar på?