mandag 31. desember 2007

Ok,

med eit nytt år på tampen, så bør eg vel klare å skrive eit nytt blogginnlegg (som eg kanskje ikkje slettar med ein gong).

I dag er det nyttårsafta og det ser ut til å verta den kjekkaste nyttårsfeiringa eg har vore med på (den aller beste nyttårsfeiringa som har stått på to bein!), noko gong, det er til og med meldt bra vêr! :D Me skal snurre med stjerneskot og lage fine mønster oppe på nattehimmelen. Me skal klemme og me skal skåle og eg skal smile og verkeleg meine det!

Fordi eg har flotte vener som eg er glad i, og som er glad i meg. Og kven veit kva 2008 kjem til å by på? Det kjem i alle fall til å by på nye hendingar og nye sjansar, og det skal verta eit bra år der eg skal ta sakane i eigne hender, som eg har gjort i det året me snart skal seie farvel til. (Goodbye's too good a word, babe, so I'll just say: fare thee well.) Og honesty er verkeleg the best policy, uansett kva andre kanskje har sagt til deg. Er ein ærleg kjem ein langt, lengre, lengre enn langt! Og Fru Kemnar med Vidar Johnsen og Peter Nordberg har ein av dei mest sexy introane som finst, og er ein av dei kulaste songane nokosinne, så det så!

torsdag 20. desember 2007

Eg er trist...

... difor skal eg lage hausttakkefesttakkeliste. Det vil nok hjelpe.

Alfabetisk så er eg takknemleg for:
Baking.
Barna mine.
Brev.
Café Moody.
Ektemannen min, Hercule Poirot.
Filmfestivalpublikum.
Fransk.
Frost.
Gode filmar.
Gåver med sjel.
Herlege lærarar (Ragnhild x 2 + Sveinbjørn + Våga = *hjarte*).
Iskaldt vatn.
Kafébesøk.
Klemmar.
Konsertar der alle i publikum syng med på refrenget.
Kunstnarar (artistar, fotografar, malarar, skodespelarar, skulptørar...).
Litteratur.
Musserande vin.
Mørk sjokolade (70 %+).
Pen musikk, musikk som fører meg til ei anna verd.
Samtalar som varer i fleire timar utan at nokon tenkjer over at tida passerer (har ein fin tendens til å skje på Moody).
Snø.
Soloppgang/solnedgang.
Solskin.
Stearinlys.
Stjerner.
Teater.
Venene mine, spesielt Butterscotchbunny og Fie.