tirsdag 30. desember 2014

Jul på Voss

"I år skal me ha jul med snøgaranti," sa bømlingen min. Så me leigde ei hytte på Voss, inviterte med sonen hans på 17 år, og hadde ei jul fylt med snø og julekaker og ro.




Treet var dekorert med pynt eg har beundra sidan eg var ei lita jente, og pynt som vart kjøpt inn og laga dette året.





Bordet vart dekt med ny duk, ny laupar, nye lys, nye serviettar og nye sugerøyr. Og då det var tid for å opne pakkane, så fekk alle det dei hadde ynskt seg mest.


torsdag 11. desember 2014

Teatervitaren Birte

20. november var eg ein nybakt 25-åring som akkurat hadde levert masteroppgåva si. I går forsvarte eg oppgåva mi munnleg, som vil seie at eg i dag er 25 år og tre veker og har ein mastergrad i teatervitskap.

Dette vil igjen seie at eg byrjar å få hjernen min tilbake, og i det høve tenkte eg at det kanskje er på tide å dele ting med dykk som eg ikkje har kunne prioritere medan masterskya har hengt over hovudet mitt. Det har seg nemleg slik at når du skriv master så går hjernen din inn i eit anna gir enn det han vanlegvis er i. Eg har til dømes nesten ikkje skrive noko fiksjon på to år. Det har vore heilt forferdeleg til tider, fordi eg har følt at eg har mangla ein stor del av meg, samtidig som eg ikkje har kunne gjere noko med det fordi det rett og slett ikkje har vore plass til det. Hjernen har vore overfylt. Men no ser verda lysare ut, eg kan byrje å gå tilbake til den eg var før alt dette starta og eg kan dele meir med dykk. Me var jo i Skottland i ei heil veke i sommar og eg har ikkje skrive noko om det! Og eg har vore på Hugh Laurie-konsert! Og dratt til Krakow for fyrste gong på ti år! Dette må gjerast noko med.

Men for augeblikket så avsluttar eg med dette: I morgon har eg vore sambuar med den fantastiske bømlingen min i eit halvt år og det går kjempebra. Det er så vedunderleg fint å sleppe å reise frå kvarandre heile tida, slik som me gjorde i over to år fordi eg budde i Bergen og han budde på Bømlo. No deler me eit lite hus med ei blanding av mine og hans ting (som no er våre), og me et i lag og søv i lag og gjer ting kvar for oss når me treng det. Det er skikkeleg kvardagsluksus.

tirsdag 30. september 2014

(Snart) Eit liv etter masteroppgåva

No er det under to månadar til eg må sende inn ein .pdf med ord skrive i løpet av det siste året. Ord som diskuterer teater og skodespelarkunst og korleis døde og levande teatermenneske kan vere på same side sjølv om dei tilsynelatande er ueinige med kvarandre.

Med andre ord er det under to månadar til eg kan leve eit universitetsfritt liv (utanom at eg skal ha munnleg forsvar av oppgåva nokre veker seinare), og her er noko av det eg gler meg til:

  • lese bøker som ikkje står på ei pensumliste
  • bake meir
  • ikkje få masterrelaterte gråteanfall
  • ikkje lenger ha ei sky svevande over hjernen
  • vere meir i rørsle
  • sjå fleire filmar
  • oppleve meir kunst og kultur
  • finne ut kva eg skal gi folk til jul
  • feire bursdagen min
  • ha tid til husarbeid
  • tilbringe meir tid med vener
  • sleppe å vere så psykisk sliten og frustrert
  • ta eit steg vidare inn i sambuar-/vaksenlivet

tirsdag 12. august 2014

You ain't never had a friend like me

Då eg vart eldre var det filmar som Dead Poets Society, Patch Adams, Good Will Hunting, The Fisher KingWorld's Greatest Dad, August Rush, One Hour Photo og Insomnia, men då eg var tre år var det Aladdin.

torsdag 7. august 2014

Me kan alle knuse

Hei.

Eg ville berre fortelje deg at du er så utruleg mykje meir verdt enn det du trur og du fortener alt du lengtar etter og ynskjer deg - til og med det du tenkjer er umogleg og uoppnåeleg.

Me er alle øydelagd på ein eller annan måte.
Me kan alle knuse og briste.
Du er ikkje åleine.

onsdag 9. juli 2014

Om å dele og leve og elske

Eg tenkjer på dette med å dele.
Å dele av seg sjølv.
Å dele med andre.

Å bake og puste og lytte og skrive og sende det ut til levande organismar som har sine eigne tankefluger og bankande hjarte og tårer som gjer putene våte utan at andre får vite det. Eg ser ut av nye vindauge og har skog og sjø og nabohus (igjen) og ein sambuar (for fyrste gong) som er verdas finaste, og inne ser eg eit gammalt Tandberg-anlegg me har fått av pappa som gjer at me kan spele vinylar på platespelaren eg kjøpte då eg gjekk på vidaregåande, fordi eg hadde hatt min fyrste skikkelege sommarjobb med ID-kort og kodar og nøkkelknippe som gjorde at eg kunne kjøpe ein platespelar som skulle ta meg tilbake og fram i tid medan eg lytta til Piaf og Pink Floyd og Antony and the Johnsons som me såg i lag i Bergen i 2009 utan å vite det.

Eg tenkjer på dette med å dele og leve og elske og ete og sove i lag og føle dagane flyte forbi fordi alt går så mykje betre når me kan dele og leve og elske, saman.

mandag 12. mai 2014

Sjå opp (eller ned)

I Bergen speler fjella på trommer. Eller kanskje det er trolla, kanskje dei gøymer seg blant tretoppane og haikar med Fløibanen når det ikkje er turistsesong. Kanskje dei vil at me skal spele med. Kanskje dei inviterer oss til fest, berre at me ikkje tar hintet.

Desse siste vekene har eg minna meg sjølv på å sjå opp (eller ned). Eg gjorde det mykje før, men det er lett å gløyme av og til når ein har så mykje ein skal gjere og så mange stader å gå - eg smiler til framande og ser dei inn i auga, men det er ikkje alltid eg hugsar å sjå opp. Det er nok mykje eg har gått glipp av, men no som eg går inn i mine siste veker som liksom-bergensar, prøver eg å ta inn mest mogleg av byen som har vore min i snart fem år.









fredag 9. mai 2014

Skogsminne

Eg vaks opp i ein skog langs E39.

I denne skogen fanst det ikkje ei bestemt tid eller rom. Nokre dagar levde eg i mellomalderen, reid hestar med spyd, sverd og skjold, kjempa mot drakar (eller hadde dei som kjæledyr) og besøkte framande kongerike. Andre dagar var det vikingtid, eller framtid, eller når-som-helst-tid. I ein periode var det notid, me bygde ei hytte og laga songar som skulle gjere oss verdskjende. I ei glipe i berget kunne me gøyme oss og leve slik som i Ronja Røverdatter og skrive med krit på steinveggane.

Dei siste åra har eg utforska nye stader, vorte kjent med nye skogar og kratt, nye gater, nye fjelltoppar og sidevegar med troll og kafear, men inst i hjartet mitt gøymer det seg ein skog der lufta lukta av grantre, der eg høyrde susinga frå bilar og trailerar som reiste fram og tilbake på vegen langt der nede og der verda var så uendeleg stor og lita i same stund.

onsdag 2. april 2014

Eg byrjar så smått å seie farvel til Bergen

I går åt eg kokossorbet oppå den blå steinen medan eg smilte til framande, høyrde måseskrik, utdrag av samtalar og barnelatter.

Eg har byrja å seie farvel til Bergen. Det er ikkje som om eg aldri skal tilbake her, bømlingen min og eg kjem til å ta mange turar for å besøke vener, gå på konsertar og kose oss - kanskje kjem me til å flytte her ein gong når tida er inne for det - men eg har byrja å seie farvel for denne gong. Det er mykje eg kan gjere i Bergen som ikkje er mogleg på Bømlo. Eg vaks opp på bygda, men eg liker byar.

Eg liker å ha bussar som går kvart kvarter og å kunne spasere til nærmaste matbutikk på under fem minutt. Eg liker å ha ein kino som viser eit vedunderleg stort utval av små og store filmar. Eg liker at eg kan kjøpe veganmat på ein butikk rett ovanfor Det Akademiske Kvarter. Eg liker at eg kan puste inn historie, sjøluft, høyre bogekorps og sjå pingvinar i løpet av ein tur bort til Nordnes. Eg liker at vekene er proppa fulle av kulturmoglegheiter.

Eg elskar at det var her eg fyrst delte seng med kjærasten min, at det var her me var på vår fyrste konsert, at det var her eg fyrst sa at eg elskar han og han sa at han elskar meg.






Men eg liker òg natur, å sleppe naboar vegg-i-vegg, at det vert ordentleg mørkt ute når det er kveld, at me kan spele musikk så høgt me vil, at me kan innrede heimen vår slik me vil, at det finst sauer nokre få meter frå huset og at eg ikkje høyrer sirener. Eg liker at eg kan gå tur i mørkret utan å vere redd for at noko kjem til å skje med meg. Eg liker at me har ein skikkeleg komfyr og eit skikkeleg kjøleskap. Eg liker at me har fleire rom å opphalde oss i og meir enn eitt vindauge (sjølv om eg er veldig glad i karnappvindauget mitt). Eg liker at eg kan vaske klede utan å tenkje på kva klokka er og om eg må overføre pengar til vaskekortet.

Eg elskar at det er der me skal skape vår fyrste heim saman.








Det har vore sol i fleire dagar; uvant kost for bergensarar som flokkar til Torgallmenningen for å prate og ete is og gå tur med barnevogner. Eg kjenner korleis sola gir meg ny energi og motiverer meg til å gjere meir, finne på meir, vere ute meir, gå meir tur, skifte dekk på ein bil og spele croquet for fyrste gong på kanskje 15 år. Eg har vore sjuk med noko forkjølingsinfluensagreier som har ført til at masteroppgåva har glidd bort frå meg, så eg prøver å finne tilbake til ho og kjempe vidare. Alt ordnar seg. Om åtte dagar skal eg trykkje på ein knapp på SiB sine sider der det står Oppsigelse og om to månadar og åtte dagar skal eg levere tilbake nøkkelen min og vaskekortet mitt og sleppe å reise frå han eg elskar. Eg har teikna skisser og lagra bokmerke frå Ikea og Åhlens og Kremmerhuset og andre sider som inspirerer meg og snart kan eg leike med vaksenLego (aka. byggje møbler) og sovne og vakne i same seng.

fredag 14. mars 2014

(Snart) Fem år i Bergen

I går fekk eg brev frå SiB der dei minna meg på at leigekontrakten min går ut i juli, før dei lista opp alt eg må ordne før eg kan flytte ut og (forhåpentlegvis) få depositumet mitt tilbake. Det fyrste som slo meg då eg fekk brevet var kor mykje eg gler meg til å flytte frå naboen min og bu saman med han eg elskar.

Sjølv om eg framleis har nokre månadar igjen, tenkte eg å ta ein spasertur ned memory lane og dele nokre glimt frå livet mitt i ei hybelleilegheit i Bergen.

Då eg flytta til Bergen i august 2009 såg leilegheita slik ut (pluss bad og gang).



Me klarte å pakke alt i Jettaen til foreldra mine fordi me skulle handle møblene på IKEA her i Bergen. Så vidt eg hugsar har eg vore med på å byggje alt saman, men pulten fekk nok mest merksemd og det er den eg har tilbrakt mest tid med utanom senga mi.


Golvet mitt har sett fleire puslespel, saman med ei madrass har det gitt sengeplass til fleire veninner og kvar gong eg har rydda vekk tørkestativet mitt har det verka som om leilegheita har vakse.



Senga mi heldt seg enkel fram til eg møtte bømlingen min, me trylla ho om til å verte ei dobbeltseng og klatrar over ho fleire gonger til dagen fordi det er omtrent fem cm mellom senga og kjøkenskapet når ho er i besøksmodus.

Det er ikkje lov å lage hol i veggen, så etter å ha budd her ei stund laga eg ei gruppe på Facebook der eg inviterte venene mine til å sende meg postkort som eg kunne hengje frå lista på den eine langsida av leilegheita. Det går raude trådar mellom alle korta, arka med sitat, bileta og diktet i midten. Øvst i midten heng halvparten av det fyrste kortet eg fekk av elsklingen min, den andre delen står over spegelen min på badet.




Fordi leilegheita er så lita, må eg ha skittentøyskorga i klesskapet. Det er ei ryddig løysing, men eg synest synd på kjolane mine.

Dei fyrste par åra brukte eg ikkje boda mi, eg sjekka ho ikkje ut ein gong, men i løpet av dei siste åra har ho fungert som ein mellomlanding for ting som skal verte med meg vidare, men som eg ikkje treng ha i leilegheita, samt lager for sesongbetonte klede.

Eg har Mummikoppar på tre forskjellige stader her på Vestlandet; i Bergen, heime hjå foreldra mine og heime hjå bømlingen min. Eg gler meg til alle kan samlast på éin stad.


Eg gler meg òg til å kunne samle alle bøkene, CD-ane, DVD-ane og vinylane mine på ein stad, samt å kunne ha platespelaren min og (den fungerande) skrivemaskinen i same rom.





Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med korta på veggen, eg trur eg skal samle dei i ei Bergeneske saman med breva eg har fått i løpet av åra og korta som har mellomlanda i bokhylla mi.

Vindaugskroken min er ikkje den mest komfortable sitjeplassen i verda, men eg elskar han og har lese fleire (pensum)bøker der enn eg kan hugse.


Plakaten på inngangsdøra mi er frå då eg besøkte NKF og enda opp med å vinne ein iPod. Han er full av sitat frå bøker, filmar og fjernsynsseriar, men det er framleis plass til fleire ord om nokon har gode forslag.


Eg budde her i fire år før eg (vel, bømlingen min) lyfta bort hybelkomfyren og me fann ut at det var plass til stikkontakten på veggen bak komfyren.

Eg budde her i to år før eg skrudde på varmekablane på badet.

Det var i Bergen at eg fyrst møtte Knut Nærum, Liv Ullmann, James Randi, Linda Eide, Anne-Kat. Hærland og Loudon Wainwright III (og mange andre).





Det var i Bergen at eg fyrst såg Antony and the Johnsons, Goran Bregovic, Kaizers Orchestra (og mange andre) live.

Eg har skrive ei bacheloroppgåve her og snart har eg skrive ferdig ei masteroppgåve.


Det var her at eg fyrst fekk besøk av han som skulle verte kjærasten min.


Eg lurer på kor mange fleire esker me treng når eg skal flytte.