tirsdag 31. januar 2012

We'll Take Manhattan

I dag vil eg fortelje om ein film. Ein film om foto og mote og kjærleik og håp og draumar og om å revolusjonere ei verd som hadde behov for å opne seg, opne seg opp for det nye, det vakre, det som var fritt og som levde etter eigne reglar, som ville - meir enn noko anna - å representere livsglede.






Dette er ein film basert på ei sann historie. Ein film med søkande hender, søkande kameralinser og søkande hjarte.




Det er ikkje alltid så lett å vite kvar ein skal i denne verda, men det er veldig lett å føle seg liten, som om ein ikkje er så viktig, som om ein ikkje har noko å bidra med. Difor treng ein filmar som denne, fordi den minnar deg på at du er viktig. Du er så inderleg, utruleg viktig, fordi du er den einaste personen i verda som er akkurat som deg.



Så ver så snill: Ikkje gi opp. Gå etter den draumen. Og om den draumen ikkje går i oppfylling, så finn ein ny draum. Kanskje draumen du trudde du hadde ikkje er den draumen du framleis har når det har gått litt tid. Berre hugs å ha håp.

Og ha kjærleik. Alltid ha kjærleik.

mandag 30. januar 2012

I dag

Nye klede.


Film full av minne.


Tårer.


Kaffi.

Til Kjersti: Medan me ventar

fredag 27. januar 2012

God helg!

Touch

På søndag vert pappaen min 55 år.





Eg har ikkje klart å gjere alt eg skulle denne veka. Det har frista mest å sjå filmar og ta stillbilete og til dels gløyme at det finst ei verd der ute. Men då eg tok bussen i dag komplimenterte bussjåføren Mummidalenkortmappa mi som eg har busskortet i, og eg fann ei bursdagsgåve til pappa som eg veit han kjem til å elske. (Og pilotepisoden av Touch var vedunderleg.)

"Today we'll send over 300 billion e-mails, 19 billion text messages, yet we'll still feel alone. The average person will say 2250 words to 7,4 individuals. Will these words be used to hurt or to heal?"
- Jake, Touch

torsdag 26. januar 2012

Eg følte meg vaksen...

Fyrste gong eg:

♥ fekk lov av mamma til å kjøpe leppestift

♥ sat framme i bilen

♥ vart forelska (og den andre gongen, og den tredje, og den fjerde...)

♥ fekk hjartet knust

♥ knuste eit hjarte

♥ sat på kafé med han eg elska og snakka om slikt eg alltid hadde hatt lyst til å snakke om


♥ hadde ein skikkeleg jobb

♥ var ekstralærar i min eigen klasse

♥ snakka engelsk med ein annan engelskmann og personen forstod meg

♥ reiste på tur utan foreldra mine/familien min


♥ fekk mensen

♥ innsåg at ord er det sterkaste våpenet me har

♥ flytta for meg sjølv

♥ betalte leige og straum

♥ kyssa nokon utan å vere sjølvmedviten

♥ høyrde på vinylar


♥ var med på Filmfestivalen i Haugesund

♥ fortalde mamma at eg hadde fått ein kjærast (som for så vidt berre har skjedd éin gong)

♥ betalte med bankkort

♥ fekk skryt for noko eg hadde skrive


♥ mista ein ven fordi eg heldt fast ved det eg trudde på

♥ skjønte at dei vaksne berre er menneske dei òg

♥ vart tante

søndag 22. januar 2012

Nye ark

Desse orda er mine, men du kan få besøke dei. Om du gir meg handa di skal eg leie deg langs linjene. Nokre av orda kan vere litt skarpe, du må passe deg for dei, dei vart til under ein regnstorm. Men ser du desse orda her borte, like ved hjartet mitt? Dei vart til ei sommarnatt då alt var stille, og to sjeler var fylt til randen av bokstavar dei heldt inne medan dei såg sola stå opp.

Arka er nedsnødd no, han sa at han pla ikkje lese noko særleg, og orda du var nær ved å dele med han flaug tilbake til hjartekammeret ditt.

Det kjem fleire ark, veit du. Det kjem fleire ord. Nokre vil vere frostige og glitre av snøkrystallar i champagneglas. Nokre vil lukte av fuktig jord og setningar andre har ytra før deg. Dei beste vil vere dei som kriblar heilt ut til fingertuppane.

Pust inn minusgradene og skriv stumme ord i handflata til den du elskar.

Boka di er ikkje ferdig enno.

lørdag 21. januar 2012

Klar for våren

Eg har elska den same mannen i snart seks år, men det gjer ikkje vondt lenger. Han ligg og kviler på ein flokk av tankefluger ein stad, men han påverkar ikkje livet mitt, klarer ikkje styre humøret mitt som marionettemeisteren han ein gong var, fordi i fjor sommar møtte eg ein mann med hatt som viste meg at det finst fleire her i verda som kan få kroppen min til å krible. Han gav meg ein ny glød, og eg er klar for våren.

The quietude

I'm an emotional person. I feel things very strongly and I think a lot, I overanalyse and I have all these thoughts buzzing around in my head; I call them my thought flies. You see, I don't kill flies that come into my home unannounced, but I sometimes try to catch them and set them free because they can be very loud and overwhelming. But then they find a mirror. You know when that happens, a fly finds a mirror and suddenly it's quiet for hours on end, and to me you are that mirror. When I'm with you the buzzing quiets down and I'm right there in that exact moment, which is something that never happens to me, I'm always stuck in the past or the distant future, but you make me present. And so I guess I miss that, together with all the other things, that night and those hours, your hands and your voice; I miss the quietude, because the flies won't shut the hell up and I don't know how long I can take it.

fredag 20. januar 2012

Elskarinna mi, havet

Ute på dekket står eit gammalt ektepar, mannen er ein pensjonert sjømann og har vore på land lenge. Han lengtar framleis etter havet fordi det er elskarinna hans, så same korleis vêret er står han alltid ute på dekket når dei tar ferja for å besøke barnebarna, og kona held han ekstra godt i handa slik at han ikkje skal dra ifrå henne igjen.

Ho har aldri heilt forstått, har aldri høyrt havet syngje og lokke romantiske og eventyrlystne menn ut frå hus og heim.

Nokon elskar havet for høgt og lét det ta over. Det er desse ein finn igjen nede i lasterommet der dei har laga seg eit kongerike av tang og tare. Dei elskar havet så høgt at dei vil verte ein del av det.

Mannen på ferjedekket kikkar bort på ho som held han så hardt i handa. Veit det er han som har såra henne mest i livet. Veit det er hans skuld at ho har vore einsam, at han gjer henne einsam kvar gong han får det blikket som får auga til å glitre som solstrålene på vassoverflata.

Han klemmar handa hennar tilbake og ser ei enkel tåre trille nedover kinnet hennar til ho tar sats og vert ein del av det kalde, våte.

"No er du ein del av havet mitt," seier han.
"Hadde det berre vore nok," seier ho, før kapteinen kan melde at det er land i sikte.

søndag 15. januar 2012

Ei lita songperle

I blant gløymer eg ut fine songar eg har, slikt kan skje med nesten 5000 songar i iTunes. I dag gjenoppdaga eg denne songperla, ei perle som passar veldig godt når det er mørkt og stjerneklart ute og eg har vore på nyttårskonsert og sett og snakka med menneske som har forma livet mitt, inkludert ein eller to eg er/har vore forelska i. Då passar det med ein song som legar og riv hjartet i stykke på same tid.

lørdag 14. januar 2012

Scenekraftverk

Det følest som Café Moody her, det er difor eg er nær ved å gråte og forventar at nokon eg er forelska i skal kome inn døra. Det er det rutete golvet og folka og kjærleiken og varmen og denne inderlege kjensla av å vere heime, å høyre til. Å kunne sitje her og skrive den eine teksten etter den andre, fordi eg har funne tilbake til Haugesund igjen og det er desse folka eg vil kjenne, dei med lidenskap i hjartet og teater i blodet.

Manglar berre ein kopp Lady of Tahiti, så er eg klar.

fredag 13. januar 2012

Finn meg

Kyss meg
under lampen
i det rommet
i det huset
i den lange gata som finst
i den bydelen
i den hovudstaden
i det landet
i den verdsdelen,
om du finn meg,
i den månaden,
i den veka,
på den dagen,
i dei tre minutta eg kjem til å vere der.

Eg håper du finn meg.

onsdag 11. januar 2012

To keep her caged would just delay the spring

Då eg var liten fekk eg sjeldan store gåver til bursdag og/eller jul. Det vil ikkje seie at eg ikkje fekk flotte gåver, men eg trur at særleg når ein er liten så er det dei største gåvene som ser best ut, mest spanande, fordi ein lurer veldig på kva som kan skjule seg bak så mykje pakkepapir. Vel, sist jul var det eg som fekk den største gåva og eg hadde verkeleg ikkje peiling på kva det kom til å vere. Pakken var stor, men han var lett, så eg tenkte at lur som Bjarte (den eine storebroren min) kan vere, så kunne det like gjerne vere ei eske full av bobleplast med eit gåvekort gøymt inni der ein stad, som eg hadde måtte leite etter.

Julafta kom, timane gjekk, tantebarna sov. Det var tid for den største gåva.


Det var eit fuglebur! For å vere eksakt: Eit fransk fuglebur frå 1920-talet. De som kjenner meg veit eg har nokre ting eg elskar meir enn andre, då særleg tre ting som forhåpentlegvis kjem til å vere til stades i ein framtidig bustad: fuglebur, timeglas og vindeltrapp. Eg har hatt eit fuglebur frå Kremmerhuset i nokre år no, men sjølv om det er veldig vakkert, så er det ikkje heilt det eg har sett for meg. Det har ikkje den same historia som ein bruktgjenstand har, og eigentleg håpar eg vel å ha fleire fuglebur på eit punkt, på same måte som eg (så langt) har tre skrivemaskinar. Men no har eg altså eit nydeleg fransk fuglebur som er nesten 100 år gammalt, takka vere Bjarte. Finfin storebror. (Og sjølvsagt takk til Anne Ingeborg òg, som er trulova med Bjarte og var med på gåva.)

Kvifor har eg ikkje presentert dette vedunderet før? Vel, eit anna faktum de gjerne veit om meg er at eg plar alltid gi namn til tinga mine som tyder mest for meg, men dette fugleburet har eg ikkje klart å finne namn til. That is, not until today. Eg sat buret på senga mi og stira på det medan eg høyrte på Awesomeness-spelelista mi, og då iTunes hoppa til ein Florence + The Machine-song (All This and Heaven Too) så slo det meg: Det skal sjølvsagt heite Florence! Kremmerhusetfugleburet heiter Francesca, så det passar til F-temaet, og Florence har alltid fuglebur på scenen når ho syng. Det passar ypperleg!

So without further ado, ladies and gentlemen, this is Florence:

It was a fine affair, but now it's over

Songs stuck in my brain today:




tirsdag 10. januar 2012

Huden din smakte salt

Kanskje dette er slutten. Eg kan framleis smake deg, kjenne hendene dine på meg og mine eigne under dressjakka di medan du ser på meg og eg veit, eg berre veit - veit at du kjem til å vere den eg har venta på.

Du smakte av røyk og sakte, eggande tonar. Du smakte av øl og vodka og ein bassolo som spelte på alle strengene mine. Du smakte av anglofile fantasiar og ei bakgate i Hackney eg håpar å besøke ein dag, om du vil ta i mot meg.

Du smakte av gamle og nye kapittel og ei repeterande historie.

Du smakte av raude kinn og sveitte kroppar.

Huden din smakte salt.

Og mest av alt smakte du av ein ny melodi eg sidan har dansa til.