onsdag 22. april 2015

Eg veit korleis kjærleik ser ut

Eg veit korleis kjærleik ser ut.

Eg kjenner kvart ansiktsuttrykk,
kvart tonefall,
kvar kvadratmillimeter av hud.

Eg kjenner kvart kyss.

Eg kjenner alle dei beste måtane å liggje ved sida av kvarandre utan at armane sovnar,
og eg kjenner kjærleiken så godt at eg veit når han treng fred.

Eg kjenner kjærleiken fordi eg sovnar ved sida av han kvar kveld
- alltid til venstre, same kvar me er -
og der drøymer eg dei vakraste draumane i mitt liv.

tirsdag 21. april 2015

Baristablekksprutar og kollektivkvalar

Du sit på trappa ved bygningen der du bur og ventar. På vegen framfor deg symjar kvalar forbi og menneske vinkar til deg frå vindauga kvalane installerte under den trafikale revolusjonen i 1995. Trea er fulle av kjærleik på pinne, og ei jente med langt, lyst, krøllete hår vinkar til deg frå den øvste kjærleiken som får deg til å tenkje på då du gjekk på skulen og meinte at det fanst slott i kvart blomsterbed.

På yndlingskafeen din er alle dei tilsette blekksprutar og edderkoppar - fordi dei er så mykje meir effektive enn vanlege hundar eller kanarifuglar - og alle veit at svarte enker lagar den beste kaffien.

Du prøver å teikne han som sit på bordet ovanfor deg, men andletet hans er så vakkert at du klarer ikkje få det ned på papir. I staden for går du bort og spør kva han heiter, og han stavar namnet sitt i handa di. Innan han har skrive den siste bokstaven, veit du at de kjem til å ende opp i same trekrone. De finn den nærmaste kollektivkvalen og seglar heim til leilegheita hans som er ei sky som i Mummidalen, eller kanskje ho er sukkerspinn, og du lurer på kva det var du eigentleg skulle gjere då du stod opp i dag, fordi alt følest så lite viktig i det augeblikket.

Når sola strekkjer på strålene sine, er du allereie på veg heim. Du fann ein hai i siste liten. Og du veit med heile ditt hjarte at i morgon kjem du til å vakne og verda kjem til å vere kald og trist og mørk, men du har levd nokre timar i ein by med kollektivkvalar, baristablekksprutar, og godteritre, og det er nok til at du kan halde ut.

torsdag 9. april 2015

Lakselinja

Med mastergrad i teatervitskap og år etter år etter år med å vere publikum på tallause teaterframsyningar, er det heilt fantastisk å i blant få vere med på å faktisk skape teater. Eg har tidlegare vore i Studentteateret Immaturus sitt kunstnariske råd og vore deltakande i ymse dramaturgiat og gjort litt småjobbar her og der, men det aller største er å kunne fylgje ein produksjon frå start til slutt.

Sidan nyttår har eg vore så heldig å få vere dramaturg og regiassistent på Lakselinja, eit nytt stykke skrive og regissert av Nina Sele. Det har premiere på Bømlo Kulturhus i morgon kveld klokka 19.30, og skal i tillegg spelast laurdag og søndag kveld til same tid.

Framsyninga handlar om 12 (13) menneske med ulike liv og bakgrunnar som jobbar på lakselinja, og i møtet med dei får me sjå korleis arbeidsdagane deira utfaldar seg og kva dei tenkjer på og drøymer om.

Scenograf Janne Robberstad har designa ein utruleg kul scenografi som for det meste består av isoporkassar (så langt har me 980 stykk) av same type som lakseindustrien bruker. I tillegg har me lys- og videodesign av Joakim Foldøy og musikk av Hans-Olav Molde.

Dette kjem til å verte ei superfin og kul oppleving og alle som kan er hjarteleg velkomne! Billettar kan kjøpast på bomlokulturhus.no.