mandag 30. juli 2012

Birte og bømlingen hennar i Bremen

Til informasjon: Når ein drar på sin fyrste utanlandsferie med kjærasten sin, så endar ein opp med å nyte tida med han framfor å ta så frykteleg mange bilete.

Det vart altså ikkje så mange bilete som eg kanskje hadde tenkt at det skulle verte, men her kjem i alle fall eit knippe som viser noko av det me fann på. Det var ein vedunderleg fin ferie og me gjorde akkurat så lite eller så mykje som me ville. (Og eg snakka tysk!)















torsdag 19. juli 2012

Eg lever

Eg lever på luft og kjærleik (og sjokolade).

På søndag drar bømlingen min og eg til Bremen, vår fyrste kjærasteferie utanlands, og eg skal late som eg kan tysk. Med andre ord: eg skal halde bømlingen min i handa og smile medan han snakkar. Eller så skal eg snakke engelsk. Eller kanskje eg skal prøve meg på nokre tyske ord, sjølv om eg ikkje har vorte undervist i det (og dermed ikkje snakka det) på over sju år. Me får sjå kva som skjer. 

Det eg veit heilt sikkert er at me kjem til å få det fint. Me skal gjere akkurat kva me vil og eg skal ta bilete og forelske meg på ny i ein by eg ikkje har besøkt sidan eg var rundt tre og eit halvt år gammal.

Håpar de har gode dagar der ute i verda. Kjærleik til dykk alle.

tirsdag 10. juli 2012

Blåbær på eit strå

Sjølv hendene mine kyssar deg.

Det regnar,
du har doggvåte skuldrer.

Hengjekøya heng høgt over bakken,
me latar som om me har funne
ei ny verd.

Verda vår.
Livet med deg.

Ligg ved sida av deg,
vil aldri dra.
Søv best når eg kan sovne
til lyden av pusten din.

Blåbær på eit strå.
Havutsikt.
To sveitte ryggar.

Her finst ikkje tid,
ingen strenge peikefingrar som dikterer kva som er
natt
og dag,
berre

to puter.

To dyner.

Og du som smiler i søvne.