mandag 25. mars 2013

Rollespel

Mamma var ein støvkost og pappa var eit feiebrett. Han feia over det meste, eigentleg. Stovegolv, kjøkenbenkar, fortau, garasjeportar, i blant eit gatehjørne og ein gong feia han over marmor i ein suite på Grand Hotel.

Mi rolle var uklar. Eg var eit strykejern, ein oppvaskmaskin, eit fjernsyn, ein brødkniv og ein vase, men eg var aldri nok i lengda. Leidninga var ikkje lang nok, reklamane for irriterande, kniven for sløv og vasen hadde ikkje rett fasong; passa verken til roser eller tulipanar.

Så eg prøvde meg på nyskaping, vart eit kjøleskap som kunne lage isbitar og handle mat og seie i frå om mjølka hadde gått ut på dato. Eg hadde innebygd frysar og passa på at det var orden i varene, smilte til deg då du åt is klokka fire om natta og minna deg på å drikke nok vatn då du kom heim klokka seks om morgonen og enno ikkje hadde sove, men trass i alle mine beste intensjonar så byta du meg ut etter fire månadar.

Mamma kosta pappa ut døra ein kald januarkveld etter å ha funne suvenirane han gøymde nede i det høgre hjørnet av feiebrettet. Ho sa ho var glad for å verte kvitt han, men eg veit ho framleis saknar han når det er tid for vårreingjering.

fredag 22. mars 2013

Den beste måten å ikkje sove på

(Vel, den nest beste.)

De skjøner det, kjære lesarar, at eg er avhengig. Har vore det så lenge eg kan hugse. Det finst så mange ulike typar og måtar å gjere det på. I senga, i stolen, på pulten, med nokon du kjenner...

Det finst så mange seriar!

No ser eg Sex and the City frå byrjinga (igjen), det er ungt og naivt og frustrerande og det er terapi for sjelen. Eg treng seriane mine, nokre til å inspirere meg, nokre til å informere, sjarmere, traumatisere og glede meg, nokre eg kan sjå på utan å måtte tenkje, dei fleste samtidig som eg speler kabal. Det er meir enn eit tidsfordriv, det er meir enn å halde seg oppdatert på kva som skjer i alle dei fiksjonelle universa som nokon har skapt og skaper dag etter dag, år etter år. Og når nokon lagar ein serie som er skikkeleg god så gjer det meg glad.

Det er ekte kjærleik.