mandag 28. juni 2010

London - Part I

Tysdag 22.06.10
Dagen eg måtte ha bevis på at eg var meg, og dagen eg fekk foreldra mine til å ete vegansk & økologisk japansk mat

Det er vanskeleg å skildre kjærleiken eg har for England og London. Eg er 100 % anglofil og har vore det så lenge eg kan hugse. Då eg sat på toget frå Stansted inn til Liverpool Street Station vart eg fylt av ei nærmast zen-like ro, og kommentarane frå mamma som sat ved sida av meg flaut rundt i togvogna som byane og naturen som fauk forbi utanfor vindauga. Mamma sa eg såg nærmast andektig ut, der eg kjente meg heime for fyrste gong sidan eg forlét Vardafjell i juni i fjor.




Etter å ha funne fram til og innkvartert oss på hotellet i distriktet Camden Town (men med King's Cross St. Pancras som nærmaste undergrunnsstopp) skulle me = foreldra mine og eg verte betre kjent med området og finne ein stad å ete. Etter litt vandring enda me opp på ein vegansk, økologisk japansk restaurant der eg naut synet av foreldra mine ete (og like) vegansk mat, samt vart imponert over at trass i at det både var vegansk og økologisk, vart eg likevel dårleg. Mamma skålte (på mi oppfordring) for Meryl Streep som var 61 år den dagen, og etter ein lang reisedag var me eigentleg ganske nøgd då me kunne leggje oss til å sove.

Onsdag 23.06.10
Dagen eg fekk panikkanfall i dusjen, samt besøkte verdas (i alle fall Londons) finaste butikk

Onsdagen skulle i teorien gå til avslapping, men kven kan slappe av og basically ikkje finne på noko når dei er i London?! Etter litt om og men hamna me på Piccadilly Circus og var innom eit godt utval butikkar, men sjølv om det var utruleg mykje fint hadde eg ikkje anna med meg tilbake til hotellrommet enn ei lang blazer-/dressjakke i kvitt lin og ei nydeleg Penguinutgåve av Great Expectations av Charles Dickens. Sistnemnte vart kjøpt på den mest vakre og magiske butikken eg har vore i, og eg angrar veldig på at eg ikkje spurte om det var greitt å ta bilete der inne. Butikken gjekk over tre etasjar og over den eine langveggen, bak trappene og platåa, var det eit mønster laga av levande planter som fekk næring frå regnvatn. Det lukta heilt fantastisk då ein gjekk nær planteveggen, og det forsterka inntrykket av butikken som rein, slightly eksentrisk, naturleg og gorgeous. Pappa og eg høyrte òg at det var grashopper som budde i planteveggen, noko eg fann utruleg koseleg. Hadde eg vore rik, skulle eg ha kjøpt omtrent alt dei hadde der, blant anna eit himmelsk utval over out of this world-fabulous kjolar! Butikken heiter Anthropologie og adressa er 158 Regent Street.

Om kvelden var me på Queen's Theatre og såg Les Misérables som me kjøpte spontanbillettar til tidlegare på dagen. Eg hadde fullstendig dilla på Master of the House resten av kvelden/turen, og talet 24601 har fått ei sterk meining. I rolla som Marius var Nick Jonas frå The Jonas Brothers, noko eg ikkje ein gong var klar over, men som ei brasiliansk jente ved sida av pappa samt to californiske jenter bak oss var frykteleg opptatt av. Før stykket byrja, og i pausen, og etter pausen, og stort sett i kvart einaste ledige augeblikk då det ikkje skjedde noko på scenen, sat dei og diskuterte kor mykje dei "like, totally LOVE" Justin Bieber, Miley Cyrus, Zac Efron, Robert Pattinson og heile den teen-/tweengjengen, og pappa uttrykte etterpå at han syntest det var litt patetisk kor dels desperate og oppslukte dei var. Eg turte ikkje seie at eg "would probably, like, die" på fredag, ved synet av David Suchet.


Og så bør eg sannsynlegvis forklare panikkanfallet: Vel, eg hadde enkeltrom på hotellet med eige bad og på det badet var det ein dusj, og de som kjenner meg veit eg plar dusje kvar dag. Då eg var ferdig med å dusje fyrste morgonen skulle eg opne dusjdøra, og eg er vant til at dusjdører skal skyvast til sida, men då eg prøvde dette var det heilt umogleg å få ho opp, det same gjaldt då eg forsøkte lage ei luftlomme fordi eg trudde det kanskje var noko vakuumliknande going on (som really var absurd, sidan kabinettet ikkje gjekk heilt opp til taket). Løysinga på problemet, som eg seinare skulle oppdage, var sjølvsagt latterleg enkel, men når ein står naken i ein dusj og ikkje kjem seg ut, og veit at hotellromsdøra er sikra både med kjetting og lås, utviklar ein gjerne (som meg) eit panikkanfall som då hindrar ein i å sjå den latterleg enkle løysinga og dermed nesten øydelegg neglene sine og det som verre er for å kome seg ut, medan pustinga nærmar seg hyperventilasjon. Men: eg kom meg altså ut til slutt.


Torsdag 24.06.10
Dagen ingenting smakte godt utanom toasten med raspberry jam (og dei friske bringebæra, men dei var behandla med sprøytemiddel slik at eg klødde i hals og munn). Det var òg dagen me gjekk rundt i 800-1000 år gamle bygningar og eg vart overlukkeleg over alle vindeltrappene

Eg har alltid hatt lyst til å besøke Tower of London, og dette var dagen eg fekk sjansen! Ein kan ikkje unngå å verte påverka av å gå i tusen år gamle trapper og røre ved veggar og stå på gulv der kongelege og skurkar (som i blant var dei same) igjennom århundre har budd, oppheldt seg og døydd. Det eg fann mest fascinerande var å sjå ut vindauga og prøve førestille meg kor annleis utsikt dei må ha hatt, og korleis det var på den tida. I tillegg var bygningane fulle av vindeltrapper, som gjorde meg umåteleg glad og energisk.









Dei hadde òg ei kjempespanande utstilling med tittelen Fit for a King med rustningar og utstyr/våpen dei tidlegare kongelege og deira soldatar brukte, samt modellar av dei kongelege hestane, for kva er vel ein konge utan hest? Ein kunne lære utruleg mykje og dei hadde blant anna eit rom med interaktive øvingar og "spel" der ein kunne teste kor flink ein var til å til dømes skyte med pil og boge.

Me avslutta dagen med eit pubbesøk der dei fleste gjestene hadde auga på fjernsynsskjermane sidan det var fotballkampar going on, dei var however ganske rolege sidan England ikkje spelte.







torsdag 17. juni 2010

You are my best friend. You are my only friend.

Mary and Max er ein film frå 2009 laga med stop motion-animasjon (så vidt eg kan sjå). Han handlar om Mary som er ei lita jente frå Australia med foreldre som overser henne. Faren bruker dagane til å jobbe og utstoppe døde fuglar han finn langs vegen, og mora seier ho lagar mat og gjer husarbeid, men det ho eigentleg gjer er å "teste" bakesherryen og røyke. Ein dag blar Mary i ein telefonkatalog med adresser frå New York og vel ei adresse til ein framand ved namn Horovitz, M. J. (Max Jerry Horovitz).

Max er ein gammal mann som bur i ei leilegheit i New York med ein fisk, nokre sneglar (som har fått namn etter kjente forskarar Max likar), ein katt og ein papegøye, samt den usynlege venen sin Mr. Ravioli som legen til Max sa han ikkje har behov for lenger, så Mr. Ravioli sit berre på ein krakk i eit hjørne og les bøker. Filmen handlar om venskapet som vert forma mellom dei to, og korleis dei influerer kvarandre sine liv, sjølv utan å nokosinne ha møtt kvarandre. Det er ein utruleg vakker og original film som rører ved dei strengene inst inne i hjartet som ein berre kjenner er der når det er noko ekstra fint eller ekstra sårt ein opplever, og eg synest alle bør ta seg fri i ein og ein halv time for å sjå han.

"I have also invented some new words. 'Confuzzled', which is being confused and puzzled at the same time, 'snirt', which is a cross between snow and dirt, and 'smushables', which are squashed groceries you find at the bottom of the bag. I have sent a letter to the Oxford Dictionary people asking them to include my words but I have not heard back."


"Max hoped Mary would write again. He'd always wanted a friend. A friend that wasn't invisible, a pet or rubber figurine."

mandag 14. juni 2010

Puste(gråte)pause

Dette er den nye dagen. "Dette er den nye dagen," seier eg til meg sjølv, og veit heilt ærleg ikkje kva det tyder. Dette er pustepausar med vener og klemmar før folk drar heim. Dette er den nye dagen. Det nye ynskjet. Dei nye tankane som skal fylle meg frå tær til topp og eg skal syngje og vere glad. Dette er den nye dagen. Ingen maskerte menn skal ta meg bort, ingen kaffikoppar skal fyllast over. Dette er den nye meg. (Finst det nokosinne ein ny ”meg”?) Eg har alltid visst kven eg er. Har tatt nokre omvegar, men her er eg. Eg heiter Birte Valkyrje, går helst i kjolar eller skjørt, må ha hælar som lagar klikk-klakk-lyd for å overleve, og eg elskar. Eg elskar høgare enn himmelen, og pustar inn pollen som gjer at eg nesten ikkje klarer leve om sommaren (og våren), men det er sol og eg vil male eit stort maleri. Eg vil reinkarnere Jackson Pollock og kaste alle kjenslene mine på lerretet. Eg vil leve. Eg vil puste og leve. Eg vil vere her og no, fordi dette er den nye dagen og eg skal klare dette. Eg skal klare å kome vidare. (Har eg sagt at eg lever i fortida? Det er ikkje som om eg gjer det med vilje, det berre skjer. Dei einaste gongene eg er her, her og no, er med mennene som får hjartet til å galoppere og kinna til å blusse opp. Kapillæra mine er så nær huden min, skjøner de. Det er ikkje rart eg vert raud. Berre tenk på det smilet, og dei auga, og dei gongene han rørte ved meg og eg fekk frysningar over heile kroppen. Og… (ser du? Fortida tar over.) Eg skriv parentesar inni parentesar fordi tankane tar overhand. Klokka er snart to, det er ein time til djeveltimen og tankane tar overhand fordi det er sommar og eg har fri og universitetet er framleis skummelt sjølv om eg er ferdig med 20 % av utdanninga og vil eg eigentleg verte lektor lenger? Eg veit ikkje. Eg elskar Vardafjell, men eg veit ikkje om eg klarer vere ein god lektor. Og så har eg funne ut at sjølvtilliten min går stadig nedover. Eg var meir sjølvsikker i VG1 enn no. Og det skremmer meg, fordi eg veit ikkje kva som har skjedd, kvifor eg ikkje klarer slutte fikle med hendene når eg snakkar og kvifor orda har så vanskeleg for å kome, og eg har feil personlegdom for munnleg eksamen. Ein kan ikkje ha dårleg sjølvtillit og verte stille og inneslutta på eksamen, men det var det som skjedde. Eg mista tankane, er ikkje det ironisk? Eg som alltid har hovudet fullt av tankar. Og eg såg frå eksaminator til sensor, og eg følte meg så utruleg liten og eg ville berre klyve oppi fanget til mamma og liggje der til alt var over, slik som då eg var ei lita jente som ikkje klarte fylgje med på gudstenesta, så eg gøymte meg inni kåpa til mamma som lukta av parfyme og peparmyntedrops, medan ho song til salmane eg aldri syntest gav meining. Eg veit ikkje kva eg skal gjere.)

Men: eg skal til London. Og London er i England, og i England er alt vakkert fordi i England snakkar dei engelsk og sjølv om det berre er fem netter, skal eg blomstre i England. Eg må. Eg skal møte nesten-ektemannen min og ta bilete av alt som ikkje er turistattraksjonar og sjå fossil som er frå ei tid då det ikkje fanst tankar. Tenk så stille det må ha vore.