mandag 30. august 2010

Ei augustnatt

Å ikkje klare sovne og i staden for liggje og tenkje på:

- menn ein gjerne skulle ha kyssa

- dei fine augeblikka med han som var alt

- vakre scener frå filmar ein ikkje har sett på fleire år, men som er rett der i DVD-hylla

- oppskrifter ein nettopp har dikta opp, og lure på om dei kjem til å fungere

- bursdagsfeiringa, og korleis alle dei folka skal få plass, men samtidig glede seg

- at å ha fest på toppen av ein bygning må vere quite magical

- korleis alt verkeleg handlar om pengar (og kjærleik)

- nyttårsmarkering i London og det nydelege hotellet ein aldri har vore i, men likevel drøymer om

- alle ein saknar, sjølv om ein var med fleire av dei for mindre enn eit døgn sidan

- korleis ein skal få livet sitt til å gi meining, og om det i det heile tatt er nødvendig, kanskje alt er fullstendig random (men det er så skremmande)

- den fine mannen på Bybanen


onsdag 18. august 2010

Å kjenne (og elske) seg sjølv

Eg har aldri vore ein særleg utadvendt person, men eg seier i frå når noko er verdt å setje spørjeteikn ved. Eg har ikkje hatt ein kjærast sidan 8. klasse, men eg tør prate med verdskjente skodespelarar eg forgudar. Eg har mild sjølvdiagnostisert OCD, og sjølv om eg elskar menneske har eg tidvis tilfelle av sosial angst som eg trur sommarjobben min har hjelpt meg takle.

Denne sommaren har eg fyrst og fremst gjort meg meir kjent med meg sjølv. Kanskje eg ikkje har lært så mykje, men heller innsett ting. Som at eg:
- moglegvis ikkje endar opp som lektor, men likevel vil fullføre studiet slik at eg har sjanse til å jobbe som det om det er noko eg kan tenkje meg etter fem år ved universitetet.
- føler eit sterkt behov for å bu i England når eg er ferdig med mastergraden min. Eg kan ikkje vente med å bu der til eg er pensjonist.
- synest teater er det beste i verda (men det visste eg allereie).

Eg kan verte nervøs av bagatellar, men eg har møtt og snakka med nesten-ektemannen min, og i dag vart eg intervjua om det. Eg saknar Vardafjell og veit at åra der er minne eg må ta godt vare på, og i morgon skal eg innom og besøke Alice og gratulere Gatsby med dagen. Og sjølv om eg har fleire allergiar enn kva burde vere mogleg, kan eg likevel bake fantabulous kaker og servere dei til småstressa journalistar.

mandag 16. august 2010

Linjene

Det var dei fine linjene. Å stryke ei hand langs beina dine, spele med lette rørsler på instrumentet som var deg. Å kysse bort tårer og vere nær deg når du var mest sårbar. Verte smitta av gåsehud og lytte til hjarteslag.

Det var å stå på tå for å nå opp til høgdene du lengta etter, og falle – som i ein flyktig draum.

Det var når du sov i vindaugskarmen og eg heldt rundt deg, heldt rundt deg for alltid. Korleis du gløymte teppet og me vart gjennomvåte av vårgraset, men aldri fraus.

Det var koppane på frukostbordet. Håret som kvitna og bøkene som samla seg opp, låg i stablar frå golv til tak og korleis me passa på å danse mellom dei, til ei slitt vinylplate, og kor fredfull du var.

Det var dei fine linjene. Korleis munnen din kjentest under fingertuppane mine og korleis du alltid såg meg for den eg var. Den eg kunne verte. Den eg vart fordi du elska meg.

Og til slutt: Det var rommet me skapte, under ein fiendtleg himmel, der kvar dag var søndag så snart me var saman igjen.

torsdag 12. august 2010

Je t'aime

Han tok henne i handa, og det var alt ho trong. Ingenting kunne verke meir ekte og ho kunne aldri føle seg meir levande enn då handa hans heldt henne i ro. Heldt henne trygg. Og ho elska han så utruleg høgt, akkurat i det augeblikket. Ho kjente murveggen knuse og tankane fly. Ho kjente kvart hjarteslag og kvar tåre som seinare kom til å falle. Han skreiv med peikefingeren i handflata hennar.

"Elskar du meg?"

Dei dansa der senga seinare kom til å stå. Han lét den ledige handa stryke henne over ryggen og kyssa henne forsiktig i pannen, på augelokket, på haka, i det litle søkket der halsen går over til å verte bryst.

"Ja, men elskar du meg?"

Framleis stille falt tøy til golvet. Han kyssa kvar føflekk på armen hennar medan ho vogga sakte til musikken berre dei kunne høyre. Vinglas vart fylt til randen, og kjærleiksdikt vart skrive på veggen med leppestift og bringebær.

Under eit malt univers låg dei der senga kom til å stå. Éi natt omslynga i kvarandre for å verte eitt, ei anna lengst mogleg borte frå kvarandre, men kom alltid til å finne tilbake. Til musikken som alltid vart spelt, tidvis rungande, tidvis nærmast lydlaust.

Han teikna på henne. "Du kjenner meg betre enn nokon annan. Når eg høyrer eit vakkert sitat, er du den fyrste eg vil dele det med. Når det regnar, tenkjer eg kor glad du kjem til å verte for å kunne bruke paraplyen du har hatt sidan du var ei lita jente. Kvar forbigåande kvinne i kjole minnar meg om deg, og musikken vår er utan like. Utan musikken vår vil eg døy...

Sjølvsagt elskar eg deg - du er andedraget mitt."

torsdag 5. august 2010

Sort of inspirert av Nøve skreiv eg ein liten tekst i dag, etter ein ganske lang tørkeperiode (sett bort i frå nokre små dikt her og der).


In Memoriam

I trappeoppgangen heng ei enkel lyspære frå ein slitt leidning. Han var kvit ein gong, fastbunden etter reglement, såg nesten stolt ut, skikkeleg. Lyset flimrar medan ei gammal kone – holete klede, tunge av skitt, pistrete hår – stavrar opp trinna, grip etter eit rekkverk som rotna bort for mange år sidan.

Kva er vel tid? Måleeining for dei trongsynte. Kva veg mest: dagen han sa han elska deg, eller året du brukte på ei utdanning du eigentleg ikkje brydde deg om?

Klumpen i magen er der framleis. Den gamle kona gir ut håplause host, er nesten ved etasjen sin. Berre nokre steg til, nokre få steg. Minnast å sjå barna lære å gå. Prøvande, fyrst, alltid med ei hand på noko stødig, ein kommode, ein stol. Korleis dei klamra seg til henne, og ho tenkte at for kvar dag ville dei trenge henne litt mindre.

Separasjonen var uunngåeleg, ho visste det, men berre å høyre dei i gangane éin gong til, sjølv den bråkete musikken sakna ho.

Å kysse bort smerte, lese dei i søvne, sloss mot dårlege dagar med kjeks og varm sjokolade.

Ho fører nøkkelen inn i låsen og ventar på ingen, men håpar på alt. Eit nytt host medan døra går opp - knirkinga er der enno, men dei har ikkje tid til å kome og fikse. Ho byrjar nesten å le, kven har vel tid desse dagar? Alle venene ho pla ha har mista tida si.

I spegelen møter ho eit trøytt blikk, blikket til ein framand. Høyrer fjerne rop, nokon leikar, ein stad der borte. Kvar finst denne gleda?

Dei takka henne, tok henne i handa og takka for det gode arbeidet, sa at det ho hadde gjort verkeleg hadde tydd noko. Takka henne og sendte henne av stad.

Ute på fortauet ligg framtida. Ein dag, snart, eller på golvet, nede i fyrste etasje. ”Ho greip alltid etter det rekkverket” ville dei seie, og ho skulle ikkje skrive nokon lapp. Kva skulle ho ha skrive?

Eg var elska, ein gong.