tirsdag 15. desember 2009

torsdag 10. desember 2009

Stemte bilabiale plosiver and such

To eksamenar over, one to go..; i det minste er sistnemnte ein heimeeksamen. Eg veit ikkje kva det var med ex.fac-eksamen i dag, men eg hadde djup angst for han i rundt ei veke og i natt klarte eg berre sove i omtrent tre timar, som ikkje heilt matchar den anbefalte dosen. Men som med alle andre prøvar (i det minste av dei skriftlege), vart eg roleg og konsentrert så snart eg sat med spørsmåla framfor meg, og eg trur det gjekk fint. Eg håpar det gjekk fint.

Visste de forresten at det er ei hemmeleg bergensk greie om at dersom du sit på ein av "søylesoklane" ved Platekompaniet, så vert du augeblikkeleg the center of attention? Nøve og eg vart intervjua av medieelevar til eit radioprogram, av ein fyr frå BA (me kjem visst i avisa ein eller annan gong i løpet av fredag-søndag), samt me fekk kupong verdt ein gratis kopp kaffi/te på Egon.

Til sist må eg berre få uttrykke kor mykje eg gler meg til å besøke Vardafjell igjen! Eg saknar Haugesund i det store, men Vardafjell aller mest.

Truthfully: den siste veka er minnet om Gatsby som smiler til meg, og tanken om at han snart kjem til å smile til meg igjen, det einaste som har heldt motet mitt oppe.

Og for å muntre meg opp litt ekstra, kjøpte eg i dag eit nytt puslespel, samt eit par gorgeous støvlettar.



fredag 20. november 2009

20 seasons of fabulous

To make a long story long: Eg elskar kalde haustdagar og kattar som går inn i butikkar utan lov, men vert ytst frustrert når skodespelarnamn på filmplakatar ikkje går overeins med kva rekkjefylgje skodespelarane har på biletet under. Eg er allergisk mot meir enn det som burde vere mogleg, og til slutt kjem eg sikkert til å måtte leve på vatn og kosttilskot. Eg vert glad av refleksvestwearing barnehagebarn som spring for å klare krysse vegen før mannen vert raud, og om sommaren sit eg helst i skuggen, medan om vinteren kan det vere eg går rundt utan jakke. Vardafjell er staden der eg har følt meg mest heime i heile mitt liv, og om litt over fire og eit halvt år skal eg jobbe der. I will, I really will. Eg elskar for mange, og saknar, if possible, endå fleire. Eg elskar sterkt og lenge, og eg trur at hadde fleire brukt meir tid på kjærleik enn hat og indifferanse, hadde me hatt ei betre verd. Eg har mange tankar, men sometimes få ord, fordi av og til er det best å berre studere medmenneske. Og eg er endeleg ferdig med tenåra, dog eg har aldri følt meg som ein tenåring.

To make a long story short: Eg har bursdag i dag!

onsdag 18. november 2009

I miss you

I miss Sveinbjørn, "Gatsby", both Ragnhilds, Katrine and Sverre (and the rest of the teachers too). I miss sitting at our table and trying to mess with people when they'd wrongfully occupied it. I miss crossing off the staff going in to their Wednesday meeting and how safe and at home I felt, walking those halls. I miss getting insanely excited when being informed that "Gatsby" would be our sub for a few classes and how I (basically) was the only one who got his references. I miss his smiles and when he spoke to me with his gorgeous British accent, and how profoundly happy and excited he got when I told him he really looked like Gatsby that day. I miss how great he made me feel. And I keep thinking back at that last day, when he had to hug me an extra time 'cause, according to him, his words were so kind he even moved himself.

I miss you, all of you.

In exactly one month I'll get to walk those halls again, though, I can hardly wait!

And in two days I'll be 20. (Woot, woot!)

fredag 13. november 2009

I raise a glass, make a toast, a toast in your honour

Hadde besto (farmor) vore i live, hadde ho vorte 90 år i dag. Tilbake i 1989, året eg vart fødd, feira familien min bursdagen hennar og ho sa til foreldra mine: "Kjem ikkje babyen i dag, så kjem ho om ei veke!", og ho hadde heilt rett.

Besto døydde av brystkreft i 1993, eg var litt over tre og eit halvt år då ho forsvann, ei tid då tre og eit halvt år verka som veldig mykje, og tårer fell ned på kinna mine når eg tenkjer at det einaste eg hugsar om henne er at ho låg i senga mi, på det gamle rommet mitt, og kor lita og uoppnåeleg ho verka.

Eg har arva krøllene hennar, og hadde ho vore i live, trur eg me hadde hatt langt fleire ting til felles. Dagen i dag har eg dedikert til henne. Ho har vore i tankane mine, eg har feira henne med kake og kvitvin, og om litt skal eg sjå I've Loved You So Long.

Eg saknar deg, besto.

torsdag 5. november 2009

Av og til

Av og til må ein vaske 17 truser, eit par sokkar og eit laken på eit vaskerom der lyset framleis står på, men det er ingen der, og det var ingen familiemedlem eller betre halvdelar som lét det stå på. Av og til må ein studere dei fem vaskemaskinane, der berre den eine har ein ferdig vask, nokre vassfylte puter som ein legg på toppen av vaskemaskinen til deira respektive eigar kjem for å hente dei, og ein tenkjer at sist gong hadde nokon vaska undertøy der, og det føltest rart å skulle røre ved framande menneske sitt undertøy, uansett kor nyvaska det var.

Av og til må ein stå over ei førelesing eller to, fordi nasen er tett, hovudet tungt og viljen den vanskelegaste av alle. Seminarane flyr forbi med diskusjonar ein prøver ta del i, og klarer det, av og til, men andre verkar så mykje større enn ein sjølv, dei har så høge stemmar og klare meiningar, at sjølv om poenget eins var minst like bra, tar ein seg sjølv i å berre sitje stille og nikke.

Av og til verkar det best å vere litt usynleg, i det minste fram til nyttår.

mandag 19. oktober 2009

Korleis Pink Floyd aldri vart det same

Ein person kjem uannonsert inn i rommet, og du lurer på korleis du kan elske denne personen momentant, utan å kjenne han, utan å vite namnet hans. Likevel veit du at du elskar han, kjem alltid til å elske han, fordi i det han kom inn i rommet, eksploderte hjartet ditt.

Du går i fleire månadar; tenkjer, fantaserer, drøymer. Undrar på om han la merke til deg, veit at han eigentleg ikkje gjorde det. Du veit namnet hans no. Veit at alle andre med det same namnet kjem til å minne deg om han. Det får plutseleg så mykje å seie, det namnet, dei seks bokstavane som står skrive inst inne i dei djupaste holromma i kroppen din.

Ein person kjem uannonsert inn i rommet, og livet ditt er endra. Du kan aldri vere den same, og du er ikkje heilt sikker på om det er positivt eller negativt. Du kjenner korleis holromma lengtar etter å sjå han, korleis fingrane dine vil vite korleis han følest under eit lett trykk, ein klem, eit kyss. Alt anna vert som bagatellar, så lenge du kan høyre han fortelje om yndlingsbandet sitt, og finne ut kva han best likar å ha på skiva.

Og ein dag kyssar han deg, men det var ikkje slik det skulle skje, han skulle ikkje angre etterpå. Ikkje opne seg, for så å skjule seg og vere milevis borte, sjølv når han står rett ved sida av deg og seier at du er så fin i sollyset.

Kanskje det kjem ein ny person, ein dag. Kanskje vil ikkje hjartet ditt eksplodere, men i det minste gjere eit lite hopp. Og kanskje kan du klare å vere med nokon andre som gir deg frysningar over heile kroppen, nokon andre som kan stire rett inn i sjela di og stryke deg over ryggen. Men han kjem alltid til å vere der. Fordi han er mannen du elskar, og han viste deg verda frå ein motorsykkel du gav namn til.

torsdag 3. september 2009

Å elske

Det er skummelt å gå på universitet.

Det er skummelt å gå på førelesingar, fordi sjølv om ein forstår det som vert sagt, er det likevel så mykje større enn ein sjølv. Det er ikkje å sitje med læraren ved sida av seg og prate om livet, eller ha blikkontakt medan han skriv på tavla om den franske revolusjon eller det moderne prosjekt. Det er gjerne i eit stort auditorium med fleire hundre studentar som går på ulike linjer, og seminargruppene skal hjelpe, men kva rolle speler ein eigentleg? Kven er ein i dette store fellesskapet der ein stort sett føler seg einsam?

Det er skummelt å skulle skrive 1500 ord om FN og tortur, sett i lys frå to ulike moralfilosofiar, og det er skummelt å allereie i neste veke ha skuleerfaring der ein skal stå litt i bakgrunnen og observere niandeklassingar i frå åtte til tre kvar dag.

-

Men eigentleg har eg det fint, eg er berre oppe litt for lenge fordi i morgon (som er i dag) byrjar mi siste langhelg før vekene vert rimeleg fullstappa av førelesingar, seminargrupper og reflekterande tekstar som skal inn, der ein må sjå seg sjølv i eit metaperspektiv og Imsen er visst nok ein pedagogikkgud.

... Kanskje eg berre skal leggje meg.

søndag 23. august 2009

Paris

Do you ever dream about walking the streets of Paris, not knowing where to go but still ending up exactly where you were supposed to be? The lights fading, the café dimly lit, and as you order a cup of coffee for yourself and your loved one, you sigh at how wonderful life can turn out and how everything that's happened did so for a reason. You sigh when you collapse on your bed, and look at your loved one in the window sill, hoping she'll sit like that forever, with the moon in her heart and in her eyes. And in that very moment, you're free.

onsdag 19. august 2009

I need my life with a little bit of Milk

Filmar som Milk gir meg tilbake trua på menneske. Om du ikkje veit kven Harvey Milk er/var, kan du til dømes utnytte verdsveven, eller sjå denne filmen som gav meg gåsehud igjen og igjen.


lørdag 15. august 2009

1000 words


Det er ikkje så mykje å seie om Bergen som ikkje har vorte sagt før. Problemet (om det i det heile tatt er eit problem?) er ikkje at det regnar, men at vêret endrar seg svært mykje, slik at det til dømes kan regne om morgonen, for så å verte strålande sol seinare på dagen. Mitt råd til nye tilflyttarar og andre framtidige bergensarar: kle deg i heilt vanlege klede (whatever they may be) og ha alltid med deg paraply.

Antony var fantastisk som alltid, det var spesielt magisk å høyre musikken hans ute i det fri med fuglar som svevde over oss som om dei var koreografert, og med forsiktige bølgeskvulp som ein blindpassasjer til orkesteret.

fredag 31. juli 2009

240 hours of summer

Du veit du har (hatt) ein litt spesiell sommarjobb når:
- du ikkje har kunne kome deg bort til bygget der du har kontor, fordi det er gasslekkasje på anlegget.
- bilar køyrer rundt med skilt der det står "radioactive".
- du må ta eit kurs fyrste dagen for å i det heile tatt få ID-kort, og eit anna heildagskurs for å kunne jobbe der (det varer i tre dagar om du skal jobbe på sjølve anlegget).
- det vert testa ut alarmar kvar fyrste måndag i månaden, slik at alle skal vite kva lyd som signaliserer at alle på heile anlegget, meaning fleirfaldige tusen menneske, må evakuere.
- du høyrer deg sjølv seie til ein kollega: "Eg har ikkje så lyst til å døy i ein eksplosjon i dag."
- staden der du jobbar blant anna har eigne taxiar og utrykningskøyretøy.
- skilt langs vegen minnar deg om symbol du bruker på teikningane; til dømes liknar fartsgrenseskilt veldig på symbolet for ei seksjoneringsbarriere.
- du er omringa av kvinner og menn som konstant tar av og på seg klede.

In other words: etter seks veker = 240 timar er eg ferdig på Kårstø, og arbeidet eg har gjort kjem dei til å nytte seg av så lenge anlegget eksisterer. I feel important.

Bergen next!

torsdag 23. juli 2009

FAQ

Eg veit ikkje om eg har nok lesarar til å gjere dette, men eg gjer det likevel:

Har de spørsmål til meg?

Gjerne fleire spørsmål per person, eg lovar å svare på absolutt alt, stort eller smått.


--------------------------------------


Favoritt- bok, film, TV-serie?
Bok: Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafón
Film: The Bridges of Madison County
TV-serie: ER og In Treatment

Hvis du kunne bli hva du ville av yrke, uten å tenke på lønn, status, utdanning osv., hva ville du blitt?
Diktar som levde på Isle of Wight.

Hvilken historisk periode ville du helst levd i?
Possibly 1800-talet, eller 1920-talet, hadde vore fab å vere til då Agatha Christie kom ut med si fyrste bok (The Mysterious Affair at Styles - 1920).

Favorittkroppsdel helt generelt?
Hender.

Hvilken dag på året er din favoritt? (Typ julaften, 17.mai, din mors burdag, etc.) (og hvorfor)
Eg har ingen favorittdag, men når eg går igjennom ein heil dag utan å tenkje på alt eg ikkje bør tenkje på, når eg smiler av små barn på bussen og sola utanfor vindauget, og kor vakkert det er med såpebobler.

Hvordan var du på barneskolen? Og ungdomsskolen? Og når ble du den du er i dag, slik du ser det?
Eg fekk alltid høyre av lærarane mine at eg måtte tørre å snakke i timen, eg som var så flink og som dei visste kunne svaret. Det vart betre med åra, men mi største (skulerelaterte) frykt er framleis å latterleggjere meg sjølv. På barneskulen var eg ganske gutejente, sannsynlegvis fordi bestevenen min var ein gut eg hadde kjent sidan eg vart fødd (bokstaveleg talt). Eg gjekk rundt med meitemarkar i handa som eg viste til dei andre jentene, noko som fekk dei til å skrike og løpe bort, og eg drakk malingsvatn (du veit, når du bruker vassmaling og skyller kosten nedi eit glas med vatn), men eg var òg jentete in the sense at eg hoppa strikk and such.

Eg har alltid vore Birte, men kven Birte har vore har variert med åra. Eg vart ofte mobba fordi eg hadde ein tendens til å skilje meg ut. På ungdomsskulen gjekk eg med kleda "alle" gjekk med, BikBok, JC og Vero Moda var standardbutikkane med jeans og collegejakker, samt t-skjortene det måtte stå noko morosamt eller søtt på, så stilmessig vart eg den eg er i dag meir på vidaregåande, nærmare bestemt då eg kom i verdas beste klasse på medielinja i 2006. Eg trur òg det som til slutt vart eit friår var med på å forme meg og vise meg vegen, og eg har aldri angra på at eg droppa ut av allmennlinja på Skeisvang, det var det rette for meg og alt som har skjedd etterpå har vore bevis på det, på godt og vondt.

Spiser du frokost? Isåfall hva?
Eg et frukost, men frukosten vert som regel konsumert på den staden det er meininga at eg skal vere på etter eg har ete frukost. (Did that make sense?) Altså, på vidaregåande åt eg frukost på skulen medan eg venta på at resten av klassen skulle kome, og no et eg frukost på pulten min på jobb, før eg byrjar med arbeidet. Eg er der som regel eit kvarter-ti minutt før eg teknisk sett byrjar om dagen. Grunna alle dei fantastiske allergiane og intoleransane mine plar frukosten vere veldig einsformig, med mindre eg har stått opp ekstra tidleg for å lage noko meir fancy og smakfullt. Standarden er speltskiver med smør og makrell i tomat.

Leser du avisen? Isåfall hvilke(n)?
Haugesunds Avis er ei av dei to avisene me abonnerer på her heime, og den eg plar lese. På jobb er det nærmast eit rituale i lunsjen å lese dagens avis, så no får eg med meg meir enn kultursidene fordi så lenge eg sit med ei av avisdelene, treng eg ikkje høyre på alt det dumme kollegaene mine seier. Og så kjøper eg Dagbladet når Knut Nærum har skrive eit nytt bidrag til "Ærlig talt".

Hvorfor blogger du?
For å vite at nokon bryr seg.

Kva for nokon filmar ville du ha sett om me skulle hatt filmmaraton?
Helst ei god blanding av ulike sjangrar, men ein musikalmaraton hadde vore kos òg.

Kva for nokon forfatterar voks du opp med?
Det var så utruleg mange forskjellige, det var meir bøker enn forfattarar, men eg las blant anna alt me hadde av Frøken Detektiv og Hardyguttene, og så må eg seie Agatha Christie.

Likar du norrøne mytelogi?
Veldig godt! Eg har hatt ei lita karriere innan spelet Age of Mythology. Det var frå det eg lærte om valkyrier/valkyrjer.

Kva er din favorittmiddag?
Når du spør om det, kjem eg på alt eg ikkje toler lenger, men eg er veldig glad i å lage heimelaga potetstappe, og så ha woka grønsaker og noko steikt fisk or such.

Når kommer du til Stavanger, og kva er din favorittbutikk der?
Vel, eg var i Stavanger på laurdag, men då var du i Etne, di tullejente. Søstrene Grene er fabelaktig, og det same er Ting.

Hva er den ultimate sangen du vil dele med hele verden? (Jeg vet hvor vanskelig det er, så derfor ber jeg deg om å velge ut èn, ellers bare begynner man å ramse opp.)
Herrejesuskristus... Uhm... gah! Ane Brun - Changing of the Seasons

Og ikke minst: Hvor er du om ti år? Om førti år? Om seksti år? :)
Ti år: Skal forhåpentlegvis byrje på mitt femte år som lærar på Vardafjell vgs.
Førti år: Nærmar meg pensjonsalder, men har kanskje innan den tida ein kafé samtidig som eg (framleis) skriv poesi og anna skjønnlitteratur.
Seksti år: Om eg er i live, sit i huset mitt på Isle of Wight og tastar på ein gammal skrivemaskin medan eg skuar ut over havet.

Viss du fekk sjansen til å reise verda rundt på 90 dagar, kor ville du ha reist?
Brüssel, Paris, London, Isle of Wight, New York, Chicago, Los Angeles, Honolulu, Sydney, Tokyo, Beijing, Phuket, Kairo, Kabul, Ankara, Kreta, Aten, Roma, Krakow, Moskva... Litt rar måte å reise rundt på, kanskje, men.

Var/er du òg redd for Karlson på taket?
Nei, skulle eg ha vore det? Syntest han var søt, eg.

Kva samlar du på?
Bøker, CDar, DVDar og minner.

Kva for serie(r) vil du sjå, men aldri har fått tid?
Six Feet Under.

Kva er den siste filmen du såg og trur du eg hadde likt den?
Pulp Fiction, har du sett han allereie? Trur i alle fall du hadde likt han.

Hvordan sorterer du sokkene dine?
Eg bruker cirka aldri sokkar (strømpebukser, baby!), utanom strikkesokkane mormor har laga til meg, som ligg knødd inn i ei av hyllene i garderobeskapet. Resten av sokkane som eg har, men altså aldri bruker, ligg i ei blå korg lengst inn i hylla. Og så har eg nokre knesokkar som av og til får kome fram i lyset, dei deler hylle med strømpebukser, toppar og undertøy.

Favorittsmågodt?
Eg toler basically ingenting smågodt lenger, men in the good old days likte eg veldig godt dei små blå og raude kulene, blåbær/skogsbærsmak-aktig? Og alt som var salt, surt eller sjokolade, men ikkje combined. Ingen peacemerker and such.

Fisk eller fugl?
To eat: fisk. Utanom det... Fuglar er ekstremt fascinerande og vakre, men det er eigentleg fiskar òg. I filmverda: fisk; Dory. In the real world: fugl, særleg ørnar og andre majestetiske skapningar.

Papiravis eller nettavis?
Papiravis.

Og hvordan ser skolesekken/vesken din ut?
Fordi mi vakre, blomemønstra veske måtte ta ferie grunna ein fucked up glidelås, har eg no ei svart Friisveske som er veldig ikkje meg, men som gjer jobben. Om eg kan klare å sy på ein ny glidelås, kjem mi fantabulous blomeveske til å vere back in business til studentlivet.

Hva pleier du å ha i vesken?
Oh my goshness; alt! I Friisveska ligg vanlegvis: korthaldar, nøklar, busskort, åtte-ni pennar, to skrivebøker, to bussruter, lommebok (som er full av alt slags tull eg ikkje orkar liste opp), Temudjin, lypsyl (i leppestiftetui), leppestift, ark eg fekk dei fyrste dagane på jobb, mobil, gamle boligannonser av fine hus, hjartet eg fekk av Guro då eg møtte henne på Backstagetreff i... 2006?, ein fin, raud binders, poseklips, eit tøyblad, Auroraårsplanleggjar, ID-kort til jobb og sikkert meir som eg ikkje har kome på/brydd meg om å skrive ned.

Kva er din favoritt Gerard Butler-film?
The Phantom of the Opera

Natalie Portman eller Scarlett Johansson?
Det har eg faktisk aldri tenkt på, men... goshness. Natalie Portman, grunna V for Vendetta.

Hva er det du liker ved filmene, bøkene og musikken du liker?
Sjangrane varierer så mykje, så eg må forklare det på eit meir generelt nivå. Eg treng ha ein tydeleg intelligens til stades i det eg potensielt kan like. Det finst mange typar intelligensar og han kan kome fram på ulike måtar, men det er nummer 1. Dei skiljer seg òg gjerne ut. Eg har sjeldan vore ein mainstreamperson. Nokre saker er rett og slett bra uavhengig av kulturell status, så eg har til dømes I'm Yours på dataen, men det er mykje kjekkare å like noko andre aldri har høyrt om, kanskje fordi det då vert ekstra "mitt". Eg likar godt å ha mine eigne ting. Svarer eg på det du spurte om? Dei må ha noko ved seg, eg vil ikkje vere heilt American Idol og seie "the it-factor", men det er eigentleg det det går på. That special something som gjer at du veit du kjem til å like det du har framfor deg, sjølv om du aldri har høyrt/lese/sett det før.

Oppsummert i eitt ord, det må vere ekte. Sjølv om noko er skodespel, kan det opptre ekte. Meryl kan spele i ein heilt forferdeleg film, men skodespelarprestasjonen hennar er likevel 100 % and beyond, fordi ho vert den personen ho speler.

søndag 19. juli 2009

Ferdig pakka

Det er herved offisielt, ingen lagar Birteklede og/eller -sko lenger. Etter å ha gitt opp Haugesund, drog eg på dagstur til Stavanger, trossa regnet og var i 90 % (ok, kanskje ikkje...) av alle butikkane i distriktet, men fann eg noko? Nope. Det einaste klesplagget var ei truse frå Accessorize. Ho er til gjengjeld mighty fine. :D (På biletet ser ho nesten svart ut, men ho er eigentleg mørkeblå.)

Offisielt nummer to: eg skal verkeleg verte lektor! Lektor i norsk og engelsk. Eg har svart ja til UiB, søkt om lån/stipend og har hybelleilegheit som ventar på meg på Gyldenpris. Framtida nærmar seg med stormskritt.

Eg fann i det minste andre fine småting i Stavanger, så no er eg klar til å flytte, synest de ikkje?

torsdag 9. juli 2009

I've been challenged

Nydelege Ane har utfordra meg. "Så gå inn på bildemappen din, kjære Birte, velg ut mappe 2, velg ut bilde 4, og vips, fortell en historie."

Eg har utruleg mange mapper, men mappe 2, bilete 4 gir dette:

Det var 17. mai, 2008, mine tidlegare klassekameratar var russ medan eg måtte vente eit år, og Aleksander og Elisabeth budde framleis i leilegheit nær rådhuset, som var koseleg fordi då kunne me sitje og leike i fontenen (which we didn't really do, men ok). Det var eit par veker sidan Mozart hadde kyssa meg, for så å seie at han meinte eigentleg ikkje noko med det, han ville berre vite korleis det føltest. This Trumpet in My Head-musikkvideoen var ferdig, og eg gjekk rundt i ein svart, prikkete kjole som var og er for stor til meg, but which I loved either way.

søndag 5. juli 2009

Operation: Birdcage

Når ein endeleg har kunne kjøpe fugleburet ein har hatt lyst på i så mange månadar at ein ikkje hugsar det lenger, må ein fylle det opp med noko. For augeblikket ligg det gamle, samankrølla dikt i det:

Men eg har tenkt å opne Word, skrive inn breva som står i denne boka, printe dei ut og fylle buret med kjærleik:

torsdag 2. juli 2009

Caos calmo

Floyd syntest det høyrdest litt trist ut å gå på kino åleine, men nokre gonger er det noko av det beste i verda. Det eg ikkje visste var at eg verkeleg kom til å vere åleine. Guten som tok i mot billetten min oppdaga fort at nei, eg skulle ikkje inn på Edda 2 og sjå 17 Again, eg skulle på Edda 4 og sjå Caos calmo (Stille kaos), noko han tydelegvis ikkje var førebudd på, fordi der var lyset av...

Med bare føter på nabosetet og ei korg med jordbær i fanget, sat eg og såg ein av dei finaste filmane eg har sett. Ein detaljfilm. Ein italiensk, vakker, sår, trist, søt, nydeleg, fantastisk, strålande, sexy, herleg film, som hadde Rufus Wainwright sin Cigarettes and Chocolate Milk som del av soundtracket, noko som eigentleg er nok til å elske han. Om berre kvart kinobesøk kunne ha vore som dette. (Gjerne med ein ven eller to, det plar vere "alle andre" som øydelegg.)

fredag 19. juni 2009