onsdag 7. januar 2015

Hadde det berre vore snø

Klokka er fire om morgonen. Eller kanskje ho er fire om ettermiddagen og eg har sove forbi alle morgonrituala, frukosten og treningssykkelen og dusjen som vaskar bort all smerte og sveitte og vonde tankar.

Det er mørkt når eg legg meg og mørkt når eg står opp og butikkane har døgnopent, så kven kan eigentleg seie kva tid på dagen det er. Kanskje me lurer oss sjølv alle saman.

Hadde det berre vore snø, hadde alt gitt så uendeleg mykje meir meining. Føtene våre hadde knitra på asfalten og byen hadde falt til ro. Trea hadde vore dekka av krystalliserte tryllekunstar og du hadde smilt i søvne, fordi livet er lettare å leve når verda er stille. Og sjølv om det hadde vore kaldt, sjølv om lufta hadde gitt deg sjokk og du hadde hatt vanskeleg for å skjøne kvifor pusten din såg ut som røyk som forsvann i neste augeblikk, så kunne me gått hand i hand og fylt gatene med englar.

tirsdag 6. januar 2015

Mitt 2014

Det følest nesten som om 2014 varte dobbelt så lenge fordi det skjedde så mykje i løpet av året, samtidig som dagane gjekk frykteleg fort.

Eg fekk Londontur i julegåve av bømlingen min og den siste helga i januar gjorde me byen ny. Ein dag skal me reise tilbake slik at me kan gå på teater i Shaftesbury Avenue, eller kanskje i Barbican, fordi då kan eg vise han Poirot-bygningen.




Dei neste månadane jobba eg med masteroppgåva mi i Bergen på vekedagane og så besøkte me kvarandre i helgene, slik som før. Nokre gonger var det ekstra vanskeleg å reise tilbake til leilegheita mi, og då tok eg meg nokre ekstra dagar på Bømlo og skreiv på oppgåva der.

I midten av juni slapp me å reise frå kvarandre meir, fordi då tok eg med meg alt som hadde samla seg opp i SiB-bustaden min i løpet av fem år og flytta inn i det litle huset med sjøutsikt frå soveromsvindauget.


Halvannan veke før det skjedde, hadde me ei langhelg i Stockholm der me åt sorbet og vandra rundt og vart kjent med ein ny by.






Vel heime, så var det vanskeleg å konsentrere seg om skulearbeid når vêret var så vakkert, havet lukta så godt og Skottland lokka oss med slott, sekkepiper og munros. (Skottland skal få eit eige, meir detaljert innlegg seinare.)







Etter å ha vorte forført av Skottland, køyrde bømlingen og eg austover og høyrde Hugh Laurie syngje og spele på Notodden Blues Festival.


Med alle desse gode opplevingane i kroppen, kunne eg møte hausten med nytt blod og konsentrere meg om å fullføre mastergraden min, men eg skal ikkje late som om det var enkelt. Nokre gonger frista det å berre gi opp og avslutte det heile, men eg heldt ut og leverte sidene mine om morgonen på bursdagen min og forsvarte det eg hadde skrive to og ei halv veke seinare. Ei av motivasjonskjeldene mine var ein tur til Oslo der bømlingen min og eg fekk vere med på innspeling av Nytt på nytt i lag med foreldra mine, noko eg har hatt lyst til å oppleve sidan eg byrja å sjå programmet i 2001. Eg fekk til og med klem av Knut!

I bursdags- og masterinnleveringsgåve overraska min kjære meg med tur til Krakow, noko som òg fungerte som ein distraksjon frå det faktum at eg skulle ha munnleg forsvar av oppgåva i nær framtid.








No er 18 år med skulegang over, og for fyrste gong på veldig lenge så veit eg ikkje kva framtida kjem til å bringe. Eg fylgjer med på jobbannonsene som vert publisert på Finn og NAV sine sider og prøver å finne tilbake til skrivelysten min. Eg ryddar og lagar orden i huset, vaskar klede, lagar mat og bakar og les bøker (berre fordi eg kan!). Og når roa har senka seg, og det einaste eg høyrer er vinden som ular i peisen og regnet som piskar mot stovevindauga, så går eg opp og legg meg ved sida av elsklingen min og sovnar til lyden av pusten hans. Og eg føler meg uendeleg heldig.