mandag 28. mai 2012

Listekjærleik på ein måndag

Etter å ha titta innom Regndrope sin blogg fann eg ei utfordring: Svar på 11 spørsmål og lag 11 nye spørsmål andre kan svare på. Dette er mitt bidrag.

1. Kva er du avhengig av?
- Avocado, vatn, fjernsynsseriar og bømlingen min.

2. Oppskrifta på ein bra dag?
- Vakne opp ved sida av han eg kyssar og bruke fleire timar på å stå opp, ete frukost i lag og sjå på han drikke kaffi, høyre på musikk, gå ein tur, sitje på kafé og drikke vin og vatn og smile og snakke og le og vite at når det vert kveld så kjem me til å liggje i same seng igjen.


3. Favorittbok?
- Vindens skygge/La sombra del viento av Carlos Ruiz Zafón.

4. Kva song blir du aldri lei av?
- Så lenge eg liker ein song så vert eg aldri lei av han. Den som dukka opp i hovudet mitt no var Truth av Alexander.


5. Yndlingste?
- Lady of Tahiti som eg kjøper på Kremmerhuset. Det var den eg pla ha på Café Moody i Haugesund, verdas finaste kafé som ikkje finst lenger, og å drikke den teen gir mange gode assosiasjonar, pluss den smaker supergodt.

6. Kva står øverst på ønskelista?
- Sommarjobb. Men for tida hadde det òg vore greitt med ein foodprosessor, fordi eg prøver ut nye oppskrifter og å bruke blenderen min er litt tungvint.

7. Ein ting du skulle ønske du kunne?
- Spele piano.


8. Kva var det beste i dag?
- Mail frå Amanda Palmer med update frå Kickstarterprosjektet der ein kunne laste ned ein av songane frå albumet. Støtt henne du òg, om du har råd. Ho er fantastisk. (Takk, Kjersti.)

9. Kva et du aller helst til frukost?
- Stort sett det eg hadde til frukost i dag: To/tre brødskiver med vegansk smør og avocado som eg strør salt og pepar på. I dag var brødskivene rista fyrst, så det var ekstra godt.

10. Korleis er det perfekte huset?
- Eg veit ikkje nøyaktig korleis det skal sjå ut, men det kjem til å vere gammaldags, kanskje sveitserstil eller eit gammalt murhus, og det må ha gesims/utstikkande vindauge eg kan sitje i og ei vindeltrapp. Og gjerne eit takvindauge på badet, slik som i Shopgirl.


11. Om du fekk gjere akkurat det du ville, kva ville du gjort?
- Vore forfattar/poet, reist rundt, budd i England, sett filmar, høyrt musikk, dratt på konsertar og teaterframsyningar og elska.


Og her kjem mine spørsmål til dykk:
1. Kva fjernsynsserie liker du så godt at du har sett han om igjen?
2. Har du nokon som elskar deg?
3. Søv du godt om nettene?
4. Nyt du sola?
5. Kva skal du til sommaren?
6. Kven har gitt deg ein klem i løpet av dei siste dagane?
7. Har du eksamen i desse dagar, og korleis taklar du det?
8. Kva er yndlingslukta di?
9. Kva skal du til hausten?
10. Favorittis?
11. Er du lukkeleg/nøgd med livet ditt?

søndag 27. mai 2012

Romkjensle

Dette er livet ditt:
Du går ned ein gang mot ei dør i det fjerne, men døra forsvinn meir og meir for kvart steg du tar og du veit at du kjem ikkje til å nå ho i tide, sjølv om du alltid pla vere tidleg ute. Du prøver dei andre dørene du passerer medan du kjenner angsten stige og ser inn annakvar opning der små jenter i pastellfarga og blomemønstra kjolar leikar med dukker og les høgt frå bøker dei er for unge til å forstå innhaldet i, og du skulle ynskje at du kunne ha passa på dei, at dei kom til å ta vare på den uskylda gjennom åra utan å vere for naive, berre håpefulle.

I eit anna rom ser du menn med skjegg spele sjakk og snakke om liva dei har slutta å leve medan rommet vert fylt til randen av vatn som dryppar - sakte - frå taket over, ein drope om gongen, og du prøver å rope, prøver å seie i frå at dei druknar i si eiga misnøye, men når du skal til å trø over dørstokken møter du ein gjennomsiktig vegg og skjegga er som doggvåte blad ein vårmorgon. Berre sjakkbrikkene er like heile.

Inst inne finn du eit rom som er så kvitt at du må lukke auga og føle deg fram, men det er ingenting å finne. Veggane er som puter; du kan skrike der, om du endeleg skulle klare det, men elles er det like tomt som hendene dine sidan dagen du mista alt og du veit ikkje lenger korleis beina dine fungerer, dei knekk saman og lèt deg falle til bakken og det er der du ligg no, når eg går nedover den same gangen og leitar etter nokon å snakke med, nokon å halde rundt. Eg gir deg ein kopp grøn te og stryk deg på hovudet og på kinna, og når du gir meg lov til å klemme deg så bryt du ut i gråt.

lørdag 26. mai 2012

Tysdag

På tysdag leverte eg bacheloroppgåva mi. Korleis gjekk det? Har ikkje peiling, har ikkje lyst til å tenkje meir på ho. Det einaste eg veit sikkert er at eg kunne ha gjort ein betre jobb, men det ligg bak meg no og eg må gå vidare.

Tysdag var ein fin dag. Eg såg ein mann i dress spele fotball (med ein tennisball) i lag med nokre ungdommar medan han spaserte over Torgallmenningen med stresskofferten sin, eg passerte to mellomaldra kameratar som diskuterte politikk medan dei gjekk langs Lille Lungegårdsvannet og eg såg buddhistiske munkar gå med blomar i hendene. Tysdag var òg dagen bømlingen min kom på besøk og han var her heilt til han tok båten heim i går. Eg laga yndlingsretten min til middag og sparde kakebakinga til onsdag før me dro på konsert i strålande sol og dansa i fleire timar, og eg smilte og lo og kyssa den finaste mannen eg veit om.

No er det heimeeksamen med ei av dei vidaste oppgåvene nokosinne og eg prøver å få hovudet rundt temaet og ned i pensum som har vore litt på vent dei siste vekene på grunn av bacheloroppgåva, men det kjem forhåpentlegvis til å ordne seg.



søndag 20. mai 2012

Poesipause

Kanskje det er no eg burde skrive eit blogginnlegg, tenkjer eg for meg sjølv, der eg nesten sovnar på Macen og høyrer musikk omvendt kronologisk i iTunes etter når songane vart lagt til. Det er som å gå bakover i tid.

I går (fredag) gret eg nesten heile dagen, eg gret så mykje at eg fekk vondt i hovudet og ville bort frå bøker og Worddokument og nettressursar og tastatur og alt som hadde med ordgrense og tidsfristar og akademia å gjere. Heldigvis har eg ein fin ein som ringde meg og fekk meg til å le og i dag har eg vore flink. Aller mest treng eg å kvile, men det har eg ikkje tid til, difor prøver eg å verte ferdig med bacheloroppgåva før tida slik at eg kan lure meg til kviletid før heimeeksamenen i det andre faget byrjar, fordi bømlingen min og eg skal feire at eg er ferdig og eg har tenkt å lage kake og yndlingsmiddagsretten min før me skal på konsert med Goran Bregovic Wedding and Funeral Orchestra.

I det store går det nok fint, det er berre eksamensperioden som gjer meg litt rar, er nok ikkje heilt sunt å måtte skyve (nesten) alt bort for å fokusere på pensum og skule. Med det i bakhovudet er det ikkje så merkeleg at eg får nokre små samanbrot i blant. Og så kjenner eg at eg saknar tekstane mine, å berre dikte og skrive (forhåpentlegvis) meir interessante blogginnlegg enn dette (sjølv om eg synest det er småteit å kritisere eigne blogginnlegg, då kan ein jo berre droppe å poste dei), men det må sannsynlegvis vente til eksamensperioden er over, eller i alle fall til bacheloroppgåva er ferdig og eg kan kysse bømlingen min igjen.

Berre vent, kjære vener, plutseleg er eg ein poet igjen.

onsdag 16. mai 2012

(Rather innocent) Confessions

Opp igjennom åra har eg høyrt kritikarar og radiovertar slakte Sting-songen Yellow Lemon Tree, men eg har alltid elska han, han minnar meg om problemfrie sommarar med telt i tante og farbror sin hage, å kaste seg uti havet utan å tenkje på brennmaneter og å ete mamma sine heimelaga bollar og drikke mamma si heimelaga saft på steinane nede med sjøen. Og når me snakkar om Sting, eg synest at "A gentleman will walk but never run" frå An Englishman in New York er omtrent den beste linja frå ein song nokosinne.

Då eg gjekk på barneskulen så drakk eg ein gong det farga vatnet som var igjen etter me hadde mala med vassmaling i ein time, fordi eg syntest det var morosamt kor forferda nokre av dei andre jentene i klassen vart og det gjorde at eg følte meg tøff.


I barnehagen, medan det var populært å syngje stygt om representantar av det andre kjønnet, song eg alltid i mot mitt eige kjønn fordi det var som regel gutar som ville klatre i buskar og tre og leike at det fanst drakar oppe på fjella i det fjerne, og så syntest eg det var gøy å gå i mot det alle dei andre jentene gjorde.

Når eg tenkjer på 17. mai i barndommen min så hugsar eg mest kor vondt det gjorde å måtte ta på bunaden om morgonen, særleg fordi foreldra mine vart småstressa av å skulle kle på tre ungar på same tid, og fordi eg aldri har følt spesielt sterke kjensler for landet mitt (sjølv om eg er veldig takknemleg for å bu i eit demokratisk og fritt land) så har 17. mai i dei seinare åra handla mest om å møte menneske igjen som eg ikkje ser så ofte etter å ha flytta til Bergen. Men i år skal eg for fyrste gong ikkje feire 17. mai heime i Tysvær, og sjølv om det er litt trist så følest det likevel ganske greitt. Eg skal på tivoli med Charlotte og har lyst til å kjøpe ein av dei overprisa heliumballongane som alltid ser ut til å ende opp med å fly til himmels, og elles så kjem nok dagen til å gå til bacheloroppgåveskriving.


Eg saknar å springe rundt i skogen og gøyme meg i fjellholer, klatre i tre og lage spyd og pil og boge med speidarkniven min (som eg hadde sjølv om eg aldri gjekk i speidaren), og eg saknar kjensla av saltvatn på huden min.

Eg veit framleis ikkje om eg har ein jobb til sommaren.

Eg er forelska.

søndag 13. mai 2012

Den eine i alt

Dette er dagane mine:
Å liggje inntil deg.
Å høyre deg puste.
Å kartleggje ryggen din med handa mi.

Eg går i regnet med deg og får ein latterkrampe som varer over heile brua
og eg vil alltid
kysse deg.
Halde deg.
Lukte deg.
Kjenne deg.

Du er den eine i alt.