torsdag 28. juli 2011

It takes guts to be gentle and kind

Når alle nyheitssendingane får deg til å gråte. Når berre det å skru på NRK får deg til å gråte. Når du ser på nett-TV inne på kontoret slik at tantebarna skal få vere uskyldige litt til, fordi der les dei opp namnet på han som var sakna, og nyheitsmannen har raude auge når lista er ferdig.

Eg er tom for ord, men full av kjærleik.

It takes guts to be gentle and kind.

søndag 24. juli 2011

Mental pustepause

Ein kan ikkje berre sitje og sjå på nyheiter heller, hjartet og hjernen treng nokre pustepausar. Så etter jobb (der NRK si nyheitssending stod på heile dagen) har eg bygd hus og vore på kino med foreldra mine (Midnight in Paris = Woody Allen = kjærleik). Dei fleste som kom på museumsbesøk i dag var nordmenn, så kanskje dei søkte nokre pustepausar dei òg.

Noko av det beste me kan gjere er å halde fast ved alt det gode me framleis har i liva våre.



La demokratiet sigre

Det er berre tårene som er igjen. Har framleis nokon som er sakna, men vil ikkje miste håpet så lenge ein har andre alternativ. Me må aldri miste håpet, eller kjærleiken, eller det nære, usynlege bandet som er knyta rundt oss alle fordi me er menneske.

Hat avlar hat, og me kan ikkje la hatet vinne. Me kan ikkje la intoleranse og manglande respekt for andre sine liv vere det som får gjenlyd. Me må stå i mot, med gode ord og handlingar, med all varmen me har i oss representert i sivile som hjelper framande, ein heil nasjon som sørgjer i fellesskap, og ein statsminister som vil at svaret me skal gi dei som prøver å øydeleggje oss med åtak som på denne forferdelege, hjarteknusande dagen, er eit styrka demokrati og eit styrka samfunn.

Dei me har mista trudde på eit fleirkulturelt, inkluderande Noreg, og eg synest det rette å gjere i deira minne er å ta denne tanken med vidare og jobbe aktivt for å halde fast på det gode med Noreg. La oss framleis vere det opne, varme folket med hjartelag og dugnadsand. La demokratiet sigre.

fredag 22. juli 2011

Oslo

Vis styrke. Vis kjærleik. Stå saman.

Det er så lett å ty til peikefingaren. Når ein er redd og det har skjedd noko ein ikkje heilt kan forstå, kan det følest trygt å finne nokon å skulde på, men ta heller armane rundt ein du er glad i og legg fokus på bandet oss i mellom. No gjeld det å hjelpe og trøyste dei som treng det og gjere vårt beste for å vere det folket me kan vere.

Me er alle menneske.

(Og til alle registrerte blodgivarar: Ullevål treng blod, og det er ein flott måte å hjelpe på)

torsdag 21. juli 2011

Min torsdag

I dag har eg:- sett Atlantis lande for siste gong
- vore museumsvert for gode vener
- sett dame på Kystbussen som hadde på seg munnbind
- smilt av japanske turistar
- tredd blåbær på eit strå
- laga blåbærsmykke
- tatt nok eit augeblikk til å verdsetje kor utruleg kult det er at Eddie Izzard retweeta eine tweeten min i går

Kva har du gjort i dag?

tirsdag 19. juli 2011

English summer rain seems to last for ages

Lukta av:
Sommarregn
Gamle bøker
Nyklipt gras
Bark
Rista brød
Salt sjø
Våt asfalt
Blåbær på fingertuppane
Silohøy
Reint sengtøy
Kaffi
Grønske på knea
Mamma som lagar saft
Nybakte bollar
Blomane i bedet medan eg ligg på plenen og les Donaldblad

Når du er så nær nokon at de kan stå kvar for dykk og framleis vere saman.

fredag 15. juli 2011

Det fine med å jobbe på museum

Kvart år har eg hatt ein ny sommarjobb. Kvart år har eg forsøkt nye ting, lært mykje (noko av det har eg nok gløymt igjen òg) og vorte del av nye samfunn, små gruppe med menneske som har funne det dei helst vil jobbe med og det dei er best til. Eg har hatt legitimasjonskort og pinkodar, eg har kunne PLU-ar og forskjellen på symbola for dei ulike ventilane og andre fancy konstruksjonar inne på Statoilanlegget på Kårstø, men meir enn noko anna har eg kunne studert menneske (som er ein ganske vesentleg og fin ting å gjere når det ein aller mest vil i livet er å skrive).

Det fine med å jobbe på museum er at ingen er stressa, ingen er i dårleg humør og ingen er sinte fordi bilen ikkje ville starte, eller fordi ungane står og masar på dei, eller fordi butikken ikkje hadde den varen dei trong så inderleg til akkurat den retten som dei skulle lage akkurat den dagen til akkurat den gjesten.

På museet får me dei som har ferie, eller dei som vil bruke ein tilfeldig fridag til å få med seg litt lokalhistorie og kanskje ete ein is når omvisinga er over. På museet får me besøk frå heile verda og alle desse er kjempeinteresserte i det me har å seie, fordi for dei er Haugesund med sildesaltinga og havet og nordavinden eigentleg ganske eksotisk, og så ler dei litt av oss som er så sta at me vil bu her og me ler litt av oss sjølv òg.

Det fine med å jobbe på museum er at me får besøk av dei ektepara som har vore saman i over seksti år, dei som framleis held hender og der kona lener seg inntil mannen eller stryk han over ryggen og armane, og der mannen stråler som ein stolt gutunge når han tar bilete av ho som er hans og berre hans.

Det fine med å jobbe på museum er at dagen er full av takksemd og glede, og noko av det fyrste eg ser når eg kjem på jobb er gamle hattar og pensjonerte trebåtar.

Det fine med å jobbe på museum er at me får formidle historia om korleis det var utan å verte lei, fordi alle gjester er forskjellige og dermed vert kvar omvising forskjellig, sjølv om informasjonen er den same.

Så om eg får lov vil eg gjerne få oppmuntre alle som kan og vil til å ta eit (eller fleire) museumsbesøk i sommar, fordi me treng at folk kjem og besøker oss og de er meir enn velkomne.

onsdag 13. juli 2011

Kvardagsmagi

I 1994 kom The Lion King ut, eg gjekk i barnehagen og såg filmen heime hjå eit syskenbarn; eg trur det var fyrste gong ein film fekk meg til å gråte. Filmen fylgde meg vidare, og hekken langs gjerdet i barnehagen (som det ikkje var lov å klatre i, men som bestevenen min og eg klatra i likevel) hadde eit område der det var svært mange greiner og lett å setje foten fast, eit område me gav namnet "hyenefella".

Med åra har det kome fleire filmar som har fylgd meg vidare gjennom livet, filmar som har gjort kinna våte, filmar som har fått latteren til å boble over og fylle heile huset, og filmar som har påverka meg så sterkt at dei har endra humøret mitt og måten eg tenkjer på.

Eg elskar film, DVD-samlinga nærmar seg 400 og i lag med fjernsyn og teater er det nok det eg har mest lidenskap for. Det er noko magisk med film, eit ømt blikk eller ein kjenslefylt dans, ein samtale som varer i nesten to timar utan at ein føler tida tikke forbi, fordi ein er i augeblikket. Hjartet, pulsen og pusten går i takt med rytmane i historia, og kvar historie har sin eigen rytme.

I dag skal eg ta farvel med eit magisk eventyr som har vart i ti år. Då Harry Potter-bøkene fyrst kom var eg skeptisk, eg har ein tendens til å vere skeptisk mot slike megasuksessar, slikt tilsynelatande "alle" elskar, men eg har likevel sett alle filmane på kino, og då eg byrja på vidaregåande vart eg endeleg overbevist av bestevenen eg har hatt frå eg vart fødd om at eg måtte lese bøkene (utanom den siste, som ikkje kom ut før i 2007). Med Regina Spektor-albumet Begin To Hope som soundtrack slukte eg den eine boka etter den andre, språket var godt og engelsken fantastisk, men eg var framleis ikkje heilt med på bølgja.

Harry Potter-serien (både bøkene og filmane) er ganske spesiell for meg, fordi det er den einaste serien eg kan kome på som har tydd meir for meg etter som åra har gått. For kvart år som passerer føler eg eit stadig sterkare band til han, og sjølv om det er fire år sidan eg las siste boka, er det i dag det verkeleg tar slutt. I lag med ei god veninne skal me fyrst sjå del 1 om igjen på kino før det er full fart til neste sal og del 2. Eg veit ikkje kva eg kjem til å føle når det heile er over, men eg har Sirius Black sin tryllestav med meg og prøver trøyste meg med tanken om at sjølv om det på eit vis er over i dag, vil historiene - bøkene og filmane - og ikkje minst minna leve vidare i meg.

Whether you come back by film or by page, Hogwarts will always be there to welcome you home. - J. K. Rowling, Harry Potter Live

lørdag 2. juli 2011

I never made you dinner

You're sitting there on our bed and I keep thinking that I never made you dinner. With your long white hair, the curls still vibrant while the rest of you have fallen silent. Your stare's blank and your mind's full of thoughts and cries trapped in a world of forgetfulness as you slump into a heap of old clothes and unplayed records stacked in a storage somewhere.

I'll come back for you one day. I promise.

fredag 1. juli 2011

Innsida ut

Du pressar mot kinna mine. Innsida ut og utsida inn. Blottar meg. Du slår tennene mine, klørne dine tvingar seg mellom og prøver lirke ei opning stor nok til at du kan rømme, men eg bit igjen. Så du haikar med ei blodcelle, tar ein salto i hjartekammeret og slår kråkebolle i magen. Du tirrar kaoset eg bruker all min energi på å ha under kontroll, bryt ut i små samanbrot og kastar meg i bakken. Men eg kan ikkje frigjere deg. Desse setningane som brenn i meg, etsar seg inn i hjerneceller, tankefluger, spindelvev av minne.

Så eg held deg nede, gøymer deg i det svarte holet som ekspanderer i mitt indre til eg er sterk nok til å kjempe.