onsdag 15. oktober 2008

Literary soundtracks

Har du det slik at du assossierer i tide og utide, slik som meg? Eg ser ei rose og tenkjer på læraren eg hadde frå 1.-4. som gav alle ei gul rose då ho skulle slutte, fordi ho alltid køyrte rundt i den gule bilen sin. Eg tenkjer på Nick Cave og på Jon Almaas som har skrive kva all slags ulike kombinasjonar av fargar og antal har å seie når ein skal gi roser til nokon. (Ei raud rose tyder at du begjærer personen. Think about kor mange som gir enkle, raude roser på utdelingar og den slags, utan å vere klar over det.)

På rommet mitt har eg over 230 DVDar og eg assosierer noko med kvar einaste ein av dei, det same med CDane og bøkene som begge er i omtrent like mykje antal, om eg hadde leita fram alle og summert.

Når eg leser ei bok høyrer eg vanlegvis på musikk, og dermed vert akkurat den plata eller den artisten assosiert med den utvelte boka. Då eg lånte Harry Potter-bøkene til ein kamerat, var det Regina Spektor - Begin to Hope. Jan Kjærstad - Tegn til kjærlighet høyrer i lag med Ane Brun - Changing of the Seasons og no som eg leser Carlos Ruiz Zafón - Engelens spill, er det Bonnie 'Prince' Billy - The Letting Go. Så i dag tidleg då eg sat på ein (meir enn) fullasta buss på veg til skulen og drog opp den 635 sider lange boka og tok til å lese, kunne eg høyre Bonnie i det fjerne, sjølv om eg sat (for meg sjølv, men langt i frå åleine) på ein buss der fjortispraten nærmar seg ei kunstform.

Assosierer du mykje? Har du minne som straumar ut av deg når du ser dei mest trivielle ting? (Sorry, tenkte eg òg skulle teste ut å ha spørsmål til slutt...)

torsdag 9. oktober 2008

I love you,

play.com

I går sat eg i fleire timar og skreiv brev. Ni brev, faktisk. Dei vert sendt i dag og eg håpar alle mottakarane vert glade. Det er noko magisk med post, det skrivne ord, små eller store konvoluttar eller pakkar som dumpar ned i postkassen som får folk til å smile, heilt spontant, som ein refleks. Eg elskar post.

Eg elskar òg sida play.com som i dag gav meg sesong 1-3 av Gilmore Girls på DVD. (Vel, joda, eg måtte betale, men likevel.) It's a wonderful day.

I dag er faktisk "De singles dag" og Oda og eg skal feire det, samt det faktum at me er unge og lever, ved å ha ein liten get together i kveld med film og kos (og Birtemuffins).

Elles vil eg gjerne få gratulere både Floyd og May-Lis med bursdagen! *yay blåser i fløyte etc. etc. etc.* It's a great day to be alive.