mandag 31. desember 2012

Det byrja med ein raud kalender

Eg kjøpte ein raud kalender fordi eg ville ha endring. Før hadde eg hatt svarte og beige, ein som var blå og ein som var burgunder, men merket eg likte best hadde gitt opp å designe fine bøker, så eg gjekk for ei som var juleraud og utan namnedagmarkeringar.

Og så: Fyrverkeri.



Eg bakte kake og smilte i lag med Charlotte og kjærasten hennar då Nøve kom heim frå Japan og me stod på flyplassen og tok i mot henne i lag med familien hennar.

Eg åt kakerester med Charlotte og fekk endeleg sjå Kaizers live.

Eg sat på ein sofa på Scenekraftverk i Haugesund og såg på mamma og to menn me delte sofaen med ete kake og drikke kaffi medan eg var kvalm av nervøsitet for reisa eg skulle ut på neste dag, og mannen frå Bømlo som eg snakka med i pausen og etter teaterforumet var ferdig spurde ein månad seinare: "Er me ikkje kjærastar no då?".

Fyrste gong eg såg han flaug det eld gjennom kroppen min.

Om sommaren låg eg omfamna i kjærastearmar og -bein. Me reiste til Bremen på den vondaste datoen og åt jordbær og is og drakk kaffi frå Starbucks fordi dei kunne lage koffeinfri latte med soyamjølk til meg.




I september var me på teaterpremiere og eg hadde min teaterdebut i videoform som Facebookkarakteren Gøril Lie.

Medan blada skifta farge og me nesten regna bort, jobba eg med prosjektskildring og fekk endeleg gitt bømlingen min bursdagsgåva eg hadde hatt liggjande i eit halvt år. Det var ei amerikansk fyrsteutgåve av Animal Farm, ei av yndlingsbøkene hans.

Me feira at me hadde vore saman i eit halvt år.
Me feira at eg hadde vore veganer i tre år.
Me feira at han hadde levd i 36 år.
Me feira at eg hadde levd i 23 år.

Me feira livet og kjærleiken og alt det inneber.

Det var vakkert.

Livet er så mykje lettare å takle når me er to.

***

Godt nyttår!

mandag 24. desember 2012

Eg fekk ønsket mitt oppfylt

Eg er 23 år og 34 dagar.
Det er julafta og eg har snøkrystallar i håret etter å ha stått og lukta på snøen frå verandadøra på kjøkenet.
Eg fekk ønsket mitt oppfylt.


Eg sender kjærleik til dykk alle.
Må de få fine dagar fylt med klemmar, god mat og menneska de er mest glad i.

onsdag 19. desember 2012

Hugseliste

♥ Hugs at det kjem betre dagar.

♥ Hugs at det finst snømenn og barnelatter og skyer forma som kaninar.

♥ Hugs at eg hadde gitt deg ein klem om eg hadde hatt sjansen.

♥ Hugs at det finst te og kaffi og varm sjokolade og godteri som smeltar på tunga.


♥ Hugs at det framleis er mykje me ikkje veit om verda, og at sjølv om det kan vere litt skummelt så tyder det òg at me framleis har mykje me kan lære om og verte forbløffa over. Og kanskje det til og med vil få oss til å smile.

♥ Hugs at du er god nok. Bra nok. Flink nok. Smart nok.

♥ Hugs at det finst lange, varme omfamningar.


♥ Hugs at du er vakker.

♥ Hugs at du er viktig.

♥ Hugs at du er elska. Alltid.

lørdag 8. desember 2012

Vintermørkret

Av og til må ein minne seg sjølv på å puste.

Eller ein står midt i ei trapp og treng litt tid for å hugse korleis ein går vidare.

Du verka alltid så sikker, men eg kunne sjå tankehjula knyte nevar rundt hjartet ditt og det kom ikkje til å ta lang tid før eg stod på fortauet igjen, kald og forlatt. Ikkje ein gong stjernene ville møte blikket mitt den kvelden, eg trur dei skamma seg meir enn deg.

Det finst eit golv utanfor leilegheita mi, det dannar eit intrikat mønster av små puslespelbitar med strekar som eg aldri tør å trø på. Bestefar sa at om eg trødde på strekane, så kom noko farleg til å skje med ein eg var glad i. Difor trør eg aldri på strekar, sjølv om eg tar tablettane mine kvar dag og lukkar auga når eg går ut døra for å handle mat (ein banan, ein klementin, to poteter, fire dadlar, sju esker med pastillar), eller for å tenne lys på graver til gløymde menneske som ikkje får besøk.

Dei seier det vert betre.
Dei seier det vert lyst igjen.
Dei seier det finst te og sjokolade og varme omfamningar.
Men eg ser berre mørkret og stormen som ventar på meg.

Heime er der kjærleiken er

Her har eg vore sidan laurdag:




Eg har sovna til lyden av kjærastepusting og ete frukost saman med han eg elskar. Eg har skrive ferdig heimeeksamen, fordi heime er der kjærleiken min er, og eg har prøvd så godt eg kan å lese til munnleg eksamen som er på tysdag.

No er eg tilbake i Bergen, tysdag er skummel og kveldane er mørke, men eg har fått julegåver i posten som eg skal pakke inn og gi bort til fine menneske, og snart er det juleferie med baking og pynting og familietid og endå meir kjærastekos.

onsdag 28. november 2012

Vinter

I dag er eg 23 år og åtte dagar, det nærmar seg desember og eg vart ferdig med julegåvehandelen i går (utanom nokre ting eg skal lage sjølv og leggje ved tre gåver).

Eg går ut i frå at eg har eit litt komplisert forhold til jul. Magien som fylgde med dagar som 17. mai, bursdagar og julafta er stort sett borte, så eg prøver heller å skape nye forhold til dagane, slik at dei vert mine eigne igjen. På same måte som eg liker å finne eigne stader og ting i byar mange andre òg har forhold til, som å dra til London for å finne igjen bygget dei filmar utsida av til Poirot-episodane i staden for å ta ein turistbuss og sjå Big Ben for nte gong (ikkje at det er noko galt med det heller), så finn eg nye måtar å gjere desse dagane fine på. Til dømes å dra på tivoli med ei god veninne på 17. mai og ta karusellar og ete sukkerspinn og gå i eit minitog på fortauet som berre består av henne og eg, og syngje songar den fyrste læraren min på barneskulen lærte meg.



Kanskje det er slikt som skjer når ein vert eldre, dei raude dagane på kalenderen handlar om så mykje meir no, ein tar på seg større ansvar og kan ikkje lenger berre gå rundt i ein blå fløyelskjole med sølvstrømpebukse og leike at ein er Sonja i Reisen til Julestjernen.

Likevel finst det framleis mykje vakkert der ute, kvardagskjærleik og kvardagsmagi, som å finne og lage julegåver ein veit at andre kjem til å elske. Eller å prøve ut ei ny oppskrift og lage vegansk julegodt til heile familien. Eller å gå på snø og høyre han lage nøyaktig dei same lydane som då ein var liten og var ute i fleire timar i strekk og gjekk opp og ned den same bakken fordi ein fekk aldri nok av å renne med akebrett.


Eg veit at mange har det vondt i jula, og ein kan lett få hovudverk når alle butikkane speler kvar sin musikk og kjøpesenteret i tillegg har sin eigen musikkagenda, så eg har laga ei alternativ juleliste - meir ei vinterliste, eigentleg - og om de vil kan de lytte til dei same songane de òg.
(P.S.: Eg skulle hatt med nokre songar frå Jag Kommer Hem Igen Till Jul av Peter Jöback òg, men eg hadde gløymt ut heile CDen då eg laga lista. "Viskar En Bön" er fin, til dømes.)

mandag 26. november 2012

Lysglimt

Smaken av klementin er juletrefest på bedehuset, rett etter me har sunge for å få nissen inn og han har gitt godteposar til alle barna i rommet. (Alle hadde vore snille.)

Lukta av ei utblåst fyrstikk er å få ansvaret for å tenne det neste adventslyset framme i klasserommet og kanskje ikkje få fyr med ein gong, men å føle at det er i orden når heile klassen syng i lag.

No er førjulstid det same som eksamenstid, me har fått utlevert heimeeksamensoppgåve og eg saknar kjærasten min, men på laurdag skal eg sjå teater på kino og endeleg få med meg lysfesten i Bergen. Med dei lysa kjem håp og glede og viten om at når det vert måndag igjen så skal eg ta båten til han eg elskar mest i heile verda.

Det er viktig med lysglimt.


P.S.: Kruspersille vil for alltid vere synonymt med Tøflus.

onsdag 14. november 2012

Haustynskje

Eg føler eg burde hugse kven som køyrde Kystbussen den dagen eg fekk vite at morfar var død. Eg har tatt den bussen fleire gonger enn eg har tal på og det er dei same sjåførane som rullerer, men eg var kanskje for opptatt med å ikkje bryte saman.

Eg føler eg burde hugse meir om besto, fordi ho hadde bursdag i går og eg ville feire henne, men eg var så liten då ho døydde. Eg skulle ynskje me fekk meir tid til å verte kjent med kvarandre. Eg skulle ynskje eg kunne gitt henne fleire klemmar. Eg skulle ynskje ho hadde fått sett at eg arva krøllene hennar.

Eg skulle ynskje me fekk meir tid, alle saman, til det vakre i livet. Til saftige kaker, bra sex, god kaffi og fine samtalar.


Eg skulle ynskje det var meir akseptabelt å smile til framande.

Eg skulle ynskje eg kunne gitt klemmar til dykk alle.

torsdag 8. november 2012

Haustbilete

Eg finst framleis ikkje på Instagram, men eg tar likevel bilete. Her er glimt frå livet mitt dei siste vekene:













onsdag 7. november 2012

Ein haustdag

I dag har det regna i Bergen.

♥ Eg har site på kafé og skrive prosjektskildring, drukke koffeinfri latte med soyamjølk og vorte så overvelda av lydinntrykk at eg måtte gi opp å prøve å stengje dei ute med øyreproppar og musikk på dataen, og heller prøve å verte ein del av dei. Det fungerte i eit par timar.


♥ I natt drøymde eg om besteveninna mi, Oda, difor har eg tenkt på henne i heile dag. Ho er mamma no og me bur i kvar vår by, så eg ser henne sjeldan og me snakkar ikkje så mykje i lag som me gjorde før - det var andre tider då me gjekk i same klasse og såg kvarandre fem dagar i veka - men eg veit at me er i kvarandre sine hjarte og tankar og då går det bra.

♥ Eg har vore i regnet med hjarte og sjel (men med støvlar på), og så har eg gått bak eit par forretningsmenn med stresskoffertar, men mest av alt har eg prøvd å smile - både til meg sjølv og til verda utanfor - fordi verda vert ikkje betre med mindre alle som kan bidrar litt.

♥ På laurdag skal eg ha høgtlesing av eigne dikt i ein bokhandel i heimkommunen min, den same bokhandelen som eg delvis vaks opp i då eg var yngre. Det følest litt rart og litt skummelt, men mest fint, spesielt sidan bømlingen min skal vere i publikum og høyre på. Kanskje eg skal lure inn eit dikt eg har skrive om han.

♥ Dagane går, det nærmar seg bursdag, innleveringsfristar og eksamensoppgåver, og plutseleg er det juleferie. Eg håper tida ikkje går så fort at eg ikkje klarer å leve i dei gode augeblikka.

Det regnar ofte i Bergen.

fredag 2. november 2012

Haustassosiasjonar

Smaken av rosin i munnen, det søte og syrlege med litt knas i seg, er å sitje på stovegolvet og gøyme rosiner og risnøtter i skuffene eg stabla opp på Duplokjøkenet før eg prøvde å byggje ein pyramide av dei resterande bitane.


Lukta av fårepølsa kjærasten har på skiva er lyst knekkebrød med Brelett og fårepølse - alltid det same merket - som hadde vorte mjukt av å liggje i matboksen så lenge. Å like kontrasten mellom det mjuke og det harde knekkebrødet som låg oppå kvarandre, og å drikke sjokolademjølk som eg blanda sjølv med ein liten dose magi frå den litle Tupperwareboksen som hadde lurt seg med.

Våt skog er å springje blant trea med heimelaga pil og boge, eller å fantasere om trollmenn og drakar, eller å klatre til topps og speide mot der vikingskipa kom inn til kaien, eller å ete Mariekjeks som var dagens jaktfangst og sitje på ein stor stein som var ein isbjørn.

***

Når eg sit i leilegheita og tenkjer framover kan framtida verke ganske skummel, det meste ser ut til å handle om pengar sjølv om eg skulle ynskje det handla om kjærleik og nokre gonger vil eg helst berre gråte, men det hjelper med fine minne og det hjelper aller mest å vite at i morgon kjem bømlingen min på besøk igjen.

tirsdag 23. oktober 2012

Haustinsomnia

Eg prøver å sovne.
Gjer eit nytt forsøk, tar eit djupt pust og kviler hovudet på puta som er gjennomvåt av tårene eg nettopp gret for deg.

Hadde eg fått bestemme, hadde du vore trygg.
Hadde eg fått bestemme, hadde hjartet ditt vore fylt av sommarfuglar, ikkje møll.
Hadde eg fått bestemme, hadde livet ditt vore i orden og bekymringane dine skulle ha handla om kva kakestrøssel som passar best til eit dåpsselskap og kva farge som er mest kjønnsnøytral: gul eller grøn?


Eg håper nokon held rundt deg i natt, der du ligg på eit holete laken og prøver å ikkje fryse.
Eg håper dei held rundt deg av kjærleik, ikkje griskheit.

Og eg håper du veit at mange mil frå der du er, så sit ein person med framoverbøygd rygg og nakke i senga si og skriv dette, fordi personen tenkjer på deg og vil deg ditt beste.

Så lenge eg veit at du har det vondt, så er det vanskeleg å sovne.

tirsdag 16. oktober 2012

Ei lita kjærleikserklæring

Vil du halde meg i handa? Eg frys i haustmørkret og koppar med te er ikkje nok.

Kan du stryke meg over ryggen?
Kan du kysse meg i panna?
Det er så inderleg godt å vere to.

Eg vil ikkje trekkje frå gardinene, verda der ute er så kald. Vil mykje heller liggje side om side og sovne til lyden av pusten din, puste i takt med deg og verte eitt.

Eg pakkar meg inn i pledd når det er kveld og eg saknar deg. Sender stille kyss gjennom nattlufta til der du er og håper du søv godt.

Tenk, det har allereie gått eit halvt år og eg elskar deg meir for kvar dag.

onsdag 10. oktober 2012

Haustkjærleik

På fredag skulle det regne, men det var sol då båten kom til Bergen og eg fekk kjærastebesøk. Medan me stod og venta på bussen og heldt rundt kvarandre og kyssa, så gjekk ei gammal dame forbi og sa: "Fine dåkke va'!" Eg vert glad når eg hugsar at det finst slike menneske i verda.


Hausten er her for fullt, fargane er på det finaste og ryktene seier at dei neste dagane skal det faktisk verte opphaldsvêr. No er eg framleis ein liksombergensar, så slike lovord kan ein ikkje tru før ein ser det sjølv, men det er jo lov å håpe.

Senga er enkel att og det er full fart forover med prosjektskildringa, men til helga er det kjærastetid igjen og på laurdag skal me i bursdagsfeiring til ein eg gjekk på vidaregåande med. Det finst stadig lysglimt bak skyene.

onsdag 3. oktober 2012

Hauststille

Eg seier farvel til deg i draumane mine. Vaknar opp og lever lengst mogleg i det augeblikket mellom draum og røynd der me framleis finst, der du held fast i armen min og ber meg om å ikkje dra. Å aldri dra.

Så står eg opp når alle andre søv. Gøymer meg i kroken nær omnen på veggen og brenn meg på resirkulerte minne som surrar rundt i hovudet mitt. Går på kjøkenet og lagar kaffi, te, frukost, lunsj, middag, dessert, kveldsmat, nattmat, mellommåltid, matpakkar... gjer alt eg kan for å ikkje ta fram mobilen og skrive til deg.


Du er her no, ved sida av meg. Sit i vindaugskarmen med knea trekt godt opp under deg, har falda armane og kviler hovudet medan du ser på meg. Eg prøver å ikkje sjå bort på deg, men eg kan høyre deg puste og nynne på den songen me pla syngje i lag, dei seine nettene då ingen av oss fekk sove og me drakk kakao og dansa i lag i stova under lysekrona som me leika var laga av diamantar i staden for billig glas frå den nærmaste interiørbutikken.

Me trong ikkje snakke då, me kommuniserte gjennom sjølvkoreograferte rørsler og songar me dikta opp innimellom filmkveldar og latterkrampar. Og no, når regnet slår mot ruta og den kalde kroppen din sit og stirar på meg, så er eg full av ord, men har ingenting å seie.

mandag 1. oktober 2012

Haustlitteratur

Då eg gjekk på ungdomsskulen (eg trur det var i 10.), så kunne min vedunderlege kontaktlærar og no ven i over ti år fortelje meg om ei bok som heitte Vindens skygge. Eg byrja å lese og forsvann inn i orda som skildra ein by eg aldri hadde besøkt, men som eg kom til å fantasere om i mange år etter. Eg las boka ferdig natt til ein ny skuledag, klokka hadde passert fire og eg gret - ikkje fordi slutten var trist, men fordi eg ikkje hadde meir å lese.

I åra etter har det kome to bøker til i det forfattaren Carlos Ruiz Zafón kallar serien om De glemte bøkers kirkegård. Natt til torsdag, då klokka var to, hadde eg lese ut den tredje boka som nettopp vart gitt ut på engelsk og norsk (ho kom ut på spansk i desember i fjor), The Prisoner of Heaven.


Eg har lese Vindens skygge tre gonger, ein gong på norsk og to gonger på engelsk, Engelens spill ein gong på kvart språk og så langt den tredje boka, The Prisoner of Heaven, på engelsk. Eg vil helst lese litteratur på originalspråket og hadde eg kunne spansk så skulle eg ha gjort det, men når eg ikkje kan det så hellar eg mest mot dei engelske omsetjingane sidan eg trass i alt er anglofil.

Det var ingen tårer denne gongen, men eg ser for meg at når den fjerde og siste boka kjem ut og avsluttar historia, så vil ho vere eit litterært fyrverkeri.

Eg veit ikkje heilt kva det er med desse bøkene. Kanskje det er korleis Zafón skildrar alt - kjærleik, liv og død - på ein så inderleg ekte og levande måte, der han tar i bruk dramaturgiske grep han har lært gjennom å skrive filmmanus. Kanskje det er korleis han skaper karakterar som verkar naturlege og sprell levande i fantasien til meg og alle dei andre millionane av lesarane hans.

Det er nok ein kombinasjon av mykje, men mest av alt trur eg det er det at han skriv med så stor kjærleik og lidenskap for litteratur i seg sjølv. Dette mystiske og tidvis uforklarlege som transporterer oss bort frå hybelleilegheitar, vestlandsbåtar og skogholt. Dette underlege fenomenet av bokstavar som til saman skaper heile univers for oss til å dykke ned i. Dette fantastisk vakre som me aldri må ta for gitt og som får hyllene våre til å sjå så utruleg mykje finare ut. Desse kjære bøkene våre, som me elskar så høgt.

onsdag 19. september 2012

Haustspasering

Er det noko folk veit her i verda, så er det at det regnar i Bergen. Med andre ord er det veldig lurt å kjøpe seg støvlar om ein skal flytte her, eller om ein allereie bur her. Nokon vil prøve å overbevise deg om at det er nødvendig å ha designarstøvlar, men det er berre tull, det som har noko å seie er om du liker dei, om dei passar og om dei verkeleg held regnet ute.


Ein kan ha mange grunnar for å gå med støvlar, som at ein vil vere tørr på beina trass i korleis vêret er og ein vil halde seg varm og god, men den største og viktigaste grunnen for å gå med støvlar er, som me alle veit: å kunne hoppe i sølepyttar.

Eg har vore på ny spasertur i dag, lappen i den fyrste trestammen hadde forsvunne, den andre låg der framleis. På Nordnes fann eg ei statue som hadde fått ankelvarmarar, samt eg fann sola:


Og så fann sola regnet:


Og då eg kom heim hadde trommenaboen slutta å tromme.

søndag 16. september 2012

Haustkyss

Lauva endrar drakt i skuggen, himmelen kyssar deg.

Regndropane som står på slalåm nedover bussvindauga kan meir enn dei ser ut til, eg kjenner dei renne nedover den nakne kroppen min som ventar på deg og dei fristar meg. Glir sakte og kalde gjennom hud, nerver og muskelvev - heilt inn til beina mine - og vert ein del av meg.

Men det er vinden som gjer meg levande.
Vinden og vissa om at når det har gått ein dag til, kanskje to, så kan eg halde rundt deg igjen.

torsdag 13. september 2012

Hausthåp

Det finst eit punkt på veggen som eg ser på kvar kveld før eg sovnar. Nokre kveldar er det eit romskip som skal ta meg lengre enn noko anna menneske har reist før og eg skal vere den fyrste poeten som skriv eit dikt i det eg passerer ein fjern galakse og vinkar til Wall-E.

Andre kveldar er det eit hjarte, og eg minnest alle eg er glad i, alle eg har mista og alle som har knust meg. Dei kveldane tar det lang tid å sovne, og når eg endeleg flyr så er det med tårer i auga.

I kveld er punktet ein flamme av håp som eg varmar hendene mine på. Fordi utan håp er me ingenting og eg veit at sjølv om me har evner til å gjere kvarandre vondt, så er me minst like flinke til å vere gode medmenneske og det er noko som bør stå høgt på lista over ting ein skal gjere:
- hente barna i barnehagen
- handle mat
- vere eit godt medmenneske

Alt me treng er kjærleik. (Og kanskje ein kopp kakao.)

onsdag 5. september 2012

Haustteikn

Sist veke kommenterte eg på eit innlegg på bloggen til Helene der eg sa eg skulle gå tur, men på grunn av nokre veldig fine distraksjonar så vart planane mine endra. På onsdag kom ein av mine beste vener, Guro, og kjærasten hennar til Bergen og var her i to dagar. Dagen etter kom bømlingen min på besøk og plutseleg var veka over. Men i går, kjære vener, då trassa eg regn, vind og kvalme og var ute i eit par timar på fyrste del av den runden eg plar ta langs gatene her. Eg ville helst gå meir, men eg fraus og var svolten, så det får vente til ein annan dag.







På turen gøymde eg to lappar i trestammane på Nordnes, her er den eine: