tirsdag 27. august 2013

Kva er å leve?

Det er sol i Bergen i dag. Eg sit med skrivemaskinen min framfor meg og vil vite kva det vil seie å puste. Kva det eigentleg er. Kva er å elske? Kva er å leve?

Me sovnar og vaknar til liv. Kva liv vaknar eg til? Er det framleis mitt?

Dei andre står i ring, oppnår ein nærleik eg ikkje kan ha til så mange på same tid. Eg vil gjerne kjenne dei, men ikkje alle på same tid.

Så eg held meg til linjene som har vore med meg sidan før eg skjønte kva dei var til, kva dei kunne gi meg. Eg fyller dei ut, nokre gonger fortare enn andre, tar eit djupt andedrag og går vidare.

søndag 11. august 2013

Those Lazy Hazy Crazy Days of Summer

I sommar har eg:

- jobba 163 timar

- vore mest mogleg med bømlingen min

- reist til Bremen på kjærasteferie


- reist til Oslo og budd hjå ei god veninne og møtt Amanda Palmer(!) og mange fine menneske (skal skrive meir om dette i eit eige innlegg)


- sakna mange

- gråte ein del

- smilt mykje

- høyrt på mannen med hatt og bandet spele og følt ingenting anna enn glede over musikkmagi

- ynskt at eg kan lege hjartesmerte

- sumt og forelska meg i å bade igjen


- vore lite med vener fordi jobben har tatt mykje tid, men verdsett stundene me har fått i lag

- skrive

- lese

- gått turar på gamle og nye stader


- prøvd å vere mest mogleg i augeblikket

- levd litt i fortida, notida og framtida samtidig og vorte nervøs for kva det neste skuleåret bringar

- tenkt at alt ordnar seg på eit vis, spesielt når ein har nokon å halde rundt

- pusta ut og inn

lørdag 10. august 2013

Eg burde seie frå

Keyboardet manglar ein l. Eg veit ikkje om eg burde seie frå. Tonane høyrest like ut, samspelet fungerer like godt, men dei manglar ein vesentleg bokstav og eg føler eg burde seie frå.

Hagen manglar eit tre. Det har stått der så lenge eg har levd og eg har sett det på bilete frå før mi tid, men no er det borte og eg kan ikkje lenger drøyme om å sjå gras og himmel og gras igjen, før eg jobbar opp motet til å hoppe av. Fuglesongen held fram og allergien plagar meg like mykje, så kunne ikkje treet ha fått stått? Sola leiker gøymsle uansett.

Kroppen min manglar deg. Du skal ikkje vere borte lenge og eg veit at du snart kjem igjen, men kroppen min manglar deg, saknar deg, og får hjernen til å hengje seg opp i ting som slutta å tyde noko for fleire år sidan, som at keyboardet manglar ein l, hagen manglar eit tre, heimen manglar ei hytte og eg manglar vener som forsvann ein dag utan å kome tilbake.