lørdag 29. november 2008

Ei ny verd

Eg skal skape ei ny verd. Ei verd der alle er vener. Der det ikkje er drama, ingen store kranglar som fører til utsagn ein ikkje meiner. Ei verd der alle seier kva dei tenkjer og føler, slik at ein ikkje treng å kunne lese tankar.

Eg veit at eg er til grader naiv, men eg likar ideen om at alle menneske har noko fint i seg, at alle kan kome overeins med kvarandre. Eg seier ikkje at det ikkje finst vonde ting her på litle Tellus, at alt er roseraudt og himmelsk om me berre opnar auga, eg veit inderleg godt kor jævleg det kan vere å leve, men me treng ikkje gjere det verre enn det er?

Kanskje me bør starte ein kampanje, få fram kor viktig det er å vise kva me synest om andre, kor glad me er i venene våre, familien. Eg skulle så inderleg ynskje at me kunne ha levd i lag, utan å såre kvarandre. Og mest av alt skulle eg ynskje me kunne ha vorte flinkare til å vere ærleg, fordi å vere ærleg er grunnmuren for å oppnå tillit og styrka forhold.

torsdag 27. november 2008

The Heart of the Matter

Er det ikkje skummelt korleis nokre ting kan slå deg rett i ansiktet? Bøker, filmar og songar som gir deg ei kjensle av at du kanskje ikkje er så åleine likevel, andre har gått igjennom det same. Og du veit jo at alle har kjensler, alle går igjennom vonde hendingar, men trass i at du er klar over alt dette, så føler du deg så skrekkeleg einsam.

"Kva skal eg høyre på no?" tenkte eg, og hamna på The Heart of the Matter sunge av India Arie, ein song som er på filmsoundtracket til Sex and the City. Eg har høyrt på det mange gonger tidlegare, men kanskje ikkje lytta heilt etter.

(...)
I've been learning to live without you now
But I miss you sometimes
The more I know, the less I understand
All the things I thought I knew, I'm learning them again
I've been tryin' to get down to the Heart of the Matter
But my will gets weak
And my thoughts seem to scatter
But I think it's about forgiveness
Forgiveness
Even if, even if you don't love me anymore

These times are so uncertain
There's a yearning undefined
And people filled with rage
We all need a little tenderness
How can love survive in such a graceless age
And the trust and self-assurance that lead to happiness
They're the very things we kill, I guess
Pride and competition cannot fill these empty arms
And the work they put between us,
You know it doesn't keep us warm


Eg merka korleis eg høyrte ekstra godt etter. Fordi eg veit ikkje heilt kva for nokre tankefluger som surrar rundt i hovudet mitt nowadays. Eg prøver få med meg kva dei mumlar på, når dei flyr forbi, men det finst for mange av dei og alle seier forskjellige ting.

I wanna be happily everafter
And my heart is so shattered
But I know it's about forgiveness
Forgiveness
Even if, even if you don't love me anymore


Eg har byrja å raudme kvar gong eg pratar med "han". (Er det veldig fjortis å kalle han for "han"?) Eg smiler som ein tosk, føler meg latterleg, analyserer, overanalyserer, trippeloveranalyserer, reflekterer... No er det "han" som opptar tankane, "han" eg drøymer om kvar natt. "Han" som får meg til å tenkje at kanskje, berre kanskje, i eit anna univers der folk ikkje bryr seg om aldersforskjellar og der eg verkar attraktiv; så kan eg kysse han.

torsdag 20. november 2008

19 years of fabulous

Så var dagen der. Dagen eg har venta på i sånn cirka eit år. 20. november, ein nydeleg dato, om eg får seie det sjølv. Fantastisk fordi... fordi me har hatt norskprøve, sjølvsagt!

Nei, ok, eigentleg fordi eg har bursdag. Som i og for seg er veldig kjekt, MEN eg er sjuk. Eg vert sjukare og sjukare, eg har eit supertungt hovud og hostar og snufsar, eg er generelt lei. Men kan eg vere heime? Nei. Fordi Birte har aldri vore borte når det har vore prøve på skulen, ei heller har ho tenkt å byrje med det no. Men i morgon, då kan ho vel vere heime? Nei, fordi då skal me skrive stil. Som er kjekt, men ja...

MEN (men, men, men...) sidan det då er min dag i dag (ja, eg veit det er fleire som har bursdag i dag, men whatevZ), tenkte eg at eg skulle skrive litt trivia om meg sjølv, ting de kanskje ikkje veit...

Tada!:
- eg synest at å setje på plass varer (helst matvarer) etter at eg/me har handla, er noko av det kjekkaste i verda.
- eg vert sjeldnare forkjøla no enn då eg framleis hadde mandlene, men no når eg vert sjuk, vert det mykje verre og varer lenger.
- eg veit ikkje namna på folka i band eg likar, eg synest heller ikkje at det er nødvendig å vite det.
- (MEN) eg kan ikkje fordra når personar høyrer på musikk eller nettopp har sett ein film/TV-serie og så ikkje hugsar kva artisten/bandet/filmen/TV-serien heiter. Altså, om det er noko dei høyrer/ser mykje på.
- eg får dei beste ideane mine når eg er på badet, men gløymer dei ofte før eg kjem tilbake til rommet eller ein annan stad der eg kan skrive dei ned.
- på ungdomsskulen gjekk eg i Mudd-bukser frå JC og brukte collegejakker frå BikBok (og Vero Moda).
- uansett kva som skjer med meg her i livet; eg SKAL ha vindeltrapp i min komande bustad/hus.
- eg vert utruleg fort glad i folk, held fast ved dei lenge og saknar dei ofte.
- overtalet av dei fantastiske vaksne eg har møtt/kjenner, har vore lærarar.
- smalltalk er noko av det verste i verda (denne har de sikkert fått med dykk etter sist blogginnlegg, men...).
- dei åra eg gjekk på ungdomsskulen sov eg gjennomsnittleg 3-4 timar kvar natt.
- eg ser ingen store problem med forhold der det er ein tydeleg aldersforskjell, så lenge begge partane er myndige og bryr seg om/elskar kvarandre.

Ha ein god Birtedag! (xD)

mandag 17. november 2008

Aaah, the smell of gooey hair colouring products...

Med dagens frisørtime ferskt i minnet, vil eg nytte sjansen til å liste opp alle grunnane til at eg skulle ynskje eg kunne ha farga og klippa håret sjølv:
- eg må sjå på mitt eige sjølvbilete omtrent heile tida
- eg må ha tvungen small-talk (trass i at eg sit og les i boka eg har med)
- frisøren stylar aldri håret slik eg vil ha det, men manipulerer det inn i ein rar form
... og no kjem eg ikkje på meir, VISSTE eg burde ha skrive det ned medan eg sat der. xD Oh well, eigentleg har eg det heilt fint, eg har ny hårfarge, bittelitt kortare hår, og eg kan studere forelskingsobjektet mitt nesten dagleg, medan eg faller meir og meir.

Og woohoo, om tre dagar vert eg 19! Då vert det muffinsutdeling, yet again. :)

Picture of zhe hair(colour) per request by supercute Aida, and yeah; I've got curlZ:

torsdag 13. november 2008

7 løyndommar

Okay, så Fie utfordra meg, og kven kan seie nei til slik ein vakker sjel? Så her kjem sju løyndommar (vel, more like trivia) om yours truly:

1. Eg har aldri trudd på Julenissen, Tannfeen eller noko som helst overnaturleg knyta til barndom/høgtid.

2. Eg har vore singel sidan 13. januar 2003.

3. Baderomslydar er ekle, så unnskyld til miljøet, men eg lar vatnet renne veldig mykje av tida eg oppheld meg der. (Ikkje during sminkeprosessen og alt det, men.)

4. Eg dusjar og vaskar håret kvar dag, og får heilt fnatt om det går ein dag der eg ikkje får tatt dusjen min.

5. Denne er ikkje secret for dei som kjenner meg, men eg er forelska i ein lærar på skulen and he doesn't know it.

6. Då eg vart fødd og hadde navlestrengen surra to gonger rundt halsen, var jordmora og legane sikre på at eg kom til å døy.

7. Eg kan framleis alle dei 12 geologiske periodane by heart, som var noko av det fyrste me måtte lære i 8. klasse, meaning at eg har hugsa på det i over seks år... (Prekambrium, Kambrium, Ordovicium, Silur, Devon, Karbon, Perm, Trias, Jura, Krit, Tertiær, Kvartær)

Eg er eigentleg ikkje særleg fan av utfordring, men for the heck of it; Cavie, Neda og Nøve.