onsdag 29. januar 2014

London: 2014 Edition

Tida flyr (som kjent) når ein har det gøy og sidan eg alltid koser meg med bømlingen min, flaug Londonturen forbi som eit ambulansehelikopter i utrykning. Sjølv om det var i overkant mange folk rundt omkring på stadene eg hadde gleda meg til å besøke og dele med han (det var til dømes ikkje plass i restauranten på Waterstones og The Moomin Shop var så full av folk at eg nesten besvimte), så hadde me ein vedunderleg fin tur og her er nokre bilete av det me fann på.

The Moomin Shop hadde fiksa trappeoppgangen sin.



Fordi vinylen bømlingen min ville gi meg i bursdagsgåve aldri kom fram, fekk eg ein 20-pundsetel som skulle gå til ei sjølvvald, forsinka bursdagsgåve. Det var kjempegøy å prøve å få mest mogleg ut av lappen, eg følte meg nesten som ein unge som veit han berre har tjue kroner å bruke på laurdagsgodtet, og eg er kjempenøgd med det eg enda opp med.

På The Moomin Shop fann eg verdas kulaste kakeformer, samt eit kjærleikskort og ein minihatifnatt som eg no har på nøkkelknippet mitt i lag med Hufsa som eg kjøpte for to år sidan i same butikk. På Waterstones kjøpte eg ei ny Joanne Harris-bok og nokre fine Volkswagenbokmerke.


Etter å ha vore i både Camden, Covent Garden og Piccadilly Circus/Regent Street på laurdagen og drukke te og kaffi med to veninner av meg som studerer i London og Oxford, ville me ha ein roleg søndag med museumsbesøk. Me var ikkje akkurat åleine om å ville besøke British Museum ein søndag ettermiddag, men det var utruleg mykje spanande der og sidan begge hadde hatt lyst til å oppleve museet i mange år, føltest det ekstra vedunderleg å gjere det saman.









Museet var enormt og arkitekturen var nydeleg. Eg gjekk i trappene og tenkte på kor mange som må ha gått der sidan dei opna i 1759, eg rørte ved marmoren som var mjuk som silke og eg kyssa kjærasten min så ofte som mogleg.

Søndag kveld var eg dårleg og følte ikkje for å gå på restaurant, trass i at eg var veldig svolten, så me tok turen bort til King's Cross Station for å prøve å finne noko å ete. Det var lettare sagt enn gjort, men me fann i alle fall inngangen til Hogwarts Express.


Måndag morgon kom og me gjekk, tok undergrunn, tok tog, tok fly og tok buss (og båt og bil, i kjærasten sitt tilfelle), og plutseleg var me tilbake i Noreg og kunne ete brødskive til kveldsmat.

For augeblikket prøver eg å stille hjernen min inn på mastermodus igjen og gler meg til å kunne sovne ved sida av kjærleiken min til helga.

fredag 10. januar 2014

Eg kan få det til

Eg saknar menneske eg ikkje har møtt. På veggen heng det bilete av vener eg nesten aldri ser, men som eg framleis er glad i, og om eg hadde hatt moglegheita skulle eg ha invitert alle på ein stor middag, slik som dei gjer på film, men leilegheita mi er berre 18 kvm og eg er ikkje så flink til å vere vertinne, men eg liker å lage mat. Mrs. Dalloway laga festar for å dekke over stilla, men eg liker stilla og eg skjøner ikkje kvifor så mange er redd for ho. Kanskje dei er redd for kva som kjem til å skje når dei er åleine med seg sjølv, slik som kjøpesentra og butikkane må ha det, der dei alle speler kvar sin musikk. Det er forståeleg at dei ikkje vil høyre grashopper, men det treng ikkje alltid vere ein konkurranse. Me treng ikkje alltid å konkurrere med kvarandre, kan me ikkje berre eksistere og gjere vårt beste for å fungere i same verd?

Eg burde leggje puslespel igjen, det er frykteleg lenge sidan sist og det gir meg ei ro som lite anna kan, men eg tør ikkje byrje på noko som kjem til å dra meg bort frå det eg eigentleg skal gjere. Eg har nok distraksjonar i mitt eige hovud, og uansett kor mange tårer som fell og panikkanfall som overveldar meg, så skal eg klare dette. Eg skal klare å skrive denne oppgåva som driv meg til vanvidd, fordi eg har verdas beste støtte i han som elskar meg og det finst eit liv der ute som me skal leve i lag når dei 70+ sidene er fylt ut.

Eg kan få det til.

onsdag 8. januar 2014

Den finaste julegåva i verda

Som nemnt feira bømlingen min og eg jul i lag for fyrste gong denne ferien, saman med familien min. Gåva mi frå han var ganske stor, men lett, og eg var utruleg spent og nyfiken på kva det kunne vere, spesielt sidan han hadde sagt at han ikkje var sikker på om eg kom til å like ho. Lite visste eg at han hadde lurt meg trill rundt, og då eg opna eska og såg nedi, låg det eit papirfly oppi der det stod London på begge sider!

Med andre ord: 24.-27. januar skal me på kjærastetur til London og her er nokre av tinga eg kan tenkje meg å oppleve med han, sjølv om me sikkert ikkje får tid til alt.

- Besøke Poirotbygningen



- Beundre planteveggen, kleda, bøkene og alle dei andre vedunderlege tinga dei har på Anthropologie



- Drikke te i sjuande etasje av Waterstones


- Verte eit barn igjen på Hamleys


- Gå på teater





- Oppleve nye ting og nye stader






- Dra til Brick Lane, Camden, Covent Garden og Natural History Museum










- Ete god mat (spesielt på inSpiral)


- Besøke/sjå historiske bygningar





- Kjøpe (notat)bøker


- Og i det store og heile ha det superduperfint i lag