søndag 26. april 2009

Valkyrie

Eg trur ikkje det er tilfeldig at når eg ser i avisa om det skal byrje noko bra i neste augeblikk, så står det under TV2 Filmkanalen: The Great Gatsby. Eller at akkurat når eg er ferdig med å sjå Valkyrie og skrur opp volumet på iTunes igjen, så tar Goodbye Yellow Brick Road til å spele.

There are no such thing as coincidences, only the illusion of coincidences.

Det er så mange spørsmål no om dagane, så mykje som er usikkert, så mykje å vente på. Omslagsarket er sendt inn til Samordna Opptak, men vitnemålet kjem ikkje enno, så det skal verte ettersendt i lag med ein søt liten lapp; "ettersendingsslipp" og i lommeboka ligg det eit infokort.

Eg burde ha visst det etter snart tjue år på denne jorda, men alt endrar seg heile tida, og eg har alltid sagt at eg er veldig flink til å tilpasse meg endringar, men kanskje det er ei løgn, kanskje eg sit fast i fortida ein stad og ikkje klarer å rive meg laus, ikkje heilt.

onsdag 22. april 2009

Det går fint

I går brukte mamma og eg ein time på ein strekning som vanlegvis tar rundt tjue minutt.

Etter å ha byta måndagens H&M-kjøp inn mot det eg eigentleg ville ha: ein mørkeblå vårtrenchcoat, skulle mamma og eg handle litt mat og svinga difor innom Maxi, og det var etterpå at me hamna i trafikkaoset. Fordi på Skre vart det gjort vegarbeid, og mamma som ville finne ut kvifor me omtrent ikkje rørte på oss, ba Paul Hansen halde kjeft og switcha over på Radio 102, ein heilt forferdeleg kanal. Folk hadde ringt inn og klaga, det var hysteri og aggresjon, og korleis kunne dei halde på med slikt arbeid på den tida av døgeret, skjønte dei ikkje at folk var svoltne og ville heim etter ein lang dag, ikkje sitje i kø?

Sjølvsagt forstår eg frustrasjonen dei følte, men eg tenkjer i blant at det finst menneske som vert så opprørt og bruker dyrebar energi på ting dei ikkje kan endre. Eg var òg svolten, eg hadde ikkje ete på seks timar, men det var eigentleg ganske fint å sitje i køen. Som om nokon prøvde å seie til oss: "Ro dykk ned, slapp av, sjå kor vakkert det er der ute, alt det som de køyrer forbi utan å leggje merke til det: blomane i vegkanten, og skyene som er forma som store kaninar og stjerneskot."

fredag 17. april 2009

Det er vår

Det er vår når maurane marsjerer langs gang- og sykkelstien heime, når Franz Ferdinand er det beste å høyre på og eg må ta allergitablett dagleg. Det er vår, folkens!

Eg har funne ut at eg sannsynlegvis må gå med russebuksa likevel, om eg skal klare å verte kvitt dei (former) tusen russekorta mine... Om eg får ordna ho i helga med nokre strykemerker and such, kjem eg kanskje til å gå med ho på måndag! (To be continued.)

Det er vår, det er forelskingar og Santa Maria (Del Buen Ayre). Det er No Cars Go og sommarminner som snart er to år gamle. Det er å hoppe i takt med tusenvis av andre menneske, og ikkje tenkje, berre smile. Smile og vere så utruleg glad, ekstatisk, og sovne i eit telt ein deler med to veldig søte veninner.

Det er vår.

lørdag 11. april 2009

O Captain, my Captain

I dag har eg sett Gatsby sin yndlingsfilm, men det var ikkje for fyrste gong. Nei, eg såg han nemleg for mange, mange år tilbake, lenge før eg visste at Gatsby eksisterte. Me hadde nettopp fått parabol, Viasat Pluss, og eg vart introdusert for the wonderful world of TV1000. Ein av dei fyrste filmane eg opplevde der var Dead Poets Society, som eg tidlegare i dag kjøpte på DVD til 60 kr. (Platekompaniet, I love you!). Yndlingsfilmen til Gatsby inneheld forresten ei sitering av yndlingsdiktet hans: go figure!

Det er vedunderleg å re-oppdage noko, om det er bøker, filmar, musikk, personar... Å sjå noko om igjen, når ein nesten har gløymt alt, men hugsar meir og meir etter som tida går. Kjenner det igjen. Som når NRK viser gamle barne-TV-seriar.

O Captain, my Captain, eg håpar eg vert ein inspirerande lektor. Eg skal undervise i engelsk og norsk (det er i det minste planen), og eg vil vere nyskapande, gøyal. Kanskje ikkje revolusjonerande, men kreativ. Eg vil oppfordre til individualisme og vise korleis alle går på ulikt vis, og korleis nokon nektar å gå. Eg vil vere ein kvinneleg John Keating.

We don't read and write poetry because it's cute. We read and write poetry because we are members of the human race. And the human race is filled with passion. And medicine, law, business, engineering, these are noble pursuits and necessary to sustain life. But poetry, beauty, romance, love, these are what we stay alive for. To quote from Whitman, "O me! O life!... of the questions of these recurring; of the endless trains of the faithless... of cities filled with the foolish; what good amid these, O me, O life?" Answer. That you are here - that life exists, and identity; that the powerful play goes on and you may contribute a verse. That the powerful play goes on and you may contribute a verse. What will your verse be?

søndag 5. april 2009

And In The End...

Etter femten sesongar og 331 episodar, som vert rundt 14940 minutt (om ein tenkjer at kvar episode er på 45 minutt, og den siste var dobbel) er ER/Akutten ferdig. For alltid. Mitt ultimate yndlingsshow, my love, my passion. Eg sit i skrivande stund og ser på ER - Special Retrospective med gamle og nye klipp, og intervju med produsentar og skodespelarar. Eg høyrer Laura Innes banne, korleis folk var redde for å øydeleggje ein scene og eg kjenner kjærleiken straume, særleg når Alex Kingston er der, mi kjære Alex som eg saknar så utruleg mykje.

Den siste episoden var dobbel og heitte And In The End. Han var veldig vakker, han hadde gjensyn av gamle ansikt og slutta med at det faktisk ikkje var slutt, dei kom til å jobbe vidare.

Du veit når du prøver å skildre noko til andre, men ikkje klarer det? Noko fantastisk, korleis kjærasten får deg til å føle deg som den viktigaste personen i verda, korleis det følest å få eit barn... Slik føler eg det med ER. Det er mitt barn, det er babyen eg har fulgt i femten år. Det er drama, kjærleik, liv og død. Det er løgn og sanning, og mest av alt røyndom.

Eg gler meg til å ha alle femten sesongane på DVD, eg manglar dei fire siste.

Eg er skjelven, glad, trist og full av minner.


Dette skreiv tv.com om episoden