lørdag 30. juni 2012

Ut til fingertuppane

Elsk meg ut til fingertuppane.
Ta i mot meg i fallet.
Legg meg ned på vatnet,

sjå meg flyte.

-

Eg har ei mørkeblå sløyfe i håret.
Du kyssar meg.

Me ser på båtane i lag
og gløymer det me eigentleg skulle gjere,
men det gjer ingenting så lenge me er to.

Du er den beste å vakne opp til.
Eg har blomar på kjøkenbordet som du gav meg.

Dette er å smile.
- Å dele atten kvadrat.
- Å dele godtepose.
- Å dele fotavtrykk i sommarregnet.

Hei,
kjære,
eg elskar deg.

lørdag 23. juni 2012

Sankthans

Klarer ikkje å sovne.

Lyttar til regnet.

Luktar av bål.

Saknar kjærasten.

fredag 22. juni 2012

Solbriller

Eg liker verda eg ser gjennom solbrillene mine, alt får ein varmare tone. Sjølv det kvite, kalde vert varmt. Eg vil danse til den tonen, i prikkekjole på veg til prikkedag i Haugesund med nye fregneprikkar i ansiktet.

Eg vil ha ei kjærleg, varm verd der alle tar vare på kvarandre og et is med nyplukka skogsblåbær til dessert.

tirsdag 19. juni 2012

Så mange vegar

Livet står stille der ute, bak vindauga. Fuglekvitteret tvingar seg inn, men du ligg i senga og håper at dagen snart er over.

Det er så mykje å sjå, så mykje ein skulle ha fått med seg, opplevd, erfart, søkt, møtt, elska, forlate.

Det finst så mange vegar ein skulle ha gått på med bare føter.

Inne er det haust. Du liker det best slik. Å sleppe å kjenne varmen som omfamnar alt som er der ute, der du ikkje tør å trø. Blomane bestemora di hengde opp dansar i vinden, du høyrer dei spele, dei er som klokker i kyrkjetårnet som klingar mot kvarandre og for seg sjølv, er vaksne nok til å stå åleine om dei må det. Du pustar i takt med dei og prøver å sove bort det vonde.

Når døra opnar seg gøymer du deg under dyna og musikken stilnar.

onsdag 13. juni 2012

Quite Interesting

Hei.

Eg har bachelorgrad og sommarferie.

Go figure.

fredag 8. juni 2012

Det beste i verda

Noko av det beste i verda er å liggje inntil han som er finast og sjå på fjernsyn i lag, dele eit teppe og ha koppar på salongbordet: ein med kaffi, ein med te, og vite - kjenne det inst inne i hjartet og blodårene, i heile kroppen - at ein er trygg og at ein er elska.

Då kan ein kanskje til og med klare å ha munnleg eksamen på måndag utan å byrje å gråte.

onsdag 6. juni 2012

Movies are a Mother to Me

Haven't you ever wanted to go by another name? You know, be somebody else for a while?