tirsdag 28. august 2012

Etter isslott og kapplaup gjennom skogen

Skulle eg ha starta på skulen no ville eg hatt ein lilla sekk med fuglar på og eit viskelêr som var større enn handa mi, men bøkene skulle hatt gråpapir på fordi då kunne eg ha teikna på dei i midttimen medan eg åt og i blant gløtta opp for å sjå på dei andre i klassen forme band som kom til å vare livet ut.

Ein snørik morgon skulle ein ny elev ha byrja i klassen. Han ville fått den ledige pulten ved sida av meg og i midttimen skulle me ha site side om side og teikna til blyantstrekane våre kom saman og danna ei teikning som vaks seg større enn klasserommet, nesten like stor som ideane og teoriane me seinare ville ha funne på i lag, under det store treet der me låg og bles løvetannfrø utover leikeplassen.

Nokre år seinare - etter isslott og kapplaup gjennom skogen - kom me til å flytte til kvar vår kant av verda, men alt var verdt det for dei dagane då eg hadde ein lilla sekk med fuglar på, eit viskelêr større enn handa mi og tankar om å redde verda.

mandag 27. august 2012

Tårer og blekk

Noko av det mest interessante eg skriv, det som er mest kjenslelada og mest rørande, kjem når eg sjølv har det vondt og blekket frå pennen blandar seg med tårene som fell frå andletet mitt. Eg har vore einsam i dag, sjølv om det berre er ein dag sidan kjærasten heldt rundt meg med heile kroppen, så eg sov lenge fordi eg såg ingen grunn til å stå opp, laga meg god mat og såg fram til ein roleg søndag der eg skulle kvile hovudet og kjenslene som flaug rundt. Naboen, derimot, hadde andre planar. Så etter ein time eller to med lyden av naboen som øvde seg på å spele trommer gjennom veggen, gjekk eg til sentrum og såg The Dark Knight Rises, åleine, men saman med mange. Eg har blanda kjensler om kva eg synest om filmar som gjer meg redd sjølv etter eg har gått ut av kinobygget, det er nok noko med tanken om kor mykje vondt som finst i menneske som eg vert så inderleg trist av å tenkje på, så sjølv om eg bur i Bergen og ikkje Gotham så tok eg likevel bussen heim sidan klokka tikka mot midnatt.

No sit eg på kontorstolen min og har nye tårer som fell frå andletet mitt utan at eg heilt veit kvifor, men det er ok. Eg skal prøve å skrive litt og når eg til slutt legg meg i ei seng som igjen er enkel og ikkje dobbel, så skal eg tenkje at bømlingen min held rundt meg med heile kroppen fordi han sa han skulle tenkje det same, og kanskje tanken i seg sjølv er sterk nok til å få tårene til å slutte slik at eg kan sovne med eit smil om munnen, som om han låg ved sida av meg.

mandag 20. august 2012

Velkomen heim

Det følest som om heile denne dagen har vore Bergen sin måte å seie "Velkomen heim, Birte!" på:

♥ Infomøte på Sydneshaugen der eg såg velkjente andlete og smilte til både medstudentar og førelesarar medan eg snikåt på salat frå SiB-kantina (og dei hadde dei gode potetbåtane!)

♥ Pensumhandel på Studia, fekk kjøpt alt eg trong på éin gong

♥ Brannalarmen gjekk av på studentbustaden (hadde du budd her, hadde du skjønt det)

♥ Carte Blanche-framsyning på Studio Bergen i lag med dei fine teaterfolka mine, og mange klemmar

♥ Regn

lørdag 18. august 2012

Masternerver

Om nokre dagar har eg byrja på mastergraden min, ganske forsiktig, eit infomøte og ei førelesing fyrste veka og forhåpentlegvis kjærastebesøk som kjem til å vere godt, er alltid godt, og kanskje særleg om hjernen min er overvelda over alt som kjem til å skje i løpet av dei neste to åra mine ved UiB.

Har klump i magen, men eit lukkeleg hjarte og ein stad å bu, same stad som eg har budd dei siste tre åra, og det er så inderleg fint å ha ein grunn til å gjere senga dobbel.

Frå og med 2008 har eg jobba gjennom heile sommarferien, har nesten ikkje hatt ferie i den tradisjonelle forstanden, har stått opp tidleg og blant anna vaska golv, jobba på kontor, selt dagspass og t-skjorter til fulle folk, ekspedert og hjelpt forvirra matbutikkunder, guida turistar og lokale rundt i gamle hus og passa på at fancy filmmenneske har kome seg der dei skulle. I år fekk eg ikkje noko napp, så eg har hatt ein kjærastesommar, ein av dei beste sommartypane ein kan ha, men det fører til at eg ikkje har så mykje å rapportere. Og kanskje det er like greitt?


Sommarrapport anno 2012:

Hei,
eg heiter Birte Valkyrje.
Eg elskar kjærasten min og han elskar meg.
Eg har det fint.
Eg er nervøs for å byrje på masterstudium, men eg pustar inn og ut.
Eg er her framleis.

onsdag 8. august 2012

Livet går vidare

Natt til søndag sat eg på kaldt gras med kjærastearmar rundt meg og var varm av kjærleik og te og eld frå ei fresande bålpanne.

Søndag ettermiddag tok eg Kystbussen til Haugesund og sat framfor ein greenscreen og såg til sida og opp og ned og snakka og reagerte heilt til teatersjefen sa "Cut!". Eg hadde ein filmklippar framfor ansiktet og alt slags.

Livet går vidare. Livet er fint.

Om under to veker skal eg på infomøte på UiB - for fyrste gong som masterstudent - og eg veit ikkje heilt kva eg føler om det, men eg trur det ordnar seg det òg.

Eg pustar inn. Pustar ut. Gjentar etter behov.

Pust inn.

Pust ut.

Gjenta etter behov.

Eg er elska.

torsdag 2. august 2012

Mat i Bremen

Her er greia: Om du er vegetarianar og skal til Bremen, så har du ingenting å bekymre deg for. Og om du er veganar og skal til Bremen, så er du ganske sikra då òg.

However: Om namnet ditt er Birte Valkyrje og du er veganar i tillegg til å ha ein haug med allergiar, så vert det litt vanskeleg å finne mat å ete utan å verte dårleg etterpå. Eg hadde søkt meg fram til vegetarianar-/veganstader via happycow.com før bømlingen min og eg skulle reise, men berre fordi noko er vegansk tyder det ikkje at magen min er heilt fan av det. Eg enda opp med å gi opp å finne mat eg tolte og åt heller god, vegansk mat for så å angre etterpå fordi kroppen klikka litt, men det var (nesten) verdt det.

Særleg frukosten den fyrste dagen i Bremen var heilt fantastisk, seitankebab med økologisk, heimelaga pommes frites, tzatziki laga med soyayoghurt, ein tomatsaus pluss salat og anna ymse. Namnamnam. (Berre synd at eg verken toler kveitemjøl, lauk eller agurk). Den vart me servert frå ei vogn på Plantage 9, mannen som lagar maten er veldig koseleg og heile måltidet kosta € 4,90 (så vidt eg hugsar) utanom drikke.



Seinare den måndagen fann me ein tapasrestaurant og hadde middag der. Eg vart servert feil salat, men det gjorde ingenting fordi han var kjempegod. Det einaste "problemet" var at det fylgde med både ost og italiensk skinke, men dei var i så store bitar at eg kunne gi dei til bømlingen min utan at det påverka resten av retten.


Bømlingen min er avhengig av kaffi, så me hadde nokre Starbucksbesøk i løpet av ferien og eg hadde koffeinfri latte laga med soyamjølk. Den eine dagen delte me i tillegg ei korg med jordbær som me kjøpte frå ei bod på marknadsplassen. Dei hadde kjempemykje fristande innan grønsaker, frukt og bær, men det var så varmt og me var så tøyrste at ei korg jordbær var alt me investerte i.


I Hamburger Strasse 45-47 ligg ein restaurant som heiter Vegefarm der eigaren/kokken spesialiserer seg særleg på kjøtliknande produkt laga av soya, som i retten eg hadde som inneheldt soyaskinkebitar. Restauranten har ein stor meny der rettane er delt inn etter kva kjøt dei etterliknar, men bømlingen min og eg gjekk for nokre spesialrettar som stod på eit eige ark som fylgde med. Ute var det tretti grader og retten var veldig mettande, så eg klarte ikkje ete så mykje, men det var veldig godt. Her er problemet at eg eigentleg ikkje toler ris og det verka som dei fleste rettane hadde ris ved sida av. Så, kjære folk der ute som ikkje er allergisk mot noko: De er veldig heldige.


Siste kveld i Bremen returnerte me til restauranten der me hadde middag den fyrste kvelden, Ratskellerrestauranten i Bremen. Ein tenkjer kanskje at "Rats" tyder "rotter", men det er altså ei forkorting av "Rathauskeller" fordi restauranten ligg i kjellaren på det gamle rådhuset. Den fyrste kvelden hadde eg ein thaiinspirert karrirett som var veldig god, men i overkant syrleg, spesielt sidan eg ikkje hadde ete skikkeleg mat på sju timar. Den siste kvelden fekk eg eit spesiallaga måltid laga av kokken med utgangspunkt i ein rett som stod på menyen (som tilbyr tre vegetarrettar), der eg blant anna fekk ein veldig god tomatsaus, ein liten salat og omnsbakte småpoteter og tynne kålrotskiver som låg på ein haug med sukkererter. Det var null sjanse for at eg kom til å klare å ete alt, men godt var det, sjølv om kålrotskivene vart litt i overkant etter eg hadde hatt eit par.


Håper de har gode sommarar der ute i verda, kjære vener. Sjølv har eg vore sjuk denne veka, men det verkar som eg byrjar å kome meg no. Eg satsar på det, fordi i helga er det sommarfest med bømlingen sine vener på Bømlo.