mandag 28. januar 2013

Silver Linings

Eg sakna deg så snart du gjekk ut døra.

No har eg sett Silver Linings Playbook og gråte og lurt på om film og teater vert mindre magisk og spanande jo meir ein lærer om det. Eg håper ikkje det, kanskje det berre er ein fase, kanskje det eg treng er å sjå noko heilt fantastisk igjen. Og eg veit at eg knakk fullstendig saman av The Perks of Being a Wallflower, så det finst framleis noko der framme på lerretet eller på dataskjermen som får tankeflugene til å sveve i staden for å surre, i ei lita stund, medan orda, rørslene, handlinga og musikken speler på alt som finst av strenger og nervar og bloddropar i kroppen min.


Eg trur ikkje magien er borte, han har berre tatt ei ny form. Og eg veit at ikkje alle tårer er rasjonelle og at hormona av og til lagar i stand fest utan at dei har bedt meg om lov - og eg veit at det ikkje er noko galt med det. Men eg skulle ynskje eg kunne sleppe å ha så vanskeleg for å puste, i blant, når noko kjem over meg utan at eg heilt skjøner kva grunnen er og eg sit her og hikstar fordi altfor mange har det vondt og eg kan ikkje gjere noko med det. Gjere det betre. Eg vil så inderleg kunne gjere alt betre.

fredag 25. januar 2013

Eg vil (nattutgåve)

I dette augeblikket sit eg og græt utan å vite kvifor.

Eg vil rydde i alle kleda mine.
Eg vil vaske badet.
Eg vil støvsuge (men då forstyrrar eg naboane).
Eg vil reorganisere bøkene mine.
Eg vil ha ein lang, god klem.
Eg vil kline med kjærasten min som kjem med båt for å besøke meg om 16 og ein halv time.
Eg vil lage filmar og teaterframsyningar og ta fine bilete og skrive tekstar om menneske som eg ikkje får ut av kroppen min og eg vil leggje igjen fine beskjedar til framande langs turløypa mi - slik som eg har gjort før - og eg vil ikkje lese pensum fordi eg føler eg druknar i andre sine meiningar slik at eg ikkje klarer å skape mine eigne produkt.

Eg vil skape.

Eg vil drikke te til klokka er ni og klare meg utan søvn for ein dag.
Eg vil sleppe å måtte tenkje på pengar, om berre for ein månad.
Eg vil ha snøkrystallar i håret.

Eg vil at tankeflugene mine skal la meg vere i fred.

mandag 21. januar 2013

Livet er skjørt

Eg har vakse opp med å vite at livet er skjørt. Eg har lært av familie, vener, litteratur og film at det skal skremmande lite til for at ein person ikkje finst lenger, og eg trur det er delvis difor eg er så opptatt av å formulere kva eg føler og gjere ting andre synest høyrest frykteleg skummelt ut, ting som for meg fell naturleg.

Eg veit ikkje kva de har gått gjennom i livet eller kva de kjem til å møte, men eg håper de har mot og styrke til å elske og vere gode mot kvarandre, fordi det er noko av det beste me kan gjere.

It's so easy to laugh
It's so easy to hate
It takes strength to be gentle and kind
Over, over, over, over

It's so easy to laugh
It's so easy to hate
It takes guts to be gentle and kind
Over, over

lørdag 19. januar 2013

Vinterkatedralar


Eg har alltid tenkt på istappar som vinterkatedralar som skjuler folkeslag me ikkje lenger kan sjå når alderen vår vert tosifra og me får andre ting å tenkje på. Men eg trur kanskje eg høyrde dei i går, då eg var ute og gjekk tur i snølandskapet.






torsdag 17. januar 2013

Livet i ei notisbok

Silketøyet som gøymer hennar mest dyrebare eigendeler har tatt til å brune. Kvar brett er kalkulert og notert ned i den litle, purpurfarga notisboka i semska skinn som ho alltid ber med seg i venstre innerlomme, heilt inntil hjartet. Ho har heile livet sitt der, ho har gitt opp trua på medmenneske og teknologi; det kjem aldri noko nytt, ikkje eigentleg. Ho finn ro i dei rette linjene og den forsiktige skrapelyden pennen lagar kvar gong ho tilfører noko.



Livet verkar som noko ho kan klare på dette viset, når det er så uviktig og det som skjer så lite at det får plass i ei notisbok ho kan bere med seg til ei kvar tid. Då følest ikkje morgondagen så stor og uoverkommeleg og ikkje matbutikken så langt unna. Kanskje ho til og med kan klare å besøke nokon, ein dag.

Det vert ikkje denne veka, sjølvsagt. Ho må vaske og rydde leilegheita, og før ho kan gjere det må ho kategorisere arbeidet og lage timeplan og eit overslag over kva utstyr ho treng og finne ut kva rekkjefylgje som er optimal i forhold til arealet og kor lang tid det kjem til å ta før golvet er tørt igjen i dei ulike romma, og den slags nøye planleggjing tar tid.

Ho prøver å forklare det til andre, men det er få som skjøner det. Dei forstår ikkje kor vanskeleg det kan vere å opne ei dør.

mandag 7. januar 2013

Eksplosive kyss

Du (36) elskar meg (23), og eg elskar deg.
Det er så utruleg fint.

Me stod og kyssa kvarandre då året vart nytt og det smalt fyrverkeri langs heile vasskanten; du sa me hadde eksplosive kyss. Eg drakk champagne med venene dine og trakk inn store sjøluftspust, og ein av kameratane dine hadde ein frakk og ein gange som minna meg om John Bender i The Breakfast Club. 

Eg sa til deg at eg liker nyttårsafta mykje betre enn julafta fordi det er ingen som stressar og fyrverkeri er noko av det beste eg veit, og du sa du følte det same. Me stod og snurra på stjerneskot, fordi stjerneskot er obligatorisk, og då me gjekk tilbake til leilegheita byrja det å regne, som om heile byen vaska av seg det gamle året og gjorde seg klar for nye opplevingar, nytt liv, meir god mat og mykje meir kjærleik.