mandag 20. juni 2016

Mjøl og margarin og vatn

Du står på kjøkenet med hendene djupt planta i ei blanding av mjøl og margarin og vatn. Du står der og jobbar med deigen til han samlar seg til ein klump du kan forme til kva du vil.

Du veit det ikkje, men du har stått der i fleire timar.

Når du ser ut vindauget kan du sjå gata du bur i. Du kan sjå graset spire hjå Haraldsen og du kan sjå korleis epletreet til gamle fru Frægdal har byrja å ta over heile hagen hennar. Dersom du tar på deg brillene dine og konsentrerer deg, kan du telje kvar murstein på terrassen til Henrik. Om du snur deg litt mot venstre, kan du skimte korleis solstrålene skaper regnbogar i oljesølet til herr Kristiansen fordi han insisterer på å mekke på veteranbilen sin kvar søndag.

Hadde du fylgt godt nok med, hadde du oppdaga kor lang tid Stian bruker på å gå frå parkeringsplassen til huset sitt same kva vêr det er. Kanskje du hadde lagt merke til korleis han prøver å møte blikket ditt.

Men du står med nevane dine djupt planta i ei blanding av mjøl og margarin og vatn, og ser på barna som leikar i sandkassen medan paideigen stadig vert saltare.