tirsdag 26. mai 2009

Okay, eg skal vere ærleg

Eg har alltid likt doktorar. Då eg var liten, likte eg doktoren min fordi han hadde same lommelykt som meg, og dama som jobba bak skranken der han hadde kontor, var ei veninne av mamma, og ei som eg hadde kjent heile livet. Ho gav meg Mummidalen-glansbilete etter eg hadde gjennomført ein blodtest.

Eg likar fastlegen eg har no, fordi ho ser på mange av dei same fjernsynsseriane som meg, så når me eigentleg skal sitje og prate om seriøse ting, går me heller over til å diskutere kor fin serie Judging Amy var.

Som tidlegare nemnt, og vist, har eg elska ER igjennom femten år, give or take. Delvis grunna dedikasjonen til denne serien, og delvis grunna hypen som vart rundt showet Grey's Anatomy, gav eg det aldri ein sjanse, men Amy Brenneman er søt, så då eg fann ut om Private Practice, tok eg til å sjå på det, and slightly fell in love. Sidan søndag (var det søndag?) har eg likevel tatt til å sjå på Grey's Anatomy, eg har gått igjennom heile sesong 1 og er no på sesong 2, episode 1. Sjølv om eg ser at forfattarane har stole idear frå ER, og sjølv om serien har ein tendens til å fokusere litt for mykje på legane og ikkje på resten av sjukehustilsetjinga eller pasientane, så må eg vere ærleg og seie at ja, det er eit godt program. Eit veldig godt program.

lørdag 23. mai 2009

I have a dream

Då eg var liten og gjekk i barnehagen, leika eg med bestekameraten min og me var trollmenn, riddarar, soldatar. Me hadde dragar som budde rett bak den fjelltoppen me kunne skimte frå toppen av hekken rundt leikeplassen som me ikkje fekk klatre i, men som me klatra i likevel. Eg drøymte om å verte arkeolog, om å dra til fjerne kantar av verda, og koste bort støv og sand som dekka store landsbyar eller dinosaurskjelett.

Eg drøymte om å verte vaksen, ha eit eige liv, ein eigen bustad, styre sjølv. Eg drøymte om å verte lærar, psykolog, detektiv, fallskjermhoppar. Eg drøymte om å leve.

No drøymer eg om å føle meg trygg. Om at hausten ikkje kjem til å verte så skummel som eg trur, og at eg finn vener på universitetet, i tillegg til å halde på dei eg har med meg frå åra som har vore. Eg drøymer om å kome tilbake til skulen min og undervise der om fem år. Eg drøymer om å ha ein eigen bustad med vindeltrapp, og kanskje ein å sovne ved sida av, som kan seie at alt er i orden, og at me kan dra til ein fjern kant av verda når me sjølv vil.

mandag 18. mai 2009

Eg har visst vore russ

Det er 18. mai, alle kan pusta letta ut (sett bort i frå dei plaga av pollenallergi), russen er ferdig med å herje og Hilður har bursdag (gratulerer, igjen!).

I fylgje politiet har russen vore svært flink i år, og det "verste" yours truly har gjort, var å vere med ein gjeng på totalt 12 russ og gå i tog bak ein framand i gågata i fem minutt. Eg har tatt ti russeknutar (oh my!), og i russetoget sat eg på ein rullator fordi eg på 16. mai presterte å skade leddbandet mitt, og eg hinkar/hoppar per dags dato rundt på krykker. Dersom nokon der ute, som meg, har gått rundt og trudd at det er gøy å ha krykker in the sense of å faktisk vere avhengige av dei: det er ikkje det. Du får vondt i hendene av dei harde handtaka, du får vondt i det beinet du ikkje har vondt i, fordi det vert så mykje vekt berre på det, og du har framleis vondt i det som allereie er skada. Samt at du får vondt i armane og skuldrene som følest som om dei har tatt armhevingstesten i fleire timar i strekk, og i ryggen fordi krykkene aldri er heilt i rett høgde, og når du prøver å berre bruke éi fordi nokon sa at det var viktig å tørre trø på den skada foten, så må du ha ein liten bøy i den frå-fødinga-av-øydelagde ryggen din = a lot of pain in basically every part of your body.

Russeknutane eg har tatt:
§ 35. Linjal
Sitje under pulten ein heil skuletime

§ 37. Krit
Kysse ein lærar på kinnet

§ 41. Kakelys
Vere på skulen kvar dag i russetida (skulelys)

§ 56. HubbaBubbapapir
Ha ein heil pakke HubbaBubba i munnen ein skuletime

§ 67. Søtsild
Gå med kosedyr i band bak seg ein heil skuledag. Snakk og kos med det ofte

§ 79. Skriv AWESOME på ein lapp
Snakke engelsk ein heil skuledag

§ 90. Resten av russekortet
Ete eit halvt russekort

§ 98. Bit av browniepapir
Selje eigenbakt kake/bollar i kantina

§ 163. Togbillett
Gå ti russ i tog bak ein framand person i 5 min i sentrum eller kjøpesenter

Jul:
§ 21. Kongle
Gi juleklem til alle lærarane du har i løpet av ein dag.

tirsdag 5. mai 2009

Prinsessedag

Som Val allereie har skrive, er det prinsessedag i dag. Eg har gått i mørkeblå, kvitprikkete Gina Tricot-kjole, hatt rosa sommarfugl i håret, fått historielæraren til å raudme, og er nettopp ferdig med å leike Bakemeister Harepus.

søndag 3. mai 2009

The Bridges of Madison County

Det er få ting som slår å sjå favorittfilmen sin om igjen når det er skikkeleg lenge sidan sist.
















This kind of certainty comes but once in a lifetime.

lørdag 2. mai 2009

There's a first time for everything

Eg er kanskje mest av alt ein filmperson, alle som kjenner meg veit det, likevel plar eg ikkje anbefale filmar på bloggen min. Kanskje fordi eg trur at om eg ikkje forteljer nokon om filmane eg elskar, så kjem dei til å berre vere mine.

Men i kveld, etter å ha sett Team Hanne bergta heile Noreg og vinne Korslaget (go Hanne Krogh og go Utvik!), og etter å ha feira med jordbær og nydeleg kvitvin, set eg på ein film eg hadde sett klipp i frå, sett intervju om, men framleis ikkje fått sett. Last Chance Harvey Og det einaste eg kan seie er: nydeleg.


I'm not gonna do it, because it'll hurt! Sometime or other there'll be, you know; "It's not working." or "I need my space." or whatever it is and it will end and it will hurt, and I won't do it.