onsdag 22. mai 2019

BANAN

Bananar er gule og har ein bøyg på seg. Dei kan òg vere grøne eller brune. Før vart eg fortalt at banan var ei frukt, men no har eg lært at det er eit bær. Banan kan likne litt på ein bumerang, men når du kastar ein banan så kjem han ikkje tilbake av seg sjølv.

tirsdag 14. mai 2019

Utan tittel

Eg vil ikkje seie at eg er tilbake. Eg veit ikkje kva eg er. Eg veit ikkje om nokon andre kjem til å lese dette.

Eg trur at eg kan ha godt av å ha ein stad der eg kan lufte tankane mine ein gong i blant. Og at eg ikkje vil slette denne bloggen, fordi han tydde så mykje for meg i så mange år, og han er framleis viktig for meg.

Det er rart å sjå kor langt eg har kome, kor mykje tid som har passert, kor mykje som har endra seg. Eg lurer på om eg kjem til å lese gamle innlegg om igjen og vere usikker på om det faktisk er eg som har skrive dei. Har eg den same stemma?

Besto baker

Besto baker for å ikkje høyre einsemda snakke til henne frå det inste hjørnet i stova. Det inste hjørnet av hjartet.

Besto baker brød og kringler og peparkaker og krumkaker og alt som er, men ingen kjem for å ete dei. Ho lét dei liggje framme til dei vert grå og grøne, og om ho får det over seg legg ho noko i den raude postkassa. Ho har ikkje sett postmannen på fleire år, men ho får framleis brev frå India.

Her om dagen kom det ei avis frå 1979 og besto lurte på om tida hadde byrja å gå bakover. Det hadde gitt meining, fordi ho kunne sjå brøda gå tilbake til å vere mjøl og vatn og gjær til korn til gras til åkrar fulle av liv. Dersom ho held pusten, trur ho at tida kan gå så langt tilbake at ho kan møte bestefar igjen, men ho er usikker på om han kjem til å vite kven ho er.

I dag er kjøkenet fullt av kyr som har vore kartongar med mjølk og besto klappar dei medan ho ser ut av vindauget. Det snør midt i juni og fuglane har frose fast på bjørkekvistane. Etter å ha delt ei skål med korn med den nye familien sin, lukkar ho auga og held pusten så lenge ho klarer. Kanskje ho får møte han i dag.