torsdag 31. mars 2011

Det som er dumt/fint med å vere sjuk i Bergen

Det som er dumt med å vere sjuk i Bergen er at du kan ikkje sende tekstmelding til mora di og be henne kjøpe soyasjokoladeis til deg etter ho er ferdig på jobb, fordi mora di bur i eit anna fylke og måtte ha reist i omlag seks timar tur/retur (inkludert ferje) for å levere han til deg, og innan den tida hadde isen smelta uansett.

Det som er fint med å vere sjuk i Bergen er at dersom du klarer samle nok energi til å ta på deg kåpe, skjerf og støvlettar, kan du gå til Sparbutikken som ligg nokre minutt unna og sjølv om dei ikkje har soyasjokoladeis i sortimentet så finn du opptil fleire Helen Mirren-filmar i DVD-utvalet deira (som du ikkje kjøper, men det gjer deg glad å vite at dei er der), og på vegen heim høyrer du fuglesong, og du innser at det er vår og at du må byrje å ta allergitablettar igjen.

mandag 28. mars 2011

Skuggelandet

Han gjorde meg alltid så nervøs. Spelte på fingrane mine, talde hårstråa. Gøymte meg i han, i ideen om han, bort frå kalde vintrar og spontanabortar i bakgarden. Gøymte meg i hendene hans der han prøvde varme meg, uvitande om at det var hans nærvær som fekk meg til å skjelve.

Han dirigerte meg mot nye symfoniar, parti eg aldri trudde eg kom til å klare, men med hans støe rørsler svevde eg blant Bach og Beethoven, Chopin og Gluck. Tok ein omveg innom Goran Bregovic og ville aldri forlate desse strykarane, desse lange bogane med håp til siste tone døyr ut i klangen av klokker som seier det er tid for å dra vidare.

Men det er så lunt i hans verd, ingen stiar er uopptråkka og eg vil bu i ei hole med han, starte ein ny sivilisasjon styrt av sand og songar. Stylter er forbode, ingen skal sjå ned på andre. Me skal berre puste og vere til, klatre i fjell og stadig nå høgare, fordi han gjer meg til den beste eg kan vere.

Gjer han ikkje?

Dette er mi verd, han er mi sol og framtida er månen; alltid litt i skuggen.

torsdag 24. mars 2011

Om å vere forelska

Eg vert forelska veldig ofte, det må eg berre innrømme. Eg vert forelska i doggvåte blad, regnbogar og kattar som går inn i butikkar. Eg vert forelska i bøker og filmar, songar og lydar (løvebrøl er noko av det finaste som finst), og ikkje minst vert eg forelska i menneske.

Nokre av forelskingane mine er sterkast i det fyrste augeblikket, og ligg og ulmar som glør i peisen, medan andre gradvis vert sterkare.

Eg seier "forelskingar" fordi eg elskar verkeleg desse tinga. Eg elskar, difor er eg, og kva er vel verda utan kjærleik og kjensler?

Noko av det fyrste eg hugsar å verte forelska i, er tre. Natur generelt, men tre har noko eige med seg, og det er det same med sjøen. Dei er majestetiske og har levd lenge før deg, og kjem til å leve vidare etter du for lengst er borte. Dei er så uendeleg vakre, og dei gir meg frysningar over heile kroppen.

Ein annan eg vart forelska i tidleg, var Poirot. Lite visste eg, då eg var på påskeferie hjå tanta og onkelen min på Fitjar eit år, at den belgiske detektiven eg såg på fjernsynet (og falt pladask for) kom til å definere resten av livet mitt. Ei heller kunne eg vite at eg i ein alder av nesten 21 år kom til å få møte skodespelaren som utan like gjer han til den mannen eg elskar så høgt, fiktiv eller ei.

Dei beste forelskingane er dei som skjer momentant og høglydt, men som likevel vert sterkare med tida, dei som redefinerer kjærleik. Slik har det vore med Poirot, og i det siste er det slik det har vore med Helen Mirren. Eg har hatt auga opp for henne i mange år, men særleg i løpet av eit halvt års tid no har denne forelskinga utvikla seg, og eg finn stadig fleire aspekt ved kunstnaren, kvinna og skodespelaren som får meg til å elske og respektere henne endå meir. Det gjer meg så glad å finne menneske som gjer verda til ein betre stad å vere, om det er i dagleglivet, i ei bok eller på ein skjerm.

Fordi me er verkeleg berre menneske, alle saman. Me prøver alle finne ut kva me vil med liva våre, me vil alle verte elska og føle at det me gjer har meining. Og eg trur det er ein god ting å verte forelska i det ein har rundt seg, å verdsetje menneska og naturen, akseptere og respektere forskjellane, smile av fellestrekka og hugse å ta litt hensyn. Kva kan vel vere betre enn ein kjærleiksgenerasjon?

søndag 20. mars 2011

Å leve

Nokre gonger er minnet om at han raudna då eg kyssa han på kinnet det eg treng for å leve vidare. Men andre gonger vil eg berre leve, vere her, her og no, og livet er så uendeleg vakkert når eg kan ha engelske filmkveldar med gode vener eg lagar middag til. Eller når eg snakkar i timevis med ein ny ven eg håpar kjem til å vere del av livet mitt framover, der me skåler med kvart vårt glas og vert einige om at blod visualisert som flytande tøystykke er noko av det finaste som finst.

-

Eg er så uendeleg glad i dykk alle, både dykk eg ser ofte som eg kan seie det til, ansikt til ansikt, og dykk eg ser sjeldnare, men er minst like glad i. Og når eg ser at Narcissus spirer og gror, vert eg påminna om at det stadig kjem nytt liv til denne verda og me har alle noko å seie, me kan alle skape noko eineståande og vedunderleg.

onsdag 16. mars 2011

Nesten vår

Nokre gonger burde det vere mogleg å få tida til å stå stille. Alle fortener eitt lydlaust minutt. Verda burde stanse når nokon døyr. Eg skjøner at livet må gå vidare, men berre eitt minutt? Ver så snill?

Ute er det haust, nesten vår. Du var så glad i å sjå blomane bløme, du pla nikke til dei i hagen på veg til jobb og eg såg på deg gjennom blondegardinene i kjøkenvindauget.

Kaffien er kald no.

Eg prøvde kome meg opp trappa, opp stigen til der du hadde hobbyrommet ditt, for å finne ut om det var der du gøymte deg, men så dukka ansiktet ditt opp på hornhinna mi og eg hugsa. Ikkje at eg hadde gløymt det, eg ville berre leve i ei anna røynd for ei stund. Du forstår det, gjer du ikkje?

Middagen svir seg i panna.

Grauten din står der og brenn seg fast medan dei siste hjarteslaga dine etsar seg inn i minnet mitt. Og eg hugsar ikkje ein gong kva det siste du sa til meg var. Etter alle desse åra. Gav eg deg ein klem før du dro?

søndag 13. mars 2011

Post Scriptum

I just blogged to say I love you.

torsdag 10. mars 2011

Sjå kva som kom i posten!

Florence + the Machine er magisk. Florence Welch har eit eige univers med melodiar som får deg til å ville danse og skru opp volumet så høgt som mogleg, og tekstar du vil rope ut frå toppen av studentbustaden din. Og etter å ha henta ein fin pakke i posten kan eg tilbringe nokre augeblikk i dette fantastiske universet kvar dag:











torsdag 3. mars 2011

Å

Å kjenne det varme andedraget ditt mot søkket i huden min før hals vert til bryst. Å stryke fingrane gjennom håret ditt og liggje heilt inntil deg. Å høyre at pusten din vert djupare. Raskare. Å ville kysse deg, men ikkje vere modig nok. Å ikkje ha nok tid. Å sjå toget forlate stasjonen, flyet lette frå bakken, og ville springe etter. Å tenkje på deg dagleg, men aldri fortelje det til deg. Å ynskje at kjærleik var slik som på film. Å ville leve for alltid i dei sekunda då du var nær meg. Å lytte til lyden av føtene dine på parketten. Å gråte når du lukkar døra. Å vite at du ikkje kjem tilbake. Å tatovere hjarte på kroppen berre du vil få sjå.

onsdag 2. mars 2011

75 %

Nokre gonger er ein nøydd til å leve livet om igjen, sjå eit klipp sytten gonger på rad og drøyme om det ein nesten hadde.

Nokre gonger er fiksjon og undermedvitne oppfyllingar så mykje betre enn røynd, men så sit ein plutseleg og et vafler og speler PartyAlias (og vinn, til og med), og med eitt følest ikkje livet så vanskeleg likevel. Sjølv om ein ikkje heilt veit kva utdanninga kjem til å føre til eller kvar ein kjem til å bu om få år. Fordi om hundre år er alt gløymt, og er det eigentleg så farleg å vere litt usikker og utrygg når ein har familie og vener ein elskar og som elskar ein tilbake? Og når ein framleis er ven med læraren som gjorde kvardagane til Gaultierduftande eventyr?

På toppen av (alt mogleg-)bokhylla står fugleburet Francesca, i karnappet ligg skrivemaskinen Pantoufle i ein koffert og på pulten står eit timeglas frå Krakow, som vil seie at eg er 25 % i frå å ha alt eg krev av ein framtidig bustad, og med vener som vert med på Oscarnetter, perlekveldar og vaffeldatar er eg klar til å møte verda med eit smil.