søndag 28. september 2008

Filmweekend

Eg har filmweekend med Hilður denne helga; it's fab. :D Har sett... *hmm, tenkjer* fem filmar så langt: Chicken Run, Elizabeth - The Golden Age, Flushed Away, Keeping Mum og Miss Potter.

fredag 19. september 2008

Oui, oui!

Etter ein lang handletur (berre på Obs, mind you) på Amanda og ein svipptur innom Aksdalsenteret, kjem mammaen til Birte og Birte sjølv heim til ein postkasse der det blant anna ligg ein lapp som seier what? Jo, at sistnemnte har mottatt to pakkar som postkassen var for liten til å ha plass til, og som dei dermed må hente på... oh yeah, you guessed it: Aksdal. *sukk*

Men yay, sjå kva eg har fått!:

It's from France!:

Og denne var i frå USA:

Så eg kan lese Chicago Tribune frå 11. august, wihi!:

Fancy segl-ting:

Og mine to ny-gamle, men uansett nydelege Édith Piaf-vinylar:

torsdag 18. september 2008

A look into the future

Havet slår inn mot klippene på Isle of Wight. På den eine bakketoppen står eit einsleg hus og kjempar i mot stormen. Det vart bygd spesielt for eigaren og vindeltrappa på innsida går opp til eit stort tårn der eigaren har kontor med panoramautsikt. Når ho treng eit avbrekk frå skrivinga, tar ho gjerne taubanen som går ned til sjøkanten og opp igjen, fordi då føler ho at ho lever, men i dag er det for sterk vind, så i staden for lagar ho seg ei kanne med peparmyntete og tar på den enkle, blå NoaNoa-kjolen sin og har den gode strikkejakka over. Strikkejakka ho kjøpte ein septemberdag i Haugesund då livet verka så utruleg kort og langt på same tid, og då ho elska ein mann som alltid såg ut til å forlate henne.

Ho elskar han framleis, og han klarer alltid snike seg inn i tekstane hennar, sjølv når ho prøver å unngå det.

Kontoret er fylt med bokhyller der bøker og personlege suvenirar lever i eit harmonisk parforhold. Dei to tekoppane ho kjøpte på ei antikvitetsmesse i 2007, som verkar som ei æve sidan, står på toppen av ei høg bunke med pocketbøker og Amadeus, telyshaldaren den store kjærleiken gav henne til 18 årsdagen, har fått heidersplass.

Ho har enno ei Agatha Christie-hylle og Hercule Poirot er framleis ektemannen hennar, sjølv om ho las den siste boka om han, der han døyr, i 2004. I hylla har ho Paris-vifta ho kjøpte då ho var på språkreise med to, på den tida, nære veninner.

Forfattaren brukar ikkje laptop til den kreative skrivinga lenger. Han er god for å halde kontakt med vener og for å kjøpe nye bidrag til filmsamlinga som aldri ser ut til å ha ein ende, men når ho skal bruke fantasien er det ingen tastar som er betre enn Wolfgang sine. Wolfgang som har vorte over 100 år gammal og som det er eit under at fungerer. Ho elskar han høgare enn noko anna materialt ho har.

Huseigaren har hatt det nye namnet sitt i 30 år og har aldri angra på at ho endra det, og strikkejakka ho kjøpte onsdag 17. september, 2008, var eit av dei beste kjøpa ho noko gong gjorde.

Birte Valkyrje Lund seier hallo frå framtida og viser eit bilete av strikkejakka som gjorde alt mogleg:

(Og nei, eg har ikkje endra namn, men det er det namnet eg vil endre til når/om eg gjer det. Og jakka er meir blå enn ho ser ut som på biletet.)

onsdag 10. september 2008

Ugly girls cry, pretty girls go shopping

Det triste her er at kjøpte fire CDar (den eine var gåve til Val, som ho har mottatt) og tre DVDar der alle kosta under 100 kr., og at eg dermed trudde at eg ikkje kunne bruke Platekompaniet-rabattkortet fordi før så har det vore slik at varen må koste over 100, men neidå, no gjeld det for ALT, så blæ, eg kunne ha spart nesten 90 kr.

I tillegg kom det to pakkar frå play.com i posten:

Sidan Belle (nr. 1) takka farvel på fredag, etter godt og vel eit halvt år i teneste, så måtte eg skaffe meg Belle 2 som har grått handtak, men som elles er heilt lik:


Og her, ladies and gentlemen, er Wolfgang:

Wolfgang er minst 68 år gammal, og maks 74.

torsdag 4. september 2008

Mystery box!

Ooooh, a mystery box! What could it be?


Birte treng hjelp av pappaen sin for å finne det ut.


Pappaen til Birte er minst like forvirra som Birte sjølv, og leser anvisinga om og om og om igjen...


Bamsane er superspente.


Næmmen, ein platespelar!

Lokket har fått ei ripe allereie, ho vart laga av pappaen til Birte som vart frustrert og fekta med armane, og fekk dermed klokka borti.


Antony and the Johnsons var dei fyrste som fekk snurre rundt.


Både Nasse og bamsen-som-aldri-fekk-namn syntest det var veldig vakkert.


Platespelaren har fått namnet Meryl.