fredag 31. juli 2009

240 hours of summer

Du veit du har (hatt) ein litt spesiell sommarjobb når:
- du ikkje har kunne kome deg bort til bygget der du har kontor, fordi det er gasslekkasje på anlegget.
- bilar køyrer rundt med skilt der det står "radioactive".
- du må ta eit kurs fyrste dagen for å i det heile tatt få ID-kort, og eit anna heildagskurs for å kunne jobbe der (det varer i tre dagar om du skal jobbe på sjølve anlegget).
- det vert testa ut alarmar kvar fyrste måndag i månaden, slik at alle skal vite kva lyd som signaliserer at alle på heile anlegget, meaning fleirfaldige tusen menneske, må evakuere.
- du høyrer deg sjølv seie til ein kollega: "Eg har ikkje så lyst til å døy i ein eksplosjon i dag."
- staden der du jobbar blant anna har eigne taxiar og utrykningskøyretøy.
- skilt langs vegen minnar deg om symbol du bruker på teikningane; til dømes liknar fartsgrenseskilt veldig på symbolet for ei seksjoneringsbarriere.
- du er omringa av kvinner og menn som konstant tar av og på seg klede.

In other words: etter seks veker = 240 timar er eg ferdig på Kårstø, og arbeidet eg har gjort kjem dei til å nytte seg av så lenge anlegget eksisterer. I feel important.

Bergen next!

torsdag 23. juli 2009

FAQ

Eg veit ikkje om eg har nok lesarar til å gjere dette, men eg gjer det likevel:

Har de spørsmål til meg?

Gjerne fleire spørsmål per person, eg lovar å svare på absolutt alt, stort eller smått.


--------------------------------------


Favoritt- bok, film, TV-serie?
Bok: Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafón
Film: The Bridges of Madison County
TV-serie: ER og In Treatment

Hvis du kunne bli hva du ville av yrke, uten å tenke på lønn, status, utdanning osv., hva ville du blitt?
Diktar som levde på Isle of Wight.

Hvilken historisk periode ville du helst levd i?
Possibly 1800-talet, eller 1920-talet, hadde vore fab å vere til då Agatha Christie kom ut med si fyrste bok (The Mysterious Affair at Styles - 1920).

Favorittkroppsdel helt generelt?
Hender.

Hvilken dag på året er din favoritt? (Typ julaften, 17.mai, din mors burdag, etc.) (og hvorfor)
Eg har ingen favorittdag, men når eg går igjennom ein heil dag utan å tenkje på alt eg ikkje bør tenkje på, når eg smiler av små barn på bussen og sola utanfor vindauget, og kor vakkert det er med såpebobler.

Hvordan var du på barneskolen? Og ungdomsskolen? Og når ble du den du er i dag, slik du ser det?
Eg fekk alltid høyre av lærarane mine at eg måtte tørre å snakke i timen, eg som var så flink og som dei visste kunne svaret. Det vart betre med åra, men mi største (skulerelaterte) frykt er framleis å latterleggjere meg sjølv. På barneskulen var eg ganske gutejente, sannsynlegvis fordi bestevenen min var ein gut eg hadde kjent sidan eg vart fødd (bokstaveleg talt). Eg gjekk rundt med meitemarkar i handa som eg viste til dei andre jentene, noko som fekk dei til å skrike og løpe bort, og eg drakk malingsvatn (du veit, når du bruker vassmaling og skyller kosten nedi eit glas med vatn), men eg var òg jentete in the sense at eg hoppa strikk and such.

Eg har alltid vore Birte, men kven Birte har vore har variert med åra. Eg vart ofte mobba fordi eg hadde ein tendens til å skilje meg ut. På ungdomsskulen gjekk eg med kleda "alle" gjekk med, BikBok, JC og Vero Moda var standardbutikkane med jeans og collegejakker, samt t-skjortene det måtte stå noko morosamt eller søtt på, så stilmessig vart eg den eg er i dag meir på vidaregåande, nærmare bestemt då eg kom i verdas beste klasse på medielinja i 2006. Eg trur òg det som til slutt vart eit friår var med på å forme meg og vise meg vegen, og eg har aldri angra på at eg droppa ut av allmennlinja på Skeisvang, det var det rette for meg og alt som har skjedd etterpå har vore bevis på det, på godt og vondt.

Spiser du frokost? Isåfall hva?
Eg et frukost, men frukosten vert som regel konsumert på den staden det er meininga at eg skal vere på etter eg har ete frukost. (Did that make sense?) Altså, på vidaregåande åt eg frukost på skulen medan eg venta på at resten av klassen skulle kome, og no et eg frukost på pulten min på jobb, før eg byrjar med arbeidet. Eg er der som regel eit kvarter-ti minutt før eg teknisk sett byrjar om dagen. Grunna alle dei fantastiske allergiane og intoleransane mine plar frukosten vere veldig einsformig, med mindre eg har stått opp ekstra tidleg for å lage noko meir fancy og smakfullt. Standarden er speltskiver med smør og makrell i tomat.

Leser du avisen? Isåfall hvilke(n)?
Haugesunds Avis er ei av dei to avisene me abonnerer på her heime, og den eg plar lese. På jobb er det nærmast eit rituale i lunsjen å lese dagens avis, så no får eg med meg meir enn kultursidene fordi så lenge eg sit med ei av avisdelene, treng eg ikkje høyre på alt det dumme kollegaene mine seier. Og så kjøper eg Dagbladet når Knut Nærum har skrive eit nytt bidrag til "Ærlig talt".

Hvorfor blogger du?
For å vite at nokon bryr seg.

Kva for nokon filmar ville du ha sett om me skulle hatt filmmaraton?
Helst ei god blanding av ulike sjangrar, men ein musikalmaraton hadde vore kos òg.

Kva for nokon forfatterar voks du opp med?
Det var så utruleg mange forskjellige, det var meir bøker enn forfattarar, men eg las blant anna alt me hadde av Frøken Detektiv og Hardyguttene, og så må eg seie Agatha Christie.

Likar du norrøne mytelogi?
Veldig godt! Eg har hatt ei lita karriere innan spelet Age of Mythology. Det var frå det eg lærte om valkyrier/valkyrjer.

Kva er din favorittmiddag?
Når du spør om det, kjem eg på alt eg ikkje toler lenger, men eg er veldig glad i å lage heimelaga potetstappe, og så ha woka grønsaker og noko steikt fisk or such.

Når kommer du til Stavanger, og kva er din favorittbutikk der?
Vel, eg var i Stavanger på laurdag, men då var du i Etne, di tullejente. Søstrene Grene er fabelaktig, og det same er Ting.

Hva er den ultimate sangen du vil dele med hele verden? (Jeg vet hvor vanskelig det er, så derfor ber jeg deg om å velge ut èn, ellers bare begynner man å ramse opp.)
Herrejesuskristus... Uhm... gah! Ane Brun - Changing of the Seasons

Og ikke minst: Hvor er du om ti år? Om førti år? Om seksti år? :)
Ti år: Skal forhåpentlegvis byrje på mitt femte år som lærar på Vardafjell vgs.
Førti år: Nærmar meg pensjonsalder, men har kanskje innan den tida ein kafé samtidig som eg (framleis) skriv poesi og anna skjønnlitteratur.
Seksti år: Om eg er i live, sit i huset mitt på Isle of Wight og tastar på ein gammal skrivemaskin medan eg skuar ut over havet.

Viss du fekk sjansen til å reise verda rundt på 90 dagar, kor ville du ha reist?
Brüssel, Paris, London, Isle of Wight, New York, Chicago, Los Angeles, Honolulu, Sydney, Tokyo, Beijing, Phuket, Kairo, Kabul, Ankara, Kreta, Aten, Roma, Krakow, Moskva... Litt rar måte å reise rundt på, kanskje, men.

Var/er du òg redd for Karlson på taket?
Nei, skulle eg ha vore det? Syntest han var søt, eg.

Kva samlar du på?
Bøker, CDar, DVDar og minner.

Kva for serie(r) vil du sjå, men aldri har fått tid?
Six Feet Under.

Kva er den siste filmen du såg og trur du eg hadde likt den?
Pulp Fiction, har du sett han allereie? Trur i alle fall du hadde likt han.

Hvordan sorterer du sokkene dine?
Eg bruker cirka aldri sokkar (strømpebukser, baby!), utanom strikkesokkane mormor har laga til meg, som ligg knødd inn i ei av hyllene i garderobeskapet. Resten av sokkane som eg har, men altså aldri bruker, ligg i ei blå korg lengst inn i hylla. Og så har eg nokre knesokkar som av og til får kome fram i lyset, dei deler hylle med strømpebukser, toppar og undertøy.

Favorittsmågodt?
Eg toler basically ingenting smågodt lenger, men in the good old days likte eg veldig godt dei små blå og raude kulene, blåbær/skogsbærsmak-aktig? Og alt som var salt, surt eller sjokolade, men ikkje combined. Ingen peacemerker and such.

Fisk eller fugl?
To eat: fisk. Utanom det... Fuglar er ekstremt fascinerande og vakre, men det er eigentleg fiskar òg. I filmverda: fisk; Dory. In the real world: fugl, særleg ørnar og andre majestetiske skapningar.

Papiravis eller nettavis?
Papiravis.

Og hvordan ser skolesekken/vesken din ut?
Fordi mi vakre, blomemønstra veske måtte ta ferie grunna ein fucked up glidelås, har eg no ei svart Friisveske som er veldig ikkje meg, men som gjer jobben. Om eg kan klare å sy på ein ny glidelås, kjem mi fantabulous blomeveske til å vere back in business til studentlivet.

Hva pleier du å ha i vesken?
Oh my goshness; alt! I Friisveska ligg vanlegvis: korthaldar, nøklar, busskort, åtte-ni pennar, to skrivebøker, to bussruter, lommebok (som er full av alt slags tull eg ikkje orkar liste opp), Temudjin, lypsyl (i leppestiftetui), leppestift, ark eg fekk dei fyrste dagane på jobb, mobil, gamle boligannonser av fine hus, hjartet eg fekk av Guro då eg møtte henne på Backstagetreff i... 2006?, ein fin, raud binders, poseklips, eit tøyblad, Auroraårsplanleggjar, ID-kort til jobb og sikkert meir som eg ikkje har kome på/brydd meg om å skrive ned.

Kva er din favoritt Gerard Butler-film?
The Phantom of the Opera

Natalie Portman eller Scarlett Johansson?
Det har eg faktisk aldri tenkt på, men... goshness. Natalie Portman, grunna V for Vendetta.

Hva er det du liker ved filmene, bøkene og musikken du liker?
Sjangrane varierer så mykje, så eg må forklare det på eit meir generelt nivå. Eg treng ha ein tydeleg intelligens til stades i det eg potensielt kan like. Det finst mange typar intelligensar og han kan kome fram på ulike måtar, men det er nummer 1. Dei skiljer seg òg gjerne ut. Eg har sjeldan vore ein mainstreamperson. Nokre saker er rett og slett bra uavhengig av kulturell status, så eg har til dømes I'm Yours på dataen, men det er mykje kjekkare å like noko andre aldri har høyrt om, kanskje fordi det då vert ekstra "mitt". Eg likar godt å ha mine eigne ting. Svarer eg på det du spurte om? Dei må ha noko ved seg, eg vil ikkje vere heilt American Idol og seie "the it-factor", men det er eigentleg det det går på. That special something som gjer at du veit du kjem til å like det du har framfor deg, sjølv om du aldri har høyrt/lese/sett det før.

Oppsummert i eitt ord, det må vere ekte. Sjølv om noko er skodespel, kan det opptre ekte. Meryl kan spele i ein heilt forferdeleg film, men skodespelarprestasjonen hennar er likevel 100 % and beyond, fordi ho vert den personen ho speler.

søndag 19. juli 2009

Ferdig pakka

Det er herved offisielt, ingen lagar Birteklede og/eller -sko lenger. Etter å ha gitt opp Haugesund, drog eg på dagstur til Stavanger, trossa regnet og var i 90 % (ok, kanskje ikkje...) av alle butikkane i distriktet, men fann eg noko? Nope. Det einaste klesplagget var ei truse frå Accessorize. Ho er til gjengjeld mighty fine. :D (På biletet ser ho nesten svart ut, men ho er eigentleg mørkeblå.)

Offisielt nummer to: eg skal verkeleg verte lektor! Lektor i norsk og engelsk. Eg har svart ja til UiB, søkt om lån/stipend og har hybelleilegheit som ventar på meg på Gyldenpris. Framtida nærmar seg med stormskritt.

Eg fann i det minste andre fine småting i Stavanger, så no er eg klar til å flytte, synest de ikkje?

torsdag 9. juli 2009

I've been challenged

Nydelege Ane har utfordra meg. "Så gå inn på bildemappen din, kjære Birte, velg ut mappe 2, velg ut bilde 4, og vips, fortell en historie."

Eg har utruleg mange mapper, men mappe 2, bilete 4 gir dette:

Det var 17. mai, 2008, mine tidlegare klassekameratar var russ medan eg måtte vente eit år, og Aleksander og Elisabeth budde framleis i leilegheit nær rådhuset, som var koseleg fordi då kunne me sitje og leike i fontenen (which we didn't really do, men ok). Det var eit par veker sidan Mozart hadde kyssa meg, for så å seie at han meinte eigentleg ikkje noko med det, han ville berre vite korleis det føltest. This Trumpet in My Head-musikkvideoen var ferdig, og eg gjekk rundt i ein svart, prikkete kjole som var og er for stor til meg, but which I loved either way.

søndag 5. juli 2009

Operation: Birdcage

Når ein endeleg har kunne kjøpe fugleburet ein har hatt lyst på i så mange månadar at ein ikkje hugsar det lenger, må ein fylle det opp med noko. For augeblikket ligg det gamle, samankrølla dikt i det:

Men eg har tenkt å opne Word, skrive inn breva som står i denne boka, printe dei ut og fylle buret med kjærleik:

torsdag 2. juli 2009

Caos calmo

Floyd syntest det høyrdest litt trist ut å gå på kino åleine, men nokre gonger er det noko av det beste i verda. Det eg ikkje visste var at eg verkeleg kom til å vere åleine. Guten som tok i mot billetten min oppdaga fort at nei, eg skulle ikkje inn på Edda 2 og sjå 17 Again, eg skulle på Edda 4 og sjå Caos calmo (Stille kaos), noko han tydelegvis ikkje var førebudd på, fordi der var lyset av...

Med bare føter på nabosetet og ei korg med jordbær i fanget, sat eg og såg ein av dei finaste filmane eg har sett. Ein detaljfilm. Ein italiensk, vakker, sår, trist, søt, nydeleg, fantastisk, strålande, sexy, herleg film, som hadde Rufus Wainwright sin Cigarettes and Chocolate Milk som del av soundtracket, noko som eigentleg er nok til å elske han. Om berre kvart kinobesøk kunne ha vore som dette. (Gjerne med ein ven eller to, det plar vere "alle andre" som øydelegg.)