onsdag 29. februar 2012

I hovudet mitt

I hovudet mitt finst det nål og tråd som prøver å sy saman gamle minne og framtidshåp, difor er det vanskeleg å leve i augeblikket. I blant stikk nålene meg frå innsida og ut, som når nokon rundt meg sit og trommar med fingrane sine på bordflata eller plystrar på noko ugjenkjenneleg.

I hovudet mitt finst det mange menneske, dei sit på nålene som dei arbeidarane som har lunsjpause på det biletet alle har sett, og nokre gonger tar dei sats og hoppar frå nålene som om dei var springbrett medan eg vert sitjande med hendene langs sida og hovudet på fanget. Og for det meste saknar eg og lengtar og elskar, og det eg vil mest av alt er å klemme og kysse deg, kysse dykk alle saman.

I hovudet mitt finst det strikkar som drar i kvar si retning, slike tjukke, gamle strikkar som ein har rundt matpakka for at papiret ikkje skal fly bort, eller slike som er langs kanten på noregsglasa slik at syltetøyet held seg over vinteren. Desse strikkane skaper spenning, skaper motstand, fordi den eine sida vil eg skal vere trygg og farefri medan den andre vil eg skal vere vågal og gjere slikt som eg eigentleg vil, slike ynskje som ligg lagra heilt inst i dei mørkaste romma i hjartet og blodårene og kneskålene mine, og det kan vere ganske slitsamt å skulle tilfredsstille begge sidene på same tid, det er rett og slett umogleg og fører til at eg heller vert stilleståande, men korleis skal eg då kome meg vidare?

I hovudet mitt finst det så mykje eg ikkje forstår meg på og så mange kjensler og gamle og nye samanhengar, og då er det ikkje alltid at nål og tråd er nok, eg treng noko meir, eg må berre finne ut kva det er. Så i mellomtida sit eg i midten av eit stort lappeteppe og leitar etter svar.

tirsdag 28. februar 2012

Eg veit kven du er

Eg er sikker på at eg veit kven du er, eg kjenner igjen hjartet ditt og den lyden du lagar når du er glad. Det er så få igjen i denne verda, altfor mange har gitt opp, men du er her framleis og eg klamrar meg til deg fordi du veit alltid forskjellen på høgre og venstre og kva te som smaker best.

Difor sit eg her og ventar på deg, her i hylla, medan du går rundt med han som gjer kinna dine raude, fordi eg kjenner igjen hjartet ditt og eg veit at du kjem tilbake.

Detachment

Vondt i hjartet. Vondt i sjelen. Takknemleg for utdanninga eg har hatt. Bekymra på vegne av omtrent alle i verda. Og mange, mange tårer på fanget.








"Please just hold on to me and tell me that everything's gonna be okay."
- Meredith, Detachment

søndag 26. februar 2012

Hei #2

Som tidlegare nemnt har eg fått nokre nye følgjarar i det siste, noko eg synest er utruleg kjekt og koseleg, eg vert umåteleg glad for alle kommentarane som dukkar opp og liker svært godt å svare på dei. No har det seg slik at eg har mykje eg kan seie om meg sjølv, men eg veit ikkje kor mykje de synest er interessant å vite, difor tenkte eg å oppfordre alle lesarane mine - både nye og gamle - til å sende meg spørsmål som kommentarar under her og så kan eg svare på dei i eit seinare innlegg, kanskje om rundt ei veke. Høyrest ikkje det gøy ut, vel?

Ask me anything!

fredag 24. februar 2012

Takk

Bilete av Charlotte

Det er ikkje all musikk du høyrer på i oppveksten som vert verande med deg. Det kan vere morosamt å høyre på Dr. Bombay og mimre tilbake til problemfrie dagar på SFO, men det er ikkje noko du vanlegvis lyttar til. Men så finst den musikken som vert med på å forme deg, som vert ein så stor del av deg at du hugsar tekstane same kor lenge det er sidan du sist høyrde songane og du vert gjennomsyra av kjærleik. Rein kjærleik.

Eg har elska Kaizers Orchestra sidan det fyrste albumet kom ut for elleve år sidan, men eg hadde ikkje sett dei live før i går kveld i Peer Gynt-salen som er del av Grieghallen her i Bergen. Eg hadde berre sove tre timar natta før, eg var kvalm og var redd eg kom til å besvime og oppvarmingsbandet hjelpte ikkje, tida gjekk seint og eg lengta etter vatn. Men så skjedde det noko, Kaizers kom på scenen og alle plagene forsvann. Eg trossa halsen, som eigentleg var for tørr til å syngje, med å syngje til (nesten) alle songane som vart framført i løpet av den over to timar lange konserten. Eg vrikka på hoftene og rumpa. Eg hoppa opp og ned, noko eg ikkje har gjort sidan eg såg Arcade Fire live på Hovefestivalen i 2007 då heile publikumsmassen hoppa i fellesskap. Eg gav klemmer til Charlotte og smilte. Eg smilte stort sett i over to timar. Eg smiler framleis.

Etter konserten var over var eg sveitt og lukkeleg (du treng ikkje trene når du kan gå på Kaizerskonsert). Eg var glad for å ha gleda Kjersti med å ringje henne under Hjerteknuser og Die Polizei, og eg kjøpte ei t-skjorte som eg vurderer å bruke på laurdag når eg skal sjå Knut Nærum live for fyrste gong. (Det er visst ein del firsts denne veka, på tysdag fekk eg mitt tredje tantebarn, det fyrste barnet til min nest-eldste storebror og forloveden hans.)

Eg føler meg takknemleg i dette augeblikket, for kunst og kjærleik og ein jævlig sexy vokalist. For ei songverd ulik noko anna og for ein menneskemasse som syng i kor.

Takk.

"Inni helvete for ein stemning her i Bergen!"
- Janove Ottesen

lørdag 18. februar 2012

Om å dirigere vinden

Då eg var liten stod eg på høge fjelltoppar og steinete kaiar og kommanderte naturkreftene til å oppføre seg slik eg ville. Det var i alle fall det eg innbilte meg. Eg heldt hendene ut framfor meg slik fiolinlæraren min pla gjere og så dirigerte eg vinden og havet slik han dirigerte orkesteret.


Eg veit at eg ikkje har krefter til å styre vinden og havet, men eg likte ideen og eventyra eg dikta opp medan eg stod ytst på kanten. Og no som eg snart står på kanten igjen så føler eg meg litt fortapt, fordi det er ingenting rundt meg utanom eit stort og overdøyvande uvisse og eg liker å føle meg trygg. Eg treng ikkje ha fullstendig kontroll over alt, men eg treng å føle ei indre ro for å fungere og den roa har eg vanskeleg for å finne these days.

onsdag 15. februar 2012

Evig forelska. Igjen.

Eg trur eg er forelska. Forelska i ei rekkje forførande ord som tar handa mi, tar hjartet mitt, og hoppar salto. Ord som tar meg med kvar enn dei vil, eg er slaven deira og eg vil så inderleg fylgje resonnementa i vinden og desse oppramsingane utan separasjon.




Eg er forelska og eg møtte ho heilt tilfeldig. Skulle berre kjøpe nokre flagg til Nøve si kake, men plutseleg var ho der, denne boka i raudt og kvitt omringa av kommersielt masseprodusert kvalme som eg såg og tenkte at om eg noko gong får ein som vert verande, så håpar eg han kjenner meg godt nok til å heller kjøpe ein DVD.




Men der var ho altså, dette vindkastet, og eg vart med medan resten av verda sov, eg heldt meg vaken og vandra på nye, uopptråkka stiar og no er eg forelska. Evig forelska. Igjen.

Boka heiter Imot kunsten og er skrive av Tomas Espedal.

tirsdag 14. februar 2012

Thank You For Your Love

It doesn't matter if your greatest love is a man, a woman, a song, a dog, a car or a book.

Maybe you haven't found love yet. Maybe you're still waiting for that special someone to sweep you off your feet.

Maybe you don't want to be swept away.

In any case, it really doesn't matter. Just know that I'm grateful for your existence and for the parts we play in each other's lives.

Thank you for your love.

lørdag 11. februar 2012

Ei historie frå ein madrass

Eg viste deg arra mine ein tidleg tysdags morgon på ein madrass me delte som all logikk tilsa burde vere for lita, men som på eit eller anna vis var akkurat passe.

Du gjorde alt så mykje betre. Strauk peikefingeren over det nyaste arret eg fekk då eg laga middag på laurdag, sa det var arra og såra og merka mine som gjorde meg unik, som gjorde at du kunne kjenne meg igjen på ein arm eller ein fot eller ein nakke. Og du likte så godt korleis eg byrja å gråte av dei same scenane gong på gong og korleis Nytt på nytt fekk meg til å le høgare enn du hadde høyrt nokon le før du møtte meg.

Me hadde piknik på den madrassen. I stova. I parken. På taket. Det føltes trygt så lenge me var to. Du overraska meg stadig med nye bøker du hadde lese, nye insekt og blomar du hadde lært namna på fordi du visste at eg hadde vanskeleg for å hugse slikt og du likte kor imponert eg vart når du peika på ein maur på graset og sa det var ein Formicidae, eller når du plukka ein løvetann og presenterte han for meg som ein Taraxacum officinale.

Du introduserte meg for stjernene og månen og sa at du kjente deg igjen i Johan Harstad sin litteratur, at du òg hadde følt eit band med Buzz Aldrin frå du var liten og at éin dag så kom du til å forlate meg for verdsrommet. Det var fyrste gong eg gjekk frå deg utan å kysse deg.

Genseren min er fuktig no, kinna er tørre og hovudet gjer vondt. Eg trur eg er tom for tårer heilt til ei ny bølgje skyl over meg og minnar meg om dei dagane me hadde i lag, der ute ein stad. Og det eg tenkjer mest av alt er at eg er så utruleg lei av å sakne deg. Det går greitt å elske deg, eg har framleis god plass i hjartet. Eg veit berre ikkje kor mykje lenger eg klarer å sakne deg.

torsdag 9. februar 2012

Nokre ord frå djupna

føle:
II føle v2 (frå lty)
  1. granske ved å ta på; kjenne (II,4) f- med fingrane på tyet / f- ein på pulsen, tennene sjå *puls, tann / det er til å ta og f- på heilt tydeleg, konkret / f- seg fram trivle seg fram; prøve seg fram
  2. merke (noko) med sansane; sanse fysisk; kjenne (II,2) f- varme, kulde, svolt, smerte / f- seg sjuk / f- nauda på kroppen / du skal få f- kven som rår / f- på seg at det blir regn
  3. merke (noko) i hugen sin; kjenne (II,3) i sitt indre f- sorg og sakn / f- ansvar / f- seg glad, fri, letta, skamfull, (som) heime / det kan følast urettferdig, hardt / f- med nokon ha medkjensle med / f- for nokon tykkje godt om
kjærleik:
kjærleik m1 (norr kærleikr)
  1. det at noko er kjært; godhug; varande venskap; elsk; levande interesse k- til heimen, nesten, dei nære tinga
  2. rel: miskunn, godleik Guds k-
  3. erotisk dragnad mot eit anna menneske; erotiske kjensler mellom to menneske; elskhug den store k-en / fri k- samliv utan ekteskap / få k- til nokon / sanseleg k- / ulykkeleg k-
trøst/trøyst:
trøst el. trøyst f1 (norr traust 'tillit'; tyd. no frå ty. Trost; smh med I—III tru)
  1. (psykisk) støtte, lindring, lette, oppmuntring (i motgang, vonbrot, sorg) gje nokon t- i sorga / søkje, finne, få t- i Bibelen / seie eit ord til t- / ei mager, dårleg t- / det var da enda ei t- / du er einaste t-a vår den vi kan lite på

tirsdag 7. februar 2012

Medan me ventar, i mørkret

Eg gjekk tur i kveld og såg:

♥ Ein vridd vimpel utanfor Den Nationale Scene

♥ Ein mann i strikkegenser som gjekk og klappa for seg sjølv og som minna meg om guten i Extremely Loud & Incredibly Close

Eg henta bilete frå eingongskameraet eg brukte i haust og fann eit strålande bilete av Nøve som kjem heim om ei veke og som eg gler meg til å klemme:


Det var òg bilete frå då eg var i Oslo i oktober, og eg hadde gløymt ut alt eg hadde tatt bilete av:






Eg gjekk den same ruta som då eg filma til Kjerstifilmen, men denne gongen var det snø:

♥ Snøen knitra under støvlane mine


♥ På Nordnes høyrde eg nokon øve på eit jazzstykke akkompagnert av to vener med trillekoffertar

♥ På himmelen kunne eg sjå éi enkel stjerne

♥ Utkikksposten var mørklagt, men utsikta var ganske spektakulær


♥ Frå den beste utkikksposten kunne eg sjå to stjerner, og himmelen var så vakker at eg ville male han, som den gongen på barneskulen då læraren vår sa me skulle sleppe alt me hadde i hendene og finne malesaker for å male himmelen, fordi ein så fin himmel var sjeldan å sjå


♥ I Strandgata gjekk tre franske studentar forbi meg, og eg måtte smile, spesielt sidan kyrkjetårnet framleis er pynta til jul


♥ Og det same er gågata


Og plutseleg var eg tilbake på Torgallmenningen og det var fullmåne.

mandag 6. februar 2012

Fine (og tidvis vonde) ting

♥ Når du flyr og flyet er i den høgda at alt under deg ser ut som eit stort Legolandskap

♥ Å gråte av vakre filmar


♥ Te

♥ Klemmer og kyss

♥ Nokon som kviskrar at dei elskar deg

♥ Hender




♥ Korleis eit rom følest både mykje større og mykje mindre når de er to

♥ Teater

♥ Forstørringsglas

♥ Vindeltrapper

♥ Å kjenne lukta til nokon du elskar


♥ Postkort og brev

♥ Skrivemaskinar

♥ Koppar i alle slags former og storleikar


♥ Rista brødskive med smør som smeltar

♥ Nyvaska sengtøy

♥ Vener

♥ Snøkrystall på kåpa som har overlevd turen ned frå himmelen slik at du kan sjå taggane på han og tenkje at no har du noko eineståande og unikt på kåpa di

søndag 5. februar 2012

Hei

Det har vore tårer.

Veldig mange tårer.

Eg har sett på episodar av Gilmore Girls fordi det er den beste serien å sjå om igjen, og frå i går kveld til i dag hadde eg besøk av ei veninne som har bursdag dagen etter meg og som eg møtte for fyrste gong rett etter me hadde kome til verda og heldt til på same sjukehus i lag med mødrene våre. Eg laga middag til oss begge og brann meg på høgre langfinger og venstre underarm, og så såg me filmar og gav kvarandre klemmer og snakka til me sovna.

Eg har kjøpt to nye skjeier på Søstrene Grene og eg har byta sengtøy til eit av dei nye setta eg kjøpte på Kid då eg var heime sist helg. Eg har sett inn i klesskapet mitt og putta klede som eg skal gi til Fretex i ein pose, og eg har gitt gamle vinglas til veninna som var på besøk. Eg har funne ut at eg vil ikkje ta med Ikeaserviset når eg flyttar, eg vil ha lyse tallerknar som sola kan skine på og som gjerne har blomemotiv rundt kanten, og det mørke Ikeaserviset representerer meg ikkje lenger. Og så har eg tenkt på kjærleiksfilmen min, at eg framleis treng ein dansar og at eg må filme pappa når han knyter slips.

Du og eg.

Det finst berre to menneske i denne verda, og det er du og eg. Du. Og eg. Me skal finne saman ein gong, men i dag dansar me åleine, kvar for oss, i kvar vår bydel på kvart vårt kjøken, medan me drikk kvitvin og drøymer om kor fint alt skal verte når me vert to. Me skal le då, og sjå filmar i lag, og det vert oppfordra til å kommentere det som skjer, fordi me kan det då, me har nokon å kommentere til utanom rommet og sofaen og stilla.


Men ikkje i dag. I dag drikk me kvitvin og dansar åleine medan middagen brenn seg, og eg lurer på om du har brunne middagen din du òg. Prøver å kjenne etter om eg kan lukte eit hint av svidd tomatsaus frå der du er, men eg luktar ingenting utanom det vanlege, berre støv og gråe skyer. Fordi gråe skyer luktar annleis enn dei kvite og dei rosa. Dei grå luktar av einsemd.

Kjenner du det du òg? Skulle du òg lage lasagne til middag i dag? Oppskrifta var til seks personar og eg var aldri særleg flink med tal, så eg klarte ikkje gjere ho mindre. Kanskje du vil ha litt? Kanskje eg skal fryse ned restane og så kan me ete i lag når me finn kvarandre? Då skal me skåle og le og sjå film og kommentere og kysse og klemme og ha nokon å halde rundt når me søv og få hjelp til oppvasken. Fordi det går så mykje fortare når me er to, veit du. Då følest ikkje verda så skummel lenger.


Så eg håpar du finst der ute, ein stad. I bydelen din med eit glas kvitvin og eit einsamt hjarte. Eg håpar du vil danse med meg ein dag, når me finn kvarandre.

Eg håpar me finn kvarandre.

onsdag 1. februar 2012

Nei

Då eg gjekk på barneskulen prøvde bestevenen min å lære meg å seie "Nei". Det var ingen stor suksess. Eg er ein konfliktunnvikande hjelpar, eg vil helst hjelpe deg om eg kjenner deg eller ei, og eg vil ikkje krangle sjølv om eg er ueinig.

Dei siste dagane har eg følt meg stadig dårlegare og eg veit ikkje kvifor, kanskje det berre er PMS, kanskje det er noko meir. Eg er sliten og redd og trøytt, og det er vanskeleg å gå ut leilegheitsdøra, men eg har kommentert på bloggar, skrive meldingar fram og tilbake og kome meg på rettleiingstime for bacheloroppgåva mi.

Det er få ting i verda som gjer at eg føler meg betre enn når eg kan hjelpe nokon, men no må eg hjelpe meg sjølv litt og ta ein pause. Om det berre er hormona som tar salto så kjem eg tilbake veldig snart, det vil vise seg, eg treng berre å puste litt. Og så håpar eg at dei nye følgjarane mine vert verande: Eg veit ikkje kven de er, men det er veldig kjekt for ein aspirerande forfattar å verte lese.