mandag 29. april 2013

På botnen

Eg bur her nede, på botnen. Det er langt til overflata og eg har gløymt korleis sola ser ut. Eg har funne ein plass å sitje, inntil ein stein som passar til ryggen min, og eg kan sitje der i fleire timar utan å puste.

Nokre gonger sym det folk forbi og eg trur dei kjem til å sjå meg; avsløre meg og seie at eg er ein slik som kan sitje for seg sjølv i fleire timar og vere nøgd med det - og slikt er ikkje akseptert her, ikkje ein gong på botnen - men dei ser meg aldri, dei er for opptatt med å sjå opp på lyset, så eg held fram med å sitje inntil steinen min.

Eg kjenner han godt no, som eit ansikt. Eg veit kvar han har smilerynker, kvar han er tørr av for mange tårer og kvar det veks hår som ikkje var der då han var yngre. Eg veit kva side av seg sjølv han liker best, og eg veit at om eg snur meg mot han og ser inn i den glipa som berre han og eg veit eksisterer, så kan eg sjå inn i sjela hans.


søndag 28. april 2013

For alltid

Det er eit vakkert lys ute no, eg skulle ynskje du kunne sjå det frå der du er. Det har regna i heile dag, det regnar framleis og det regnar på innsida av meg, men lyset er mjukt og det seier at alt kjem til å ordne seg.

Eg veit det kan vere vanskeleg å tru, men ting vert betre, vinden stilnar og graset vert grønt igjen på begge sider.

Det finst ingen grenser, sirkelen har plass til oss alle og eg elskar deg for alltid.

torsdag 25. april 2013

Her eg sit

- høyrer eg vind fly gjennom peisen; det lagar den same lyden som når nasen min er tett og eg prøver å puste

- høyrer eg fuglesong frå trea utanfor huset og får lyst til å syngje sjølv, men finn ikkje stemmen min igjen

- kjenner eg varme frå Macen eg har på fanget og kjærastegenseren eg har på meg

- vil eg gråte og smile og skrive og lytte og lage mat og kysse og elske og gå tur og sjå seriar og lese og helst gjere alt på ein gong

- føler eg smerta til personar som ikkje finst

veit eg ikkje om eg vil sitje lenger, eg burde gjere noko, redde verda eller bake ei kake (I could bake a cake, my kitchen is small but I could clear the space)

vil eg sitje så lenge det er mogleg

onsdag 17. april 2013

Slik det skulle gå

Kanskje det var slik det skulle gå:

Å drikke dogg frå morgonblad.
Å syngje til stjernene.
Å sovne på eit hardt golv.

Å lage fyrverkeri i frukostblandinga,
spå framtida i ein kaffikopp
og kysse alt bra igjen.

tirsdag 9. april 2013

Dei gongene

Søvnløyse.

Å trø inn og ut av dei same skoa. Å titte ut på det same grå landskapet og igjen leite etter ein sjelsven under lyktestolpen i svingen der bussane suser forbi og nokon går tur med ein hund dei like gjerne kunne ha bore i handa, medan andre sit på ein benk og græt for alt som er og skal verte og alt dei skulle ynskje dei sa eller gjorde dei gongene dei var mest nervøse og mest spente på same tid, då nokon heldt dei i handa og spurde om dei kjente songen som vart spelt og om dei kunne tenkje seg å danse.

tirsdag 2. april 2013

Tysdag 2. april

Eg sit og tenkjer på kva me kan bestemme og kva me må føye oss etter. Når me kan setje grenser og når me må gi opp. Og kvifor nokon av oss tenkjer så mykje medan andre tilsynelatande tenkjer mykje mindre og har det lettare
- men har dei det?
Har nokon av oss det verkeleg lett?
Eller skal me berre late som for å ikkje vere til bry?

Burde me ikkje alle vere til bry om det er nødvendig for at me skal ha liv me liker å leve?

Og så tenkjer eg at eg vil ikkje vere redd for slikt eg ikkje kan styre og eg kjenner på korleis han gjer at eg føler meg trygg og vakker og sexy og smart og elska, men at det er einsamt å sove åleine og eg håper fredag kjem fort samtidig som eg har mykje å gjere. Skjerpings og den slags.

Eg såg den nyaste episoden av Monday Mornings der ein pasient hadde ein sjukdom som gjorde at han ikkje klarte å slutte å skrive, medan eg prøver å byrje på ein tekst som ikkje inspirerer meg fordi eg kan ikkje nok om emnet og eg klarer ikkje å byrje å skrive før eg har nok oversikt, men kanskje det er del av unnskyldinga og utsetjinga, at eg skaper mine eigne murar.

Skaper eg alle murane mine?

Er eg ansvarleg for dei?

Burde eg ikkje då klare å rive dei ned?