søndag 29. november 2015

Til alle

Vit at du er viktig. Vit at du fortener å verte høyrt. Vit at du er sterk. Vit at du er elska.

fredag 20. november 2015

Livsvisdom frå ein halv kortstokk

I dag fyller eg 26 år, aka. ein halv kortstokk, og vel difor å dele litt visdom eg har samla opp så langt i livet:

1. Bruk tanntråd! Det er utruleg kor mykje tannkosten ikkje får tak i.

2. Tanntråd som skryt av at han ikkje splittar seg, kjem til å splitte seg.

3. Smil til framande. Eit lite, høfleg smil til ein forbipasserande kan ha mykje å seie.


4. Kommuniser med kvarandre! Eg veit at filmar og seriar er fulle av folk som er elendige på å kommunisere. Det er faktisk så ekstremt at dei gjer seg sjølv galne fordi dei diskuterer situasjonar med alle andre enn personen det gjeld, og endar som regel med ein eksplosjon av ein krangel, men dette kan altså forhindrast om de berre snakkar i lag.

5. Bruk sykkelhjelm! Det er kanskje ikkje verdas beste look, men det er ikkje så kult å ha hjernemassen smørt utover asfalten heller.

6. Finn tid til å gjere det du elskar. Det som inspirerer deg. Det som gjer at du føler deg levande.

7. Les! Same kva sjanger, format, språk, medium... Berre les.


8. Ver nysgjerrig! Prøv å halde fast på fantasien og undringa du er fødd med.

9. Opplev nye ting. Ikkje lås deg fast i bestemte tankemønster. Våg å prøve noko nytt. Utvid horisonten din. Reis! Lev! Oppdag! Vert sjokkert! Vert frelst! Få hjartet ditt knust og finn ut korleis du kan gjere det betre.

10. Våg å elske. Det er skummelt og risikabelt og spanande og utfordrande. Og det er heilt fantastisk.


11. Ikkje gjer som mora di seier. Eller faren din. Eller kven som helst. Det er berre du som kan vite kva som er best for deg og ditt liv.

12. Be om hjelp. Stort eller smått. Livsviktig eller trivielt. Alle har rett på hjelp og folk flest ynskjer å gi det, men det er opp til deg å be om det.

13. Finn folka dine. Når du veks opp og finn ut av kven du er som person, så er det ikkje sikkert du er så heldig at du går i klasse med nokon som deler interessene dine. Men ikkje gi opp, fordi eg veit at dei finst. Kanskje må du ut i verda for å finne dei. Kanskje er dei berre nokre tastetrykk eller ein busstur unna. Men eg lover deg. Dei finst.

torsdag 12. november 2015

Å stå i regnet

Du tenkjer du vil skrive at du kan høyre regnet spele trommer på vindauget, men det følest som den største litterære klisjeen som finst, sjølv om det er meldt storm og verda er i ein unntakstilstand.

Kanskje heile livet er i ein unntakstilstand.

Det som fristar mest i augeblikket er å stå i regnet med støvlar på og la det trenge inn gjennom ull og polyester til det når hjartet ditt, fordi det er så mykje negativitet rundt deg for tida at du har gått tom for tårer.

Du håper regnet kan gi deg svar. Dette regnet som gjer alle reine og uskyldige.

Du kan ikkje redde verda, men du kan gjere din del. Syngje når du ventar på bussen, smile til framande, og bake kjeks til neste fotballkamp.

Og neste gong du er ueinig i det alle dei andre rundt bordet seier - sjølv om det er seks mot ein - så skal du ha mot til å seie i frå.

Empati er ein tapt kunst.

onsdag 11. november 2015

Kanskje

Stol på meg.

Eg veit det er mørkt og kaldt og jævlig. Eg veit det er mykje du ville ha gjort, men det er best å møte verda litt etter litt. Du treng ikkje gå ut. Ikkje i dag. Kanskje eg kan halde deg i handa. Kanskje me berre kan sjekke posten? Nei, det er greitt. Eg forstår. Kanskje i morgon. Kanskje neste veke. Kanskje du finn noko i avisa som du har lyst til å prøve? Ei av dei damene med milde auge. Det står her at du kan ringje dei, så du treng ikkje forlate senga. Vêrmeldinga seier det er moglegheit for snø i morgon. Kanskje du vil vere med meg ein tur då? Gatene vert så stille når det snør.

Du treng ikkje unnskylde deg, det går fint. Så lenge du ligg her, er det her eg vil vere. Du kan stole på meg. Det vert sikkert betre i morgon.

torsdag 13. august 2015

Læraren til Christine er ein drake

Det tok tid og krefter å få det bekrefta, men no er Christine overbevist: Læraren hennar er ein drake.

Ho byrja å mistenke det mot slutten av den fyrste månaden, då ho skulle gå heim for dagen og såg frøken Fransen stå gøymt bak ein av bossdunkane på parkeringsplassen. Det var nokre meter mellom dei, men Christine var sikker på at ho såg noko gløde i munnen til læraren hennar.

Christine veit ikkje så mykje om drakar, men ho veit at dei kan ikkje brenne seg på sine eigne flammar. Det har noko å gjere med korleis kroppane deira ser ut på innsida; som om dei er brannsikra. Kanskje heile kroppen til frøken Fransen er som ein brannstasjon, med vasslangar, sprinkelanlegg, og brannsløkkingsapparat. Kanskje heile magen hennar er full av vatn og skum.

Medan dei var på skulen, gjorde ho alt ho kunne kome på for å avsløre frøken Fransen, men ingenting fungerte. Ho passa på å stille så mange spørsmål som mogleg i timane, slik at ho kunne sjå etter røyk eller flammar medan frøken Fransen svara henne, men det einaste som kom ut av læraren var ei sterk kaffiande og lange setningar utan komma.

Sidan spørsmålsstrategien ikkje fungerte, byrja Christine å mase på frøken Fransen. "Kanskje ho berre viser drakenaturen sin når ho er sint eller stressa," tenkte Christine, "Slik som herr Eilertsen i 4B som vert forvandla til ein snegle når han køyrer bil."

Det einaste masinga førte til var ein telefonsamtale mellom frøken Fransen og foreldra til Christine.

Christine prøvde å forklare situasjonen, men foreldra hennar forstod ingenting - som vanleg. Det var ikkje før dei møtte på frøken Fransen på nærbutikken at Christine endeleg kunne bevise det ho hadde snakka om det siste halvåret. "Mamma, pappa, sjå! Eg sa jo at frøken Fransen var ein drake! Ho står rett der borte og sprutar røyk ut av nasen sin!" Foreldra hennar berre lo og sa at det var slikt nokre vaksne likte å gjere, og at det ikkje tydde at dei var drakar, men Christine visste betre.

Ho kunne skimte vengene under vinterkåpa.

onsdag 24. juni 2015

Dei drar

Dei bur i same by, men ulike statar.
Dei snakkar i lag kvar dag, men ser ikkje kvarandre.
Dei søv i same seng, men kan aldri høyre den andre puste.

Dei drar frå kvarandre kvar natt.

mandag 25. mai 2015

Introduksjon til Kroatia

I Kroatia har dei ferskenfarga toalettpapir og ispinnar oppkalla etter Kon-Tiki og Snøkvit.


Dei har barar på utsida av dei gamle bymurane med utsikt til havet, og barar med badekarsofaar og tørketrommelbord.



Dei har strender fulle av små, glatte steinar, og kafear inne i grotter.





Dei har hengjelås-par som eg håper er like forelska og har det like bra (eller betre) no som då.



Dei har veldig mykje god mat i lausvekt og mange fine veggie-produkt.



Dei har leilegheitar som har vore tesjapper, og parkeringsplassar med fargerike markørar.





Og dei har fine himlar.




onsdag 22. april 2015

Eg veit korleis kjærleik ser ut

Eg veit korleis kjærleik ser ut.

Eg kjenner kvart ansiktsuttrykk,
kvart tonefall,
kvar kvadratmillimeter av hud.

Eg kjenner kvart kyss.

Eg kjenner alle dei beste måtane å liggje ved sida av kvarandre utan at armane sovnar,
og eg kjenner kjærleiken så godt at eg veit når han treng fred.

Eg kjenner kjærleiken fordi eg sovnar ved sida av han kvar kveld
- alltid til venstre, same kvar me er -
og der drøymer eg dei vakraste draumane i mitt liv.

tirsdag 21. april 2015

Baristablekksprutar og kollektivkvalar

Du sit på trappa ved bygningen der du bur og ventar. På vegen framfor deg symjar kvalar forbi og menneske vinkar til deg frå vindauga kvalane installerte under den trafikale revolusjonen i 1995. Trea er fulle av kjærleik på pinne, og ei jente med langt, lyst, krøllete hår vinkar til deg frå den øvste kjærleiken som får deg til å tenkje på då du gjekk på skulen og meinte at det fanst slott i kvart blomsterbed.

På yndlingskafeen din er alle dei tilsette blekksprutar og edderkoppar - fordi dei er så mykje meir effektive enn vanlege hundar eller kanarifuglar - og alle veit at svarte enker lagar den beste kaffien.

Du prøver å teikne han som sit på bordet ovanfor deg, men andletet hans er så vakkert at du klarer ikkje få det ned på papir. I staden for går du bort og spør kva han heiter, og han stavar namnet sitt i handa di. Innan han har skrive den siste bokstaven, veit du at de kjem til å ende opp i same trekrone. De finn den nærmaste kollektivkvalen og seglar heim til leilegheita hans som er ei sky som i Mummidalen, eller kanskje ho er sukkerspinn, og du lurer på kva det var du eigentleg skulle gjere då du stod opp i dag, fordi alt følest så lite viktig i det augeblikket.

Når sola strekkjer på strålene sine, er du allereie på veg heim. Du fann ein hai i siste liten. Og du veit med heile ditt hjarte at i morgon kjem du til å vakne og verda kjem til å vere kald og trist og mørk, men du har levd nokre timar i ein by med kollektivkvalar, baristablekksprutar, og godteritre, og det er nok til at du kan halde ut.

torsdag 9. april 2015

Lakselinja

Med mastergrad i teatervitskap og år etter år etter år med å vere publikum på tallause teaterframsyningar, er det heilt fantastisk å i blant få vere med på å faktisk skape teater. Eg har tidlegare vore i Studentteateret Immaturus sitt kunstnariske råd og vore deltakande i ymse dramaturgiat og gjort litt småjobbar her og der, men det aller største er å kunne fylgje ein produksjon frå start til slutt.

Sidan nyttår har eg vore så heldig å få vere dramaturg og regiassistent på Lakselinja, eit nytt stykke skrive og regissert av Nina Sele. Det har premiere på Bømlo Kulturhus i morgon kveld klokka 19.30, og skal i tillegg spelast laurdag og søndag kveld til same tid.

Framsyninga handlar om 12 (13) menneske med ulike liv og bakgrunnar som jobbar på lakselinja, og i møtet med dei får me sjå korleis arbeidsdagane deira utfaldar seg og kva dei tenkjer på og drøymer om.

Scenograf Janne Robberstad har designa ein utruleg kul scenografi som for det meste består av isoporkassar (så langt har me 980 stykk) av same type som lakseindustrien bruker. I tillegg har me lys- og videodesign av Joakim Foldøy og musikk av Hans-Olav Molde.

Dette kjem til å verte ei superfin og kul oppleving og alle som kan er hjarteleg velkomne! Billettar kan kjøpast på bomlokulturhus.no.

onsdag 25. mars 2015

Naboen

Eg veit ikkje kva det er naboen byggjer i garasjen sin, men eg trur det må vere noko ganske kult. Fram til no har eg tenkt at han er ein ganske keisam type, fordi når eg har sett han vandre mållaust rundt i matbutikken eller når han har køyrd forbi medan eg har venta på skulebussen, så har han alltid hatt eit veldig alvorleg ansiktsuttrykk. Men i dag då eg gjorde lekser og opna soveromsvindauget mitt for å sleppe inn litt frisk luft, så høyrde eg han syngje, og ein fyr som syng medan han sveisar må vere ein ganske kul fyr. Så no trur eg at han byggjer en tidsmaskin. Eller eit romskip.

torsdag 19. mars 2015

Pust

Pakk lett. Berre ta med det som er høgst nødvendig, det du kan bruke og det som gjer deg til den du er.

Du er sterk, men du treng ikkje vere sterk heile tida. Eller flink. Eller snill.

Hugs å puste.

Det er alltid lov å be om hjelp.

Det er ikkje alltid du får den hjelpa du vil ha, men det tyder ikkje at det var galt av deg å spørje, og nokre gonger kan det vere at du ikkje veit kva for ei type hjelp det er du treng.

Av og til - kanskje ofte - må du kunne hjelpe deg sjølv.

Eg håper du kan hjelpe deg sjølv.

Eg håper du kan elske deg sjølv.

Eg håper du finn det du leitar etter.

Eg håper du kan føle at du lever. At du faktisk kan føle deg sjølv leve i kvar minste bit av kroppen din.

Lukk auga, ta bort alle kvardagsdistraksjonane og lytt:

Blodet strøymer rundt i elvane dine.
Verda er stille.
Du pustar.


onsdag 7. januar 2015

Hadde det berre vore snø

Klokka er fire om morgonen. Eller kanskje ho er fire om ettermiddagen og eg har sove forbi alle morgonrituala, frukosten og treningssykkelen og dusjen som vaskar bort all smerte og sveitte og vonde tankar.

Det er mørkt når eg legg meg og mørkt når eg står opp og butikkane har døgnopent, så kven kan eigentleg seie kva tid på dagen det er. Kanskje me lurer oss sjølv alle saman.

Hadde det berre vore snø, hadde alt gitt så uendeleg mykje meir meining. Føtene våre hadde knitra på asfalten og byen hadde falt til ro. Trea hadde vore dekka av krystalliserte tryllekunstar og du hadde smilt i søvne, fordi livet er lettare å leve når verda er stille. Og sjølv om det hadde vore kaldt, sjølv om lufta hadde gitt deg sjokk og du hadde hatt vanskeleg for å skjøne kvifor pusten din såg ut som røyk som forsvann i neste augeblikk, så kunne me gått hand i hand og fylt gatene med englar.

tirsdag 6. januar 2015

Mitt 2014

Det følest nesten som om 2014 varte dobbelt så lenge fordi det skjedde så mykje i løpet av året, samtidig som dagane gjekk frykteleg fort.

Eg fekk Londontur i julegåve av bømlingen min og den siste helga i januar gjorde me byen ny. Ein dag skal me reise tilbake slik at me kan gå på teater i Shaftesbury Avenue, eller kanskje i Barbican, fordi då kan eg vise han Poirot-bygningen.




Dei neste månadane jobba eg med masteroppgåva mi i Bergen på vekedagane og så besøkte me kvarandre i helgene, slik som før. Nokre gonger var det ekstra vanskeleg å reise tilbake til leilegheita mi, og då tok eg meg nokre ekstra dagar på Bømlo og skreiv på oppgåva der.

I midten av juni slapp me å reise frå kvarandre meir, fordi då tok eg med meg alt som hadde samla seg opp i SiB-bustaden min i løpet av fem år og flytta inn i det litle huset med sjøutsikt frå soveromsvindauget.


Halvannan veke før det skjedde, hadde me ei langhelg i Stockholm der me åt sorbet og vandra rundt og vart kjent med ein ny by.






Vel heime, så var det vanskeleg å konsentrere seg om skulearbeid når vêret var så vakkert, havet lukta så godt og Skottland lokka oss med slott, sekkepiper og munros. (Skottland skal få eit eige, meir detaljert innlegg seinare.)







Etter å ha vorte forført av Skottland, køyrde bømlingen og eg austover og høyrde Hugh Laurie syngje og spele på Notodden Blues Festival.


Med alle desse gode opplevingane i kroppen, kunne eg møte hausten med nytt blod og konsentrere meg om å fullføre mastergraden min, men eg skal ikkje late som om det var enkelt. Nokre gonger frista det å berre gi opp og avslutte det heile, men eg heldt ut og leverte sidene mine om morgonen på bursdagen min og forsvarte det eg hadde skrive to og ei halv veke seinare. Ei av motivasjonskjeldene mine var ein tur til Oslo der bømlingen min og eg fekk vere med på innspeling av Nytt på nytt i lag med foreldra mine, noko eg har hatt lyst til å oppleve sidan eg byrja å sjå programmet i 2001. Eg fekk til og med klem av Knut!

I bursdags- og masterinnleveringsgåve overraska min kjære meg med tur til Krakow, noko som òg fungerte som ein distraksjon frå det faktum at eg skulle ha munnleg forsvar av oppgåva i nær framtid.








No er 18 år med skulegang over, og for fyrste gong på veldig lenge så veit eg ikkje kva framtida kjem til å bringe. Eg fylgjer med på jobbannonsene som vert publisert på Finn og NAV sine sider og prøver å finne tilbake til skrivelysten min. Eg ryddar og lagar orden i huset, vaskar klede, lagar mat og bakar og les bøker (berre fordi eg kan!). Og når roa har senka seg, og det einaste eg høyrer er vinden som ular i peisen og regnet som piskar mot stovevindauga, så går eg opp og legg meg ved sida av elsklingen min og sovnar til lyden av pusten hans. Og eg føler meg uendeleg heldig.