tirsdag 17. september 2013

Eg må besøke fleire skogar

Det er meininga at eg skal kjenne dette landskapet no. Eg skal kunne kodane og snarvegane og ha tilgang til rom som før var lukka. Eg skal vite kva som skjer vidare og skal helst ha ein plan for dei neste tjue åra, men alt eg veit er at:

- Eg har det best når me er i lag

- Teater gjer meg glad

- Traktkantarell veks i klynger

- Haustmørkret gjer meg trist

- Eg må besøke fleire skogar

torsdag 12. september 2013

Amanda Fucking Palmer House Party

Amanda Palmer er ein slik person som gir alt av seg sjølv og som ikkje er redd for å bråke. Ho syng songar om kva ho vil, ho seier kva ho vil, gjer kva ho vil og kler seg naken om ho vil; samtidig som ho har eit stort hjarte og passar på og strekk ut ei hand til dei av oss som ikkje tør eller ikkje klarer å bråke. Fordi alle kan ha godt av å bråke i blant. Amanda er opptatt av å sjå folk, sjå dei i auga, fordi me er menneske alle saman.


23. juli i år drog Guro (ei veninne) og eg til Røyken, ein stad me aldri hadde vore før og sannsynlegvis aldri kjem til å besøke igjen. Me tok toget til Røyken fordi 40+ framande menneske hadde stolt på kvarandre og gått saman for å få Amanda Fucking Palmer til Noreg. Me var samla til ein husfest som var meir ein hagefest - eg kalla det for ein minifestival - og me snakka, song og grilla i lag og hadde norsk (og finsk) språk- og geografiundervisning, foreina av kjærleiken til denne artisten som treff oss der me kjenner det mest.







Guro og eg var dei fyrste der, me åt vassmelon med vertane me møtte for fyrste gong i Oslo dagen før og høyrde på Guro spele kalimba. Då Amanda kom hadde fleire av festdeltakarane funne vegen til lysningen blant trea og me enda opp med å sitje i ring på graset og snakke. Og det var så naturleg! Nokre meter frå meg sat ho eg lyttar til nærmast dagleg og det var fullstendig naturleg, ho var som den kule storesystra alle ville få eit ord med for å snakke om gutar og jenter og skjegg og tatoveringar; ikkje den internasjonale artisten som er gift med Neil Gaiman og turnerer verda rundt.

Amanda song seinare på kvelden, me song med henne, ei som heitte Maia varma opp for henne og dei song duett, me lo i lag, eg heldt tilbake tårer og tok bilete, alle tok bilete og song og åt og blåste såpebobler og Guro og eg tok siste toget tilbake til Oslo (i lag med ein gjeng andre), men ikkje før me fekk sagt farvel til vedunderet som ser deg i auga og kyssar deg på kinnet før du drar.






tirsdag 3. september 2013

Mi hand i di

Eg er full av stumme skrik eg vil du skal høyre om eg klarer å sleppe dei fri. Tankeflugene mine er slitne no, opptatt med slikt ein ikkje kan endre; urett som skjer i ei verd langt frå her, ei verd rett utanfor døra mi, ei verd på skjermen.

Eg vil nå ut til deg. Snakke om korleis alt var før, korleis huset såg ut og om du nokosinne elska nokon igjen etter han var borte, men eg skjøner ikkje kva du seier gjennom støvlaget.

Verda var di, ein gong, før ho byrja å gjere vondt og slutta å gi meining. Du hadde fylt ei heil bok med alle stadene du skulle besøke og når eg var gammal nok skulle du ta meg med.

Kan du ta meg med no?

Desse gatene er ikkje mine lenger, eg har gløymt kvar dei endar og vil ikkje vite av dei om me ikkje kan gå her i lag, slik som me må ha gjort før. Mi hand i di.

Eg har leita etter handa di sidan det. Om eg leitar lenge nok, om eg ynskjer det inderleg nok, får eg kanskje igjen halde handa mi i di og endeleg vite at eg er trygg.