torsdag 3. september 2009

Å elske

Det er skummelt å gå på universitet.

Det er skummelt å gå på førelesingar, fordi sjølv om ein forstår det som vert sagt, er det likevel så mykje større enn ein sjølv. Det er ikkje å sitje med læraren ved sida av seg og prate om livet, eller ha blikkontakt medan han skriv på tavla om den franske revolusjon eller det moderne prosjekt. Det er gjerne i eit stort auditorium med fleire hundre studentar som går på ulike linjer, og seminargruppene skal hjelpe, men kva rolle speler ein eigentleg? Kven er ein i dette store fellesskapet der ein stort sett føler seg einsam?

Det er skummelt å skulle skrive 1500 ord om FN og tortur, sett i lys frå to ulike moralfilosofiar, og det er skummelt å allereie i neste veke ha skuleerfaring der ein skal stå litt i bakgrunnen og observere niandeklassingar i frå åtte til tre kvar dag.

-

Men eigentleg har eg det fint, eg er berre oppe litt for lenge fordi i morgon (som er i dag) byrjar mi siste langhelg før vekene vert rimeleg fullstappa av førelesingar, seminargrupper og reflekterande tekstar som skal inn, der ein må sjå seg sjølv i eit metaperspektiv og Imsen er visst nok ein pedagogikkgud.

... Kanskje eg berre skal leggje meg.