torsdag 13. august 2015

Læraren til Christine er ein drake

Det tok tid og krefter å få det bekrefta, men no er Christine overbevist: Læraren hennar er ein drake.

Ho byrja å mistenke det mot slutten av den fyrste månaden, då ho skulle gå heim for dagen og såg frøken Fransen stå gøymt bak ein av bossdunkane på parkeringsplassen. Det var nokre meter mellom dei, men Christine var sikker på at ho såg noko gløde i munnen til læraren hennar.

Christine veit ikkje så mykje om drakar, men ho veit at dei kan ikkje brenne seg på sine eigne flammar. Det har noko å gjere med korleis kroppane deira ser ut på innsida; som om dei er brannsikra. Kanskje heile kroppen til frøken Fransen er som ein brannstasjon, med vasslangar, sprinkelanlegg, og brannsløkkingsapparat. Kanskje heile magen hennar er full av vatn og skum.

Medan dei var på skulen, gjorde ho alt ho kunne kome på for å avsløre frøken Fransen, men ingenting fungerte. Ho passa på å stille så mange spørsmål som mogleg i timane, slik at ho kunne sjå etter røyk eller flammar medan frøken Fransen svara henne, men det einaste som kom ut av læraren var ei sterk kaffiande og lange setningar utan komma.

Sidan spørsmålsstrategien ikkje fungerte, byrja Christine å mase på frøken Fransen. "Kanskje ho berre viser drakenaturen sin når ho er sint eller stressa," tenkte Christine, "Slik som herr Eilertsen i 4B som vert forvandla til ein snegle når han køyrer bil."

Det einaste masinga førte til var ein telefonsamtale mellom frøken Fransen og foreldra til Christine.

Christine prøvde å forklare situasjonen, men foreldra hennar forstod ingenting - som vanleg. Det var ikkje før dei møtte på frøken Fransen på nærbutikken at Christine endeleg kunne bevise det ho hadde snakka om det siste halvåret. "Mamma, pappa, sjå! Eg sa jo at frøken Fransen var ein drake! Ho står rett der borte og sprutar røyk ut av nasen sin!" Foreldra hennar berre lo og sa at det var slikt nokre vaksne likte å gjere, og at det ikkje tydde at dei var drakar, men Christine visste betre.

Ho kunne skimte vengene under vinterkåpa.