torsdag 25. august 2016

Gøymeleiken

Du står i eit hjørne og øver deg på det stiligaste trikset ditt. Når du lukkar auga er det som om du forsvinn inn i veggen. Du høyrer alt og ser alt, og ingen veit at du er der. Bak dei tunge, mørke gardinene ser du alle bilane som køyrer opp til huset. Det er så mange bilar at dei tar opp heile gata og du lurer på om naboane kjem til å klage. Kan naboar verkeleg klage på ein dag som denne?

Du er glad for at det er sol. Du vil at alle skal forbinde denne dagen med sol og varme. Ein slik varme som omfamnar dei og gjer at dei føler seg trygge.

Huset byrjar å fylle seg opp av slektningar som ikkje har sett deg sidan konfirmasjonen din - eller kanskje det var dåpen - og vener som drakk øl med deg sist helg. Du lurer på om det er nok mat. Folk reagerer så ulikt på ting som dette. Nokon klarer ikkje å slutte å ete, medan andre ser ut som dei lever på vatnet dei sjølv produserer.

Du føler at du burde hjelpe til, men det er så fint å stå stille i hjørnet og berre observere alt. Det er som om du ser livet ditt frå eit nytt perspektiv. Alt verkar så enkelt. Kva var det eigentleg du var redd for?

Seremonien skal til å starte. Mora di kjem ned trappa. Det er tydeleg at ho har det vondt, men heldigvis kan ho halde bror din i handa. Når ho står på podiet kan du nesten nå henne.

Ho byrjar å tale til dei som er der og du vil ikkje gøyme deg lenger no. Du har lurt dei lenge nok. Det er på tide å kome fram og overraske dei. Dei kjem til å verte så utruleg imponert når du plutseleg dukkar opp ved sida av mora di. Ho klarer ikkje å snakke meir fordi tårene tar overhand, så no er det din tur. No skal du ta over. Du må berre kome fram.