mandag 18. februar 2013

Det finst ingen(ting) betre


Det er overraskande lett å gløyme at du som les denne bloggen ikkje nødvendigvis kjenner meg. At eg ikkje berre kan sende deg ei melding og spørje om du vil ta ein kopp te, sjå ein film eller gå ein tur bort til Nordnes, heilt til Akvariet og så tilbake langs Strandgaten og ned til Bryggen, inn til der den store trefisken og ynskjebrønnen er.

***

Eg var ulukkeleg forelska i ein mann med altfor mange ansikt i nesten seks år, og eg skjønte ikkje kor mykje det forma meg i dei åra fordi eg var for opptatt med å leve det og vere i det. Tankeflugene mine var for opptatt med å fantasere og drøyme og analysere og overanalysere heilt til eg var ein klump som græt, var ekstatisk av glede eller eit nervevrak, avhengig av kvar me var i den forvridde syklusen vår.

Med andre ord så er det ikkje rart om du ikkje skjøner kor stort og utruleg og tidvis uverkeleg det er for meg å kunne skrive at eg har ein å elske som elskar meg tilbake. Ein som gir meg sommarfuglar i magen, ein eg kan vere fullstendig ærleg med og som får meg til å le sjølv når eg græt. Ein som ikkje berre er kjærasten min, men som òg er min beste ven.


Så i det store biletet, når mørkret ikkje vert for overveldande og panikken for studiet er litt på avstand, så har eg det vedunderleg fint. Eg har ein å sovne ved sida av som vekkjer meg ved å halde rundt meg med heile kroppen, før me står opp og har frukost i lag. Det finst ingen(ting) betre.

onsdag 13. februar 2013

tirsdag 12. februar 2013

Livet akkurat no

Livet er her,
akkurat no,
rett framfor auga mine.

Av og til ser eg på det med ærefrykt, andre gonger omfamnar eg det som eit gammalt tre som treng litt ekstra kjærleik.

I blant held eg det på avstand, fordi alt skjer for fort og for sakte på same tid og eg trur eg veit kva eg vil, men i neste sekund har eg ombestemt meg og det er så få ting eg veit heilt sikkert.

- Eg veit at eg elskar deg.

- Eg veit at dagane vert lysare.

- Eg veit at alt ordnar seg så lenge du held rundt meg.

Livet er her, akkurat no.
Eg kan sjå det,
røre ved det
og sovne ved sida av det.

Men eg veit ikkje kva det vil med meg.

søndag 3. februar 2013

Idétørke

Eg har eit namn, gøymt i blodårene mine ein stad.

Eg veit eg har eit namn.

Kanskje om blodet mitt og eg møtest langs vegen, så kan det fortelje meg kven eg er og kva det er meininga at eg skal gjere med livet mitt, fordi her eg er ute og vandrar i ørkenen er det idétørke.

lørdag 2. februar 2013

Now Is Good

Being with you.
Being with you.
Being with you.

Just being with you.