torsdag 28. januar 2010

Å mimre

Dette innlegget kjem ikkje til å vere særleg originalt, men det kjem frå hjartet.

Ein vårdag i 2004 (04.04.04) vart eg, etter slight pushing frå Silje, medlem av ei nettside som viste seg å vere eit heilt univers. Har Topp20 hatt særleg tyding for meg i oppveksten? Nei, ikkje eigentleg, men nettsida deira var ei heilt anna historie. Backstage var namnet, for oss på innsida gjekk det som regel under akronymet BS, but it wasn't bullshit, ladies and gentlemen:

Backstage gav oss debattar, ei moglegheit til å poste kreative kreasjonar og mest av alt: eit samfunn. Eit nettverk av, kanskje ikkje likesinna, men dog frisinna menneske. Unge representantar frå vårt langstrakte land som visste kva dei snakka om, og som hadde interesser ulike som natt og dag, men som likevel kom (stort sett) overeins.

Det var gjennom denne nettsida eg møtte Ane, Bella, Elisabeth, Guro, Inger Lise, Lene, Neda, Oda, Vixxen...

På ei lita detektivferd for å finne ut kva dato eg fyrst møtte Elisabeth, gjennomsøkte eg ei gigantisk sko(støvlett)eske, for så å logge inn på den for lengst nedlagte, men framleis opne sida, og etter fleire tusen sider i gjesteboka mi fann eg støvlagte samtalar med mine no nærmaste vener, samt nokre som har falt gjennom sprekkene.

Det handla om menneska. Backstage vart aldri det same dei siste åra, og moderatorposten vart stadig meir krevande med nye medlem som ikkje visste å respektere det som for oss var ein stad der me kunne utfalde oss, fri frå dømming og stygge blikk. Men eg angrar ingenting.

Takk, Backstage. Og takk til alle dykk som eg er så utruleg glad i.

mandag 4. januar 2010

Ein ny vår

Det er klumpen i magen og tåka i hjernen. Tårene som ikkje kjem og dagane som passerer utan at det eigentleg går opp for meg. Det er den same gamle julestjerna i det same gamle vindauget, adventsstaken i det eine av dei tre kjøkenvindauga og eit juletre som framleis får stå på den tradisjonelle staden i stova, men ingen lyspærer over hovudet som seier at muren er nede. Mobilen seier 2010, og eg tenkjer det må vere noko galt med han, at eg har mista han i golvet og at han har gått til byrjinga av eit nytt år som ein automatisk innstilling, men alle insisterer på at me har hatt nyttårsfeiring, og eg har snurra rundt med stjerneskot og gitt klemmar og kyss; likevel veit eg ikkje kvar hovudet mitt er.

-

Eg kjente ei kvinne med lange negler. Ho song når ho laga mat, og mannen hennar kyssa henne i nakken. Kvilande på fanget strauk ho neglene over deg; over ryggen, armane... Ho masserte hovudbotnen din og kitla deg så vidt i sida, for å ertande vite om du var vaken. Ho lukta av blomar; bortgøymte sommarminne med symjeturar under himmelen. Og midt i alt dette, dette hypnotiske duftuniverset, låg du trygt i famna hennar medan ho dyssa deg inn i ein ny vår.