torsdag 29. april 2010

A Single (Wo)Man










"A few times in my life I've had moments of absolute clarity, when for a few brief seconds the silence drowns out the noise and I can feel rather than think, and things seem so sharp and the world seems so fresh. I can never make these moments last. I cling to them, but like everything, they fade. I have lived my life on these moments. They pull me back to the present, and I realize that everything is exactly the way it was meant to be."

søndag 25. april 2010

Things I love

- Å ha ein besteven som leier meg gjennom slangeavdelinga i Akvariet i Bergen medan eg stirer på golvet.
- Barn med Hello Kitty-veske på ein (hard) rock/metal-restaurant/utestad.
- Vener.
- Fiskar.
- Å nesten byrje gråte fordi det er ikkje rett at alle dei dyra lever i fangenskap, men akvariet hjelper i det minste artar som er utrydningstruga.
- Trommemusikk.
- Å føle meg trygg fordi alle rundt meg stråler av kjærleik.
- Pingvinar.
- Dory-fiskar (Regal Tang) og Dory Jr.-bamsen min.
- Å kjenne at det er godt å leve.

tirsdag 6. april 2010

Tankar frå ein busstur (på etterskot)

Det viktigaste er kjærleiken.

I dag har eg mottatt seks tekstmeldingar og alle har vore frå mamma. Eg har site på ein buss der den andre av dei to kvinnene som vekselvis sat ved sida av meg heitte Evy, og begge hadde blondt hår. På ferja var det ein mann som nøys og høyrdest nesten ut som pappa, men pappa er heime og han gav meg ein god klem før eg dro.

Eg har i løpet av bussturen lese ei inderleg fin bok og tenkt kor godt eg likar ordet "inderleg". På bussen var det ei jente som var omtrent like gammal som Børre, og så lenge hovudpersonen var i New York, tenkte eg på Nøve, medan eg tenkte på Mariell gjennom heile boka.

Ein dag skal eg dra til ein framand by og spørje folk kva som tyder mest for dei og om dei har nokon å elske. Til helga, når to skumle fyrsteutkast har vorte innlevert, skal eg sjå etter bankebrett og oppleve ein fin film.

Eg veit ikkje meininga med livet, meininga med å leve eller kva det tyder å "verte noko". Eg har få ambisjonar og små draumar, men eg veit at det viktigaste er kjærleiken. Det viktigaste er å elske.

Og så lurer eg på om forfalne hus vert triste når ingen gjer noko med at dei står der og døyr.